Avskrift ved Kåre Olav Solhjell.


Verdsleg ja, eller morosamt...

Sverre Åker i samtale med Birgit Villand, den 10. mars 1986

Sverre: Den som har oppnådd pensjonsalderen, er sikkert spent på koss alderdommen vil møte ein. Det er store forbetringar på helse- og sosialsektoren. Men ennå så står me framfor mange uløyste oppgåver. Her på Geilotun har me møtt ho Birgit Villand frå Hovet. Ho er ikkje langt frå 88 år, og ho har heile sitt liv ofra seg for dette. Ho har blant anna vore sjukesyster lenge, og det skulle då vere interessant å høyre om hennar livsgjerning, om barndommen, ungdomstida og utover. nå har eg lyst til å spørje deg: Du vart fødd på Villand i Hovet?

Birgit: Ja, i den gamle stova som står på Nesbyen.

Sverre: Kor mange syskjen var de?

Birgit: Me var 12.

Sverre: 12, ja. Det var mange gutar og jenter, det då?

Birgit: 4 gutar.

Sverre: Og den eldste, det var?

Birgit: Det var Lars, som eigentleg skulle heitt Pål etter far hans far. Han far var frå Nygard i Skurdalen, men måtte ta namnet Villand då han kjøpte garden Villand. For han som heitte Elling Villand, han var ikkje gift. Men mor hans levde. Ho heitte Åse1 og var frå Vestlandet. Og ho levde til ho var over hundre år. Og så hadde han familie, han hadde slekt i Gjivsjord, Dybsjord altså, så dei arva alle dei pene tinga, då han vart borte.

bilete

På Villand ca. 1920. Birgit Villand nr 2 f v, Pål Villand nr 1 f h. (Alle bileta er frå fotoalbumet til Billa)

Sverre: Mor di, kom ho her frå Ustedalen?

Birgit: Ho kom frå Øvrejorde, ho. For ho Gomo, som var frå Nordre Tufto, ho var gift til Øvrejorde.

Sverre: Å ja, det var gomo di som kom herifrå. Og det var altså same garden som han Herman Tufto...

Birgit: Nei, frå Nørdre. Han Herman var frå Søre Tufto.

Sverre: Og kor langt uti ungeflokken var du då?

Birgit: Eg var nummer fem.

Sverre: Du vart lite tå ei barnepike du då, for dei yngre søskena dine. Eg har høyrt det, at du har alltid vore så barnekjær. Og det kom seg vel tå det at du hadde så mykje søsken å ta vare på?

Birgit: Ja, eg trur det. Ja, og så var dei slik alle. Mor og far, òg. Dei var slik at dei var så veldig glad i ungane sine.

Sverre: Ja, det tvilar eg ikkje på. Du prata noko om mor di, når ho kom dit. Korleis var det... Korleis var det forlangt at ho skulle gå kledd?

Birgit: Ja, han kårmannen forlangte at ho skulle ha hette kvar einaste dag, for å vise at det var kjerring på garden.

Sverre: Og det kom ho til bruke?

Birgit: Heile tida. Ho tok med seg hetta og fyra i omnen og sette på kaffikjelen, og når kaffien kokte, sette ho på seg hetta.

Sverre: Ho kunne vel ikkje gå med hette i fjøset?

Birgit: Jau då. Ho hadde berre eit tørkle over. Og så var han far mest i fjøset. Han var så glad i dyr, han far. Og han stelte mest i fjøset.

bilete

Sissel Villand f 1868

bilete

På Storesteinen i 1914. Billa til høgre.

Sverre: Kven var det som var lærar i Hovet den gongen?

Birgit: Me hadde ein som heitte Løken, i frå Hemsedal. Det var den første læraren. Og så begynte eg etter jul. Og så meinte han at eg var så flink, slik som dei andre søskena mine. Ho Kristi, syster mi, var så glad i å rekne, så ho kunne rekne før ho begynte på skulen. Men eg hadde berre lært å skrive tal. Men då kom læraren med reknebok, at eg skulle rekne, slik som dei andre. Og eg fekk ikkje dette til, for eg berre skreiv tal. Og så kom han att, og peikte, og så sa han til syster mi, ho Kristi, som eg sat ved sida av, så heile klassen høyrde det: «Har ho tungt for seg?»

Sverre: Presten, kven var det?

Birgit: Det var Narum, og han var så snill og hjerteleg på alle måtar, forståelsesfull. Han sa me skulle ikkje ha lekser. Han meinte me hadde lært alt, både forklaringa og bibelhistoria på skulen, så me skulle berre lære utanåt to salmevers. Men viss me hadde noko å spørje om, så kunne me berre spørje om det.

Sverre: Ja, hadde du noko å spørje om då?

Birgit: Ja, det var forskjellige som hadde spørsmål. Og eg spurde, og sa det at eg hadde så lett for å bli så sinna, eg var så snøggsinna.

Sverre: Då var nå ærleg, med då!

Birgit: Ja, det var første budskapet me lærde heime, å vere ærlege. Det gjekk ikkje an å skulde på nokon. Me måtte si det som det var. Det var nokon som hadde sagt at me berre kunne skulde på djevelen. Men hos oss vart djevelen, det vart rekna som ei banne det.

Sverre: Det var strengare den tida, enn det har vorte i dag. I dag har det vorte så verdsleg, alt muleg.

Birgit: Verdsleg ja, eller morosamt.

Sverre: Jasså du, du spurde Narum korleis du skulle gjere med det?

Birgit: Ja. Han sa det at det er nok ein del som har lett for å bli sinna. Men ein må berre erkjenne det, og så be om forlatelse. Så er det betre å vere på den måten, enn å gå å vere fornærma og ikkje prate med folk. Det kan gå fleire dagar. Så då vart eg trøsta.

Sverre: Det var det dei kalla for å gå og vere «punkjin».

Birgit: Ja, ha. Det var eit godt ord.

Sverre: I dag er det slikt prat om å ha vekelønn, og alt. Du nemnte lite grann om dette der, kva de fekk.

Birgit: Ja, me fekk ti øre kvar laurdag. Som me skulle ha på sparebøssa fordi at me ikkje drakk kaffe og et sukker. Eg veit ikkje kvar han far hadde lært at det var gale, men han hadde nå det. Men så gjorde eg det som var verre. Eg stal sukker. Me hadde ei slik fin sukker... sølvkopp liksom. Med ei stor, pen sølvskei nedi. Og eg anste ingen. Men så såg dei det at den vart sleven, den skeia. Det var berre klumpar. Og så sa dei det at, «men er det du som stel sukker, Billa?» «Ja...» «Men det må du aldri gjera, for då kjem du inkje åt himmelen». Og det har eg hugst på.

Sverre: Det har du hugst på, ja. Du var på stølen med, du?

Birgit: Å ja. I mange år. Og der likte eg meg veldig godt.

Sverre: Det var oppi Raggsteindalen.

Birgit: Me reiste som regel opp i midten av mai, i stor snø, med geitene. Me hadde over 60 geiter.

Sverre: Og det var mor di og...

Birgit: Nei, det var ei. Det var einaste, og så ein mann som skulle vere med og veda. Så me var åleine då, så lenge me hadde berre geitene. Og kyrne kunne ikkje komme før det vart... Før det gjekk an å komme fram. For det var stor snø på vestsida. Me brukte ei fonn, som me kalla for Resestølfonna.

bilete

Resetølsfonna seinare på sommaren, i 1925.

Sverre: Så den låg nørdst i Raggsteindalen, eller nørdst i fjorden?

Birgit: Nei, det var åna det.2

Sverre: Å, det var åna det.

Birgit: Strandafjorden den var ikkje så stor som nå, den gongen.

Sverre: Var det nokon turisme inne der, den tida?

Birgit: Det hende at det kom av og til. Nansen var der, for eksempel.

Sverre: Han gjekk på jakt inni fjella der, så vidt eg veit?

Birgit: Nei, eg trur ikkje Nansen gjekk på jakt, eg. Han var for snill til det.

Sverre: Han var på reinsjakt inni der, med gamle dokter Bruun og Ivar Slettemoen, har dei fortalt.

Birgit: Å, var han det?

Sverre: Ja, så du var...

Birgit: Og så hugsar eg at det kom ein svensk baron som hadde gått seg vill oppå... Han budde på Finse, og så hadde han gått seg vill oppå Skarvet. Og han skulle til Haugastøl, og han kom til oss ved halv firetida om morgonen. Så ho mor hadde så vidt kokt kaffien. Og det var veldig vanskelig å få han til å forstå at han hadde vingla. For han meinte at Haugastøl var Trondsgard som var som fint oppbygd, og låg lenger heime.

bilete

På Raggsteindalen turisthytte i 1924.

Sverre: Så du vart på stølen i... Kor mange år var du på stølen då?

Birgit: Å ja, det var mange.

Sverre: Du var på stølen til du vart vaksen?

Birgit: Å ja, kvar sommar. Det var ein sommar eg var onnejente, men det likte eg ikkje. Det vart for mykje til oppvartning. Slåttekarane, det var fire, og dei skulle ha kaffi på senga klokka halv fem om morgonen. Dei hadde det godt karane, før.

Sverre: Alt for godt!

Birgit: Nei då! Slik skal det vere. Mannen skal vere herre i huset.

Sverre: Men det vart vel litt mykje det, på ei rakstejente. Der skulle ho stelle maten, og raka.

Birgit: Ja, og så skulle ho... Og med dei slipte, så skulle me lage til fyrebete.

Sverre: Og så kom dei inn att når ho var ti?

Birgit: Ja, men dei arbeidde etter dei hadde ete fyrebete. Då hadde me ofte havregrynsuppe då, og smør og flatbrød og ost og gamalost og forskjellig slikt. Det var fyrebeten. Og så var dei ute og slo, og då måtte eg ut å breie, raka og breie fôret som dei slo.

bilete

I slåtten på Villand

Sverre: Dei kvilte både til dugurds og til...

Birgit: Ja, men så, viss det var varmt, så skulle dei ha som drikke, så skulle dei ha bleng. Det var den beste tyrstedrikken som fanst. Om våren så laga dei til ei stor bytte med sur mjølk. Og ei stor bytte med søllmjølk. Og den søllmjølka den skulle kokast og settast i balen, og så havast i den bytta me kalla for søllmjølk-holken. Og den heldt seg like god heile sommaren. Og den var akkurat som den som blir kalla for kefir i våre dagar.

Sverre: Det var fleire hundre liter i nokon av desse holkane der?

Birgit: Ja, det måtte det vere. Og så det rare var det at den sure mjølka den delte seg, slik at osten låg under, så det vart på ein måte myse. Og det kalla me for bleng.

Sverre: Det vart mykje å koke då, på stølen, når det hadde så mykje geiter og kyr?

Birgit: Å ja!

Sverre: De hadde vel minst to kjelar då?

Birgit: Å ja! Me måtte sete på... Derfor så måtte me mjølke geitene først, då. For å få på ystinga. For når me hadde så myke... Og yste to firekilosostar og ein kilosost når dei var på det beste.

Sverre: Den stod vel og kokte om natta med, den?

Birgit: Nei. Me måtte gjere han ferdig. Og så var det mykje arbeid med å røre han og føye han. Og så skulle me dra han gjennom ein kvern, så han skulle bli riktig fin. Og så skulle han ligge på eit brett som me hadde spesielt til det, og smør. Før me la dei i desse kistene. Og alt dette måtte me ha ferdig før geitene kom og skulle mjølkast om kvelden.

bilete

På stølen i Raggsteindalen i 1924. Billa til høgre.

Sverre: Du fortalde meg at du hadde vore på husmorskule.

Birgit: Ja, på landbruksskule, heitte det. Det er det som er Lien Landbruksskule. Og den var annakvart år i Numedal og Hallingdal. Og Kristi syster mi, ho hadde gått i Numedal. Men ho gifta seg når ho var 18, ikkje riktig 18 år, då. Og eg gjekk i Hemsedal. Då ho Kristi gjekk, då var det ein bestyrar som heitte Birkeland. Men me hadde Andres Haug frå Ål som bestyrar på landbruksskolen i Hemsedal. Og den var i Kyrkjebygden. Og då køyrde me med hest frå Villand, og overnatta på Granheim, og køyrde vidare. Og eg og ho Mari Haug, syster til bestyraren, fekk bu på eit pensjonat, i andre etasje. Der var det ei brei, stor seng, så me låg i saman. Ho var meir vaksen ho. Ho var så flink og så snill på alle måtar.

Sverre: Du fekk eit tilbod frå ein landbruksdirektør. Det må me få høyre litt om.

Birgit: «Forhenværende» var det. Landbruksdirektør Hirsch som hadde vore direktør på landbrukshøgskolen, han... Eg les i Nationen, etter eg hadde gått på den landbruksskolen, at han ynskte «en dannet bondedatter for hygge- og nyttepost hos forhenværende landbruksdirektør Hirsch». Og eg sende attestane frå landbruksskulen og frå folkeskulen, og så fekk eg brev. Han hadde undersøkt kva folk eg var av, det høyrde eg etterpå. Og så fekk eg brev at eg var ansatt. Men så kom eg til å tenkje på det etterpå, at det stod «dannet bondedatter». Og eg var ikkje dannet. For me hadde ei som me kalla fru Hansen, som var så pen på alle måtar, som hadde så pen framferd, så me kunne ikkje samanlikne oss med henne. Og så var ho bestandig så pent kledd. Og prata så pent. Og dei sa ho hadde vore i Danmark på dannelsesskole. Så då skreiv eg tilbake og takka for det at eg skulle få posten. Men at eg måtte opplyse om at eg ikkje var dannet. Men då fekk eg eit nytt brev om at ei bondedatter som er «oppalet på en gård med mange mennesker og dyr, hun er dannet», med strek under.

Sverre: Og du fekk posten!

Birgit: Ja!

Sverre: Du skulle gi han kaffi på senga, første dagen du var der?

Birgit: Ja, det var mi første oppgave, å gi han kaffi på senga. Og det var dotter hans som var husholder. Og ho hadde laga til eit brett med kaffikanne og ein stor, pen porselenskopp med ei stor skål og fløyte og sukker og kaker, og så ein liten ostebit. Eg lurte på kva det skulle vere til. Men då eg gjekk opp troppa, så følgde både hunden og katta med. Og eg kom inn og sa «god morgen», og då sa han «god morgen» og sette seg opp i senga, og eg sette kaffibrettet foran han. Men så fekk eg beskjed at eg skulle ta denne vesle ostebiten og gi til katta. Og så laga han til på den store kaffiskåla sukkerbitar og masse fløyte og tømte på kaffi og så skulle eg ta den skåla og sette på golvet så hunden skulle ha. Og så forsynte han seg sjølv. Han gav seg god tid.

Sverre: Og hunden drakk kaffi, med?

Birgit: Ja. Hunden drakk kaffi.

Sverre: Vart du der i mange år, då?

Birgit: Nei, du veit eg måtte heim att på stølen.

Sverre: Du måtte det... Men så kom me innpå det som du har brunne for aller mest. Dette med sjukepleie.

Birgit: Ja, det var så mange som hadde tuberkulose. Og eldste syster mi, som var gift i Sigdal... Svogeren hennar hadde tuberkulose og låg heime. Så ho vart smitta. Og var på sanatorium. Men det var ikkje noko håp. Det var kome så langt. Ho var gift og hadde to småe. Ein gut og ei jente. Og hennar største ynskje var at ho skulle dø på Villand, der ho hadde hatt sin lykkelege barndom. Og det ville mor og far så gjerne. For då hadde me bygd, så me hadde så god plass. Det som dei hadde tenkt å ha til kårhus, der budde dei, då. Mannen og ho og ungane. Ho var såpass ho greidde å stelle seg sjølv, til å begynne med. Men ho vart verre og verre. Den sommaren var eg åleine på stølen. Og ho Sissel, syster mi, var heime hjå henne mor, og så stelte ho ho Anne. Men så kom ho til å tenkje på det at... Ho ville gjerne dø på Villand. Men ho syntest det var mest riktig for ungane og for familien at ho vart begraven på familiegravstedet i Prestfoss i Sigdal. Så då hadde me ein enkel begravelse på Villand, og me køyrde kista med hest til Hol stasjon, og ho Sissel og eg me sykla etterpå. Og så sende me kista. Den vart sendt til Krøderen, og vidare med båt. Og så møtte dei med hest, og så hadde begravelse på Vik i Sigdal.

bilete

På Villand 1920. Birgit nr 2 f v.

Sverre: Var det då du gjekk inn i sjukepleien, då?

Birgit: Nei. Det var ikkje det. For det at det var så mykje å gjere heime. Eg var nok stølskjerring.

Sverre: Ja, vel. Kor gammal var du, då du begynte i sjukepleien? Du var ikkje stort meir enn 20 år vel?

Birgit: Jau, eg var vel det. Då det leid utpå vinteren, fekk eg brev frå han landbruksdirektøren, då var han flytta til Lillehammer. Eg fekk brev, om eg ikkje kunne komme att og hjelpe han med noko kontorarbeid. For då eg var hjå han til å begynne med, så lærde han meg å skrive på maskin, og... Og lærde meg mange ting, slik. For han skreiv landbruksartiklar i ni forskjellige aviser, rundt heile landet. Så eg tok gjennomslag då. Så eg vart liksom ekspert som kontordame. Og så fekk eg brev då, frå Lillehammer, då hadde han flytta dit, om eg ville hjelpe han, for dotter hans var så overanstrengt og skulle gjerne kvile. Og han hadde ei hushjelp til å stelle huset. Om eg kunne hjelpe han med slikt kontorarbeid som eg hadde gjort før. Og så var han med på slike landbruksmøter då. Og me vart bedt til Aulestad til han Erling Bjørnson, og... Og fleire slike størrelser vart me bedt til. Og den dagen eg kom, så ville han gjere opp, og betale meg reisepengar: Men det hastar då ikkje det, sa eg. Jau, det må du love meg, sa han, at du aldri er skyldig eit menneske nokon ting. «For jeg er en gammel mann, og jeg kan dø hva tid som helst.» Og det gjekk ikkje meir enn 14 dagar, så fekk han hjerneblødning. Og då kom jo heile familien. Men han var lamma, men han var besvisst, men han kunne ikkje seie noko. Dei fekk ei menighetssøster til å stelle han, og då var eg med henne, og stelte han. For me måtte jo vere to stykke. Og så kan eg ikkje gløyme det takknemmelige blikket me fekk då me hadde stelt han, og gitt han litt drikke. Då bestemte eg meg for at då skulle eg bli sjukepleierske.

bilete

På Fagernes Hotel i 1923. Kanskje med Hirsch og dottera hans?

Sverre: Du snakka om at du vart innlagt på sjukehuset for blindtarmen. Kan du fortelje lite grann om det?

Birgit: Ja, eg hadde lege... Eg hadde vore heime og kasta opp i fleire dagar, så blindtarmen hadde gått i stykker. Så det hadde vorte bukhinnebetennelse. Så då eg kom til Drammen sjukehus, var det ein lege, han berre tok på magen min, og så sa han: «Opereres med én gang». Og så sa han til ho Sissel, syster mi, at ho måtte ikkje reise heim att, for han trudde ikkje eg kunne greie det.

Sverre: Nei vel... Det var nokså alvorleg, det.

Birgit: Ja. Då, mens eg var på operasjonsbordet, så bestemte eg meg for at eg skulle begynne i sjukepleien, slik eg hadde bestemt før, men gått attpå.

bilete

Lillhammer 1926.

Sverre: Javel. Det kom til å bli mange år. Du var på Solør, blant anna, i mange år.

Birgit: Ja. Først var eg på Lillehammer sjukehus, då, i to år som eg hadde teori og praksis på dei forskjellige avdelingane. Og så var eg i tre månader på tuberkulosehjem på Ringsaker. På Lillehammer var eg Betania-søster. Og på Ringsaker var det menighetssøster, som bestyrerinne. Og dei var veldig strenge. Det var ikkje slik som på Lillehammer. Men i andre etasje var det tuberkuloseavdeling, og det var der me var. Og der hadde dei ei veldig kjekk sjukepleierske frå Trøndelag. Og der var det ikkje lovleg å ha formiddagskaffe. Men ho gjekk ut på byen ho, og kjøpte både kaffe og kaker, ho avdelingssøstera frå Trøndelag. Og då sat me der og kosa oss. Og så kom oversøstera da: «Men er dere alldeles gal!», sa ho. «Sitte her og hefte bort elevene! De skal jo arbeide! Kom hit og ta litt, så tier du mens du tygger», sa ho. Og så kom eg til Molde sanatorium. Der var det veldig hyggelig tone, og der hadde me både formiddagskaffe, og... Og me hadde det så koselig. Molde er jo rosenes by. Og der var det flink lege, som var medlem av Nasjonalforeningen. Og der var det berre slike 17-18-åringar som låg og venta på døden, og så...


Sverre: Kva sa han?

Birgit: Då sa overlege Folkestad: «Det er først da du begynner å leve. Det først når du dør... Det er først da du begynner å leve.» Og så tenkte han seg litt om. Og så sa han. «Og men det er sant det dokter!» Og om ein halv time var det slutt.

Sverre: Kvar kom du til å reise derifrå, då?

Birgit: Då eg var ferdig i Bergen, då begynte eg her i Hol, då. Og så gjekk eg på helsesøsterkurset då, i 1931, i Oslo.


Sverre: ...rundt på gardane

Birgit: Ja, og pleie dei som var sjuke. Og då var eg hjå henne Sigrid Sletto.

Sverre: Og dokteren den gongen det var?

Birgit: Det var Bruun.

Sverre: Han Sigurd, og han Gamle-Bruun? Ja, dei var flinke.

Birgit: Ja, enestående! Og eg veit, etterpå, når eg var ferdig, og var heime på ferie, då ringde... Då hadde dei kontortid på Håkonset. Kvar fjortan dag, trur eg det var. Då ringde han og ville få prate ved meg, og då sa han at det var ein som ikkje... som hadde vore hjå han til undersøkelse, og så hadde han ikkje skjorte. Og han sa namnet på han. Ja, me hadde skjorter på Villand. Og så, neste gong han kom att, då hadde han ein heil sekk med tøy som han hadde fått hjå søskena sine. Til og med ei som me kalla for Ågot Tos, som gjekk rundt og måtte låne telefon på liksom og ringe heile tida, ho fekk fin pelskåpe. Alle sammen vart oppkledd frå topp til tå. For det var ikkje berre i Solør det var fattigdom.

Sverre: Det var ikkje sjukestugu, den tida, her.

Birgit: Å nei!

Sverre: Ja. Kva synest du om dette her. Når du skal fø i dag, så blir ein sendt heilt til Ringerike, kanskje?

Birgit: Ja, eg synest det er fælt. Det var ein plass eg var, altså. Det var ein sjåfør, han vart reine eksperten til å ta imot ungar. Han innretta seg slik, han gav seg god tid, slik at dei kom for seint på sjukehuset, og så tok han imot ungane sjølv, han.

Sverre: Når du hadde vore her i Hol... Var ikkje du borti Finnskogen med, så?

Birgit: Ja, då begynte eg borti Solør då, der eg fekk slik mottakelse på denne garden, veit du. Dei hadde så mykje dyr. Så der var eg i fleire år. Men så kom eg på eit sted... Eg fekk beskjed av doktoren då, den snille doktoren. Men der borti, der hadde dei ikkje hatt skolebarnsundersøkelse. For der var det ein lege frå Oslo, som hadde sikra seg det distriktslegeembetet. Og han interesserte seg berre for penger. Så når dei ringte til han, så var det første han spurde etter: «Hvem betaler?» Forsorgen, var det. Det var ein gut på tre år som hadde sett seg nedi ei kokande log-gryte. Mor han hadde vaska klede, men så sette ho gryta på omnen, mens ho la på ringane på den omnen, og sette vesle guten seg nedi, og var så brent heile vegen. Både leggane og låra. Og då dei ringde til han, så sa han det at... Ja, han spurde kven som skulle betale. Når dei sa det var forsorgna, så sa han at «da må De gå og kjøpe matolje og ha på». Men dei eigde ikkje penger. For bankane dei var jo gått. Dei som hadde pengar i banken, dei fekk ikkje ut eit øre. Og ikkje var det arbeid. Då gjekk dei til naboen, og han tappa olje av motorsykkelen. Og så hadde dei desverre hatt på det. Og det vart den fælaste betennelsen. Så då hadde ikkje eg noko anna å gjere enn å ringe til denne snille dokteren, han heitte Bjørneby, og var slik som Bruun, og spurde om han kunne vere snill og komme. Nei, det kan eg ikkje, sa han. For da tar han seg heilt belg3 på meg. «Men du må bare ringe til meg», sa han. «Bare ring hver dag, og jeg skal kjøpe på apoteket og sende ned det dere skal bruke, og forsøk med det og forsøk med det...» Og eg gjekk der kvar einaste dag, og skifta på han med salve ein dag, og hadde me borvannomslag éin dag, og så hadde me andre omslag éin dag. Han sende frå apoteket og hadde betalt sjølv. Og så skulle eg ringe kvar dag, sa han, så han fekk høyre korleis det var. Og så sa han det at han hadde hatt ei heimepleierske, og han sa det at «du som er utdannet sykepleierske kommer til å reagere på det rådet jeg gir Dem nå. Men jeg har hatt fine resultat av liggesår ved å legge på plaster. Så da må du legge på plast. Jeg skal sende flere plastsneller fra apoteket. Og så må du legge på hele gutten.» Og det gjorde eg med stakkaren. Men du veit han hadde slike smerter. Men eg fekk samtidig noko medisin, så eg skulle gi han smertestillende, da.

Sverre: Korleis gjekk det med han då?

Birgit: Han kom seg. Ja, tenk, han kom seg. Han skulle ligge eitt døgn med det plasteret. Når eg tok det av, då rann verken ut. Så det fløymde nedover. Og det var det som redda han. Og så begynte eg med borvannomslag då. Og så med salve, og me bytte på forskjellig. Eg gjekk der i seks veker, kvar einaste dag. Når den vesle guten såg eg kom syklande, så begynte han å illskrike. Og det var ikkje noko rart. Men det rare var det... Vi hadde slik skjermbildefotografering der. Det var vel i 1950, trur eg. Så kom mor hans bort og helsa på meg, og takka meg for at eg hadde redda guten. Og då spurde eg om guten var der, og eg fekk sjå på korleis han såg ut. Det var kvite striper over det heile. Han hadde ikkje vondt av det, ikkje det minste. Han var i fullt arbeid, han. Skogsarbeid. Det rare var det, at mor hans var dotter til ein tater, men mor hennar var frå ein stor gard i Valdres. Ho var så reinsleg, endå ho hadde berre det eine rommet. Berre eitt bord, og det hadde den guten lege på. Dei sat rundt omnen og åt, også hadde dei ei seng

bilete

«Lillegutt 14 dagar gammal»

Sverre: Du vart ein fem-seks år der borte?

Birgit: Ja, eg vart vel omkring det.

Sverre: Du var rundt med skjermbildefotografering?

Birgit: Ja, men først var eg hjå fylkeslegen i Hedemark. Han kom... Då det ikkje hadde vore slik undersøkelse på ungdomsskolen i Solør. Morsyster til ho Tone, Reime altså, ho hadde gått på den skulen. Og der var det 9 unge jenter som var død. Og det var han dokteren, han Oslo-dokteren, han hadde ikkje gjort nokon ting med det. Og henne var det kome så langt med at ho hadde smitta syster si på 15 år slik at ho fekk tuberkuløs hjernehinnebetennelse. Såleis vart det oppdaga at ho hadde tuberkulose. Og så då sette fylkeslegen i gang slik undersøkelse, og då viste det seg det at det var ein lærar som hadde lungeblødning. Dei fann blodute lommetørkle. Han var det som hadde smitta alle. Alle desse ni som døydde. Dette var når eg begynte der det. Dette var i 1931, det. Det var ei katastrofe.


Birgit: Då ringde han til meg. Då var eg opptatt i pleie. Og då var det... Då hadde dei bedt om ikkje eg kunne vere der siste natta ho låg der. Og han forklarte meg kva eg skulle bruke som middel. Og han hadde ein ny medisin der då, og kva eg skulle gi henne viss ho fekk åndenød. Eg skulle sette ei sprøyte med allminneleg naftadråpe. Det hadde eg aldri høyrt før. Men eg behøvde ikkje det. Me hadde det så koseleg. Om ei stund så sa ho det at «Å, søster Birgit, eg har så lyst på kaffi», sa ho. «Men du må koke så mykje at det blir til deg òg.» «Å ja», sa eg, «no skal me kose oss». Og eg kokte kaffi, og ho drakk og me kosa oss. Ho var så strålande... Ho var så nydeleg den jenta. Men ho var så forberedt på å dø. For det hadde ho vore lenge. Ho berre gledde seg ho. Men så plutseleg begynte det å forandre seg på åndedrettet. Så då var eg inne og henta foreldra som låg på soverommet ved sida. Dei hadde mista to før, foreldra, så dei var forberedt på det, dei.

Sverre: Du har sikkert stått ved mange alvorlege...

Birgit: Å ja. Men eg vart så opplært hjå ho gomo og han gofa, då eg var hjå dei på Øvrejorde, når han gofa laga likkister. Då fekk eg leike med høvelflisene. Og han forklarte meg om alt, frå livet til døden. Han sa at når eg vart fødd, så var eg ei gave frå Gud. Og eg vart lagt i ei pen vogge, som det var så fine materialer i, for det var bjørk. Det var det, virkeleg bjørk som var så fin. Og så den han hadde gjort ferdig, den var til henne gomo, og den var av gran. Men han syntest det var godt nok med furu til si kiste. Men så gav han seg tid og så tok han av loket til den kista som ho Gomo skulle ha. Og der viste han meg det fine svøpet som ho gomo hadde vove av ubleikt lin. Og bleika på snøen, og sydd som fine overdeler med, kva heiter det, angar, og trefellingskrok, og fine rynker. Og så kvitt og fint, eg synest eg ser det for meg. Og så la han på lokket, og så... Den gongen når dei ikkje brukte kransar, så la dei på eit stort åkle. Som gøymde heile kista. Og så sette han på den sjuarma lysestaken som var støypt på Øvrejorde. Den var svart, men så var det nokre blekko, slike støypte blekko, og dei var raudmåla. Og så hadde ho Gomo støypt sju såpass høge lys, av nyretalg i slaktinga om hausten. Så alt stod ferdig. Og slikt stod det i mange år, då.

Sverre: Fylkeslegen i Hedemark, han var sjefen din i mange år. Kan du fortelje litt om han.

Birgit: Han var alle tiders. Han la først og fremst vekt på smitta av tuberkulose og andre sjukdommar. Så førsteklassingane dei måtte ta med eit reint lommetørkle, og så lære å halde det lommetørkledet med venstre hand, når dei hosta eller pusta høgt. Og så at dei vaska seg på hendene kvar gong, før dei skulle ete, og kvar gong dei hadde vore ute på do. For det var så viktig at dei var reine på hendene, for når dei skulle ta i dørhandtak, så brukte dei alltid høgre handa. Derfor måtte dei bruke den venstre når dei skulle hoste. Dei var svære lærarane, for det vart eit veldig borthefte for dei då.

Sverre: Men dette var ein svært viktig ting å lære ungane.

Birgit: Det var veldig viktig. Og dei verka på heimane sine, slik at dei vart reinslegare, dei òg. Og når det var sjuandeklasse-elevar, som skulle gå ut av skolen, så forklarte han, særleg gutane, at nå når dei skulle gå ut i arbeidslivet, så hadde dei avgangsvitnesbyrdet frå skulen. Men den finaste attesten de kan vise fram, er ei reinvaska hand med kortklipte neglar.

bilete

«Erstad barnehjem»

Sverre: Kor kom du til å reise alle stader, på skjermbildefotograferinga, då? Var du ikkje heilt til Nordkapp?

Birgit: Jau då, eg har vore i alle kommunar i heile landet. Då reiste me med skjermbildebåt. Då begynte me på sildefiske på Florø, undersøkte alle sildefiskarane, først på Florø og så i Moldvær og så i Ålesund og så i Kristiansund. Og så reiste me med båten heilt til øverste kommunen i Troms, Torsvåg. Og der heitte det storsildfiske. Og så reiste me derifrå og etter heile kysten og ned til Lofoten. På Lofotfiske. Å, det var ein fryd å sjå korleis dei arbeidde. Det var nok ikkje stort mykje bøndene hadde å gjere, i forhold til dei.

Sverre: Korleis var helsetilstanden der oppover?

Birgit: Det var bra det. Men då me kom der til Røst, der er det nokså vêrhardt. Det var der ho Anne Moen frå Hovet var prestefrue. I Værøy og Røst. Røst, der er det altså så vêrhardt. Når me skulle skrive kort, skulle me skrive alder, og namnet på båten, og så skulle me fylle på namnet, då. Men så... Me var vel litt forvirra, så det var ei av oss som hadde gløymt å skrive på namnet på mannen. Og så fekk dei telegram frå Oslo at den mannen hadde åpen tuberkulose. Men kapteinen skjønte så vel kven det var, for alderen, den var oppgitt. Men ikkje namnet, og så båten var oppgitt, altså. Han visste med ein gong kven det var. Og han sa at han hosta så fælt, også. Men du veit han hadde smitta ut alle sine kamerater.

Sverre: Kor mange gonger var du heilt opp til Nordkapp?

Birgit: Det var sju gonger me feira jonsok på Nordkapp. Men så når eg vikarierte, så var eg òg så langt nord. Og så var me etter heile kysten då. Vadsø og Vardø og Kirkenes. Og i Vadsø, der var det hallingar, ser du. Pålgard. Nei, i Nordkapp kommune, i Honningsvåg, der var det Pålgard. Men nå er det fjerde generasjon, nå. Men første gongen eg var der, då var det gamle Pålgard eg prata med. Då spurte eg kor lenge det var sidan han hadde vore i Skurdalen. Og då sa han, ja huttetu, der er det så kaldt og fælt, der bles det støtt. Og så var han ved Nordkapp! Ein gong sidan eg var der så hadde han hatt besøk av brørne sine frå Amerika, og då hadde dei fått han med nedover. Så då hadde han vore og besøkt alle.

bilete

Sverre: Alle dei ungane du snakka om, som du har teke vare på, kor mange vart det i talet?

Birgit: Ja, det var nå i arbeidet hjå fylkeslegen, under krigen var det. Mødrene reiste frå ungane sine, med tyskarane. Til og med speiderleder reiste ifrå to pene små. Og dei minste fekk me anbragt på barnehjem. Det var eit stort svært barnehjem der eg var. Det var ei frå Gudbrandsdalen som var bestyrarinne. Og der hadde dei både kyr og gris og høner, og dyrka poteter og der hadde dei det som på ein gard, og der var dei lært opp til å arbeide. Men så... Det var ei jente på 12 år, ho hadde potetferie på skulen, og ho kom ikkje att på skulen, og dei måtte ringe til lensmannen, og då vart ho funnen i ein tyskerleir. Og ingen var meir forundra enn læraren. For ho var snill og blid. Ho var berre 12 år. Ho såg ut som ho kunne vere 15. Men stakkar. Då fekk eg sendt henne... Frelsesarmeen hadde ein heim i Oslo som heitte Hasleheimen, og der hadde eg seks slike tyskerjenter før. Og så kom eg med henne òg, då. Og der lærte dei husholdning og håndadarbeid. Og alt gjekk med liv og lyst, slik som det gjer med Frelsesarmeen. Men då ho hadde vore i to månader, så kasta ho seg ut frå andre etasje. Men ho øydela seg ikkje. Då fann dei ho att i ein tyskarleir på Lillestrøm. Og så sende dei henne til Hamar fengsel, då. Og fengselet i Hamar ringde til meg, for det var eg som hadde lagt henne inn på denne heimen. Og dei var alldeles fortvila, for tyskarane hadde teke fengslet, så dei hadde berre eit lite kjellarrom under menighetshuset. Og der sat jenta, forgrått. «Men at du ville gjere dette», sa eg, «du som hadde det så godt». Men ho svara at ho skulle aldri gjere det meir, «for du veit eg har lært mykje». Men ein av desse politimennene, han ringde heim til kona si og spurde om han kunne få ho heim. For dei visste ikkje kva dei skulle gjere av henne. Det syntest eg var enestående.

Sverre: Er det nokon sang eller salme du kunne ha tenkt deg til slutt på dette her?

Birgit: Eg har ein som eg likar så veldig godt. Som me brukte så mykje heime: «Jesus styr du mine tanker. Jesu la meg leve så, at hvor jeg i verden vanker, et Guds barn jeg være må. At hver stund jeg ånde drager, Gud til ære, meg til gavn. Og så dør når deg behager, i det kjære Jesu namn. Amen.»

Sverre: Takk skal du ha.


Merknader

  1. Ho heitte retteleg Kari og var frå Ål.
  2. Ho meiner nok her at det var over elva og ikkje fjorden dei gjekk på ei fonn.
  3. «Gå belg» vart brukt om kyr som gjekk amok, belja og angreip folkPLV

Sist oppdatert: 2000-12-28
Per Villand