Det følgjande er eit utdrag frå boka Og livet gav meg gleda... av Anne Stølen 1993.

I Raggsteindalen

Av Anne Stølen

Ein av dei fyrste arbeidsplassane i ungdomsåri var på turisthytta i Raggsteindalen. Må sea at eg hadde mine fyrste ungdomsår i Raggsteindalen og heime på Villand, hjå Liv og Lars. Eg var der i fem år, og har soleis mange minnu derifrå.

Det var stor ståk um våren då sumarsesongen vart fyribudd på alle måtar, og det sama um veten, til påska. Men sumaren var nok den finaste tide her uppe i fjelldalen.

På turisthytta var det mange gjester, og mange kom att år etter år. Og det var ekstra triveleg.

Det var imponerande koss dei fekk til alt, utta vegsamband, og utta dei hjelpemidler ein fekk seinare. Det fyrste «kjøleskåpet», til dømes, vart ordna ved at Lars bar all ferskmaten og grov ned i ei snøfonn, eit stykke unna.

All veden vart hogt der uppe og køyrt fram med hest. Alt som skulle til om veten vart frakta med hest.

Og om sumaren var det hest frå Hovet til Strandavatnet, og båt over.

Mykje slit for dei som stod for alt dette. Og ikkje minst for vertskapet. Alle måtte stå på!

Men for oss var det mange triveleg dagar.

Det er so mange lovord, um so mangt, den storslagne naturen, det gode miljøet, og all den gode maten. Det var ofte slikt som ein ikkje fekk andre stader, den tide då.

Strandavatnet var nok ei god matbu, og den feite og raude fjellørreten var på bordet kor dag i ein eller anna variasjon.

Det gode grunnlaget for denne turisthytta vart nok lagt i desse dagar.

Ungane, Sissel og Pål, var to som skapte liv og rørsle i kvardagen, med moro og påfunn, og dei vart ein del av livet for uss alle. Påsken var jamt noko spesielt. Dette vidstrakte snølandskapet med det mektige Hallingskarvet i bakgrunnen, eit syn som kunde trollbinde nokon kvar. Enten det var solskin eller måneskin, låg desse kvite viddene og glitra og skein med sine snøkrystaller.

Dette kan ikkje beskrivast. Det må opplevast.

Og desse bileti kjem ofte framatt i minnet.

I påsken var det alltid fullt hus, og det kunne bli trongt um plassen. Men tak over hovudet fekk alle.

Ein påskeeftan kom det storinnrykk og det fanst ikkje ei ledig seng. Kva skulle ein så gjera? Spisestugu vart rydda og det vart lagt madrassar på golvet.

Og dermed fekk alle både mat og seng.

I Raggsteindalen var det elles skikken i dei dago, at påskemorgon skulde alle ha kaffi og nysteikte fløytevaflar på sengen. Og det vart då eg som serverte gjestene på golvet, der dei låg i rad og rekkje. Dei syns dei hadde det svært so bra, og ga uttrykk for det, og, om innslaget med servering. Humøret var på topp, og det kom mange morosame replikkar.

Eg spurde om dei vilde syngji «Påskemorgen, slukker sorgen». Jau, det vilde dei. Og eg skal sea det var gutar som kunde syngji!

Det vart med eitt ei fin påskestemning i turisthytta i Raggsteindalen.


Sist oppdatert: 2005-04-08
Per Villand