Frå Dølaminne nr. 1 (I), 3 (II) og 4 (III), 1920.


Stronde og Strondingane

Ved Olav Larsgaard

I.

Nordanfor Sunddalen, nordmot høgfjellet strekkjer Strandafjorden seg like inn mot Skarvet. Denne Strandafjorden ligg der breid og djup med mange smaaelvar som tillaup.

Ein kann nemna Tyrvla som kjem ned Tyrvlesskardet ved Tyrvlesnuten. Innfor denne nuten ligg Tyrvlesvatni. Der var det av dei vissaste reinsgjengor fyrr i tidi. Innfor tjørni i nordaust er det kjende Storfonnløype.

Faa stelle er det vel drepe so mykje rein gjennom tidene som der. Det var der Aadne Eggen kasta seg paa ei svimeskoti simle — og denne ris upp og set avstad med han radt nedtil Tyrvlesnuten fyrr han fekk fram kniven og fekk stungi ho.

Lenger nord kjem Skarvaane fossadn. So har me Finnebøttaane og Raggsteindøla fraa nordvest. Fraa vest kjem Faugeliaane og søre Raggsteindalsaane.

Fraa sudvest kjem Vierbottaane ogso kalla Byrkedalsaane. Denne siste fær eit tillaup fraa Revufonnkjødn.

Vestre luten av Strandafjorden nordfor Stryknasfjorden og Strykn ut for Oddestølen over mot nordvest fram um Lambeholmen til nordre Leinelandet kalla dei gamle Faugelivatnet. Den øystre luten kalla dei Strandavatnet. (Sjaa herum delekontr. ang. Faugelivandet og dets elver 1752. Daa deler Knut Hallvorson Larsgard — Erich Jakobson Ruud — Ola Tolleivson Willand og Kari Larsdotter med laugverge Guttorm Sanderson Holen Faugelivatnet millom seg.) Erich Ruud fekk største luten. Same aar er det dele paa Strandasida og. Der og fær Ruud den største lut.

Etter heile Strond'n var det fyrr vetrebuande folk. Desse folki livde sitt eige stille og ville fjellmannsliv. Over fjellet kom dei i samband med Leirdal og Harang. Anten for dei gjenom Kyrkjedøri og over Haringvidde eller og nordover gjenom Steinbergdalen til Leirdal. Sikkert og visst er det at her eingong har vore livleg samkvem millom halling og sogning og haring. Og ein tarv visst ikkje tvila paa anna dei fyrste som sette seg ned nordmed Strondi var fraa nordkantane. Sume fortel at eingong var skogen so tjukk og sver etter Strond'n at dei kom kje fram, men laut fara høgrre uppi. Gjenom Kyrkjedøri har bispane fare i gamall tid.

Mest kjend er ferdi aat Kong Sverre gjennom Kyrkjedøri. Det fortelst at han kom fram paa Skardsgard. Men anten no dette er Skardsgard i Sunddalen eller det er Skardsgard i Vats er uvisst. Det lyt dei lærde slaast um. I Fagerdalshamni er funne ein spjutsodd. Det kunde daa tenkjast at det var etter Sverres folk — at dei har funne et for klokast aa halda austover fjelli og soleis kom ned i Vats paa Skardsgard der.

Vegen um Strondi kom fram att gjenom Grønsætlidi og so fram ved Bry. Sume segner peikar paa at kong Olav og hev fare denne vegen. Det er soleis St. Ola's kjeldor etter denne leidi. Den eine av desse er ikkje langt nordanfor Bry (nær der Birgit Bry slo Gunvor Moen forderva med kanteføllhakka so ho døydde av saari).

I denne vegen gjenom Grønsætlie er ei dyssa som ber namnet Fautedyssa. Der skal ein av dei gamle fautar ha ride av og falle i søyla. Derav namnet.

Alle som skulle fara over fjellet Steinbergdalsleidi ell so var inne paa Strond'n og kvilde seg. Stundom vart dei ute for uvér so dei vart liggjande vérfast. Ofte spurdest, dei aldri att dei som fór denne leidi.

Det er ei lang soga um alle dei folk som forkomst paa fjellom millom øvre Hallingdal og fjordbygdene. Eingong fór 14 hallingar og «normennar» over fjellet, og dei fleste kom burt, fortel ei segn.

Dei som budde på Strond'n hadde skyldfolk baade lenger heimi bygde og nordanfjells. Dentid var det ikkje blad og brev som bar tidend. Den eine fortalde til hin. Dei vart soleis reine meistrar i forteljekunst dei gamle strondingar.

II.

I gamall tid var det ikkje vondt um mat paa Stronden. I fjellom var det rein og rjupar nok, og fjorden var rik paa fisk. Aakrar hadde dei og paa Stronden. Der syner eikru nok enno. Paa Øsmundset fekk dei korn som vog 22 merk settongen. Some stader ser ein steintreur. Slike er det serleg mange av i Ynglesdalen. Dei slettaste av deim har visseleg vore kaalhagar. Dei visste nok ikkje av jordeple før i seinare tid, strondingane heller. Det som det likevel kneip verst um var grjonet. Men naar det skorta paa det, «so var det kje anna gjera enn seta osten og smøret jamsi's paa skjivju aa æta taa di» — som ho gamle Ragnhild Raggsteindalen sa.

Furuskog voks og paa Stronden. Vestanfor Ynglesaan er svære furulæger aa sjaa enno i myrom og paa sume sandrear der ved fjorden. Ogso paa heimsida har vore furuskog. Det maa vera med sanning at skogen var so svær nedved strondi at dei laut fara høgre uppi nedunder Blaabergi. Det syner forvel slæpa enno.

Audleg var det ikkje paa Stronden. Der ferdast folk vet og sumar alt til Bergensbana tok til. Daa flutte folk or fjellom. Dei siste vetrebuarar var paa Øsmundset og Myrestølen og Lein. Men det var liksom desse folki aldri treivst so godt andre stader som uppe attmed Blaabergi og Ulvatsfjelli, Ynglesnuten og Einsetnuten.

Synst paa Stronden, litt nordanfor Kalken i Leino budde vetrebuande folk. Dei siste som var der var gamle Ragnhild Raggsteindalen og dotter hennar, ho Kari. Ragnhild var av Raggsteindølane og egte Villandskjempe, sterk og vill um det kneip,

Det var slik tøte i dei kvinnfolki av Villandsætti. Ho fekk dotteri Kari med Per Einsetlien — ein liten tusull son til Knut Einsetlien, død 3dje april 1833 og var daa 83 aar gamall. Ho Ragnhild vart fælande hatig paa Per daa han ikkje vilde ha henne, men gifte seg med ei som heitte Borghild. Denne Borghild tente i Larsgard og var fyre paa støle — paa Gurostøle. Daa var det berre aane som skilde millom Einsetlii og Gurostølen, og'n Per vilde burtpaa til'n Borghild. Han tok sin hest og reid paa vadet nordanfor Liahølen. Men han dreiv av hesten og fekk so vidt berga seg inn paa den øyi som er rett nedanfor Gurostølen. Der stod han og skreik til Borghild kunde reka relur og anna ut til guten sin og berga han i land.

Ein gong etter at'n Per var gift med'n Borghild laag han i Myrlandplasse og kvilde. Som'n laag der kom ho Ragnhild Raggsteindalen og inn. Ho vart var sin Per i sengi. Daa fata ho ein mett vatssaa som stod der og kvelva uppi sengi til Per. Kva ho sa og kva Per sa er gløymt.

Ein gong kom ho Ragnhild til Einsetliien med'n Per var heimi bygdi. Daa tok Ragnhild til aa halde i'n Borghild. Borghild varde seg i det lengste. I siste liten kom, som lukka var, han Per. Daa var eine haarfletta hennar Borghild tæa'n sliti, og mest livlaus var ho.

Ragnhild var støytande ill naar nokon kom nær henne i hamnene. Dotter til gamle Nils Grøvo gjætte hjaa 'o Per Villand i Trondsgard og var fyre paa stølen. Hamni hans Per grensa inn til Leinehamni. Daa kunde ho 'kje koma nome nær grenseskilet før ho Ragnhild kom sendande med sin staur utover vollen med bann og leven so det var spøkjileg. Og gjenta torde 'kje koma der for alt i verdi.

Ein gong vart det kavende burte ein sau for gjætleguten hennar Ragnhild, han Steingrim Halfardokken. Daa vart ho Ragnhild fraa seg mest, huga og skreik og forbanna seg, «hugast du 'kje kjøt, du graabein»! sa ho. Ho illtenkte guten for at'n skulde ha slagta og nytta sauen sjølv.

Kari var den som tok styrnaden daa Ragnhild vart for gamall, og ho var daa snillare og mildare enn mori. Det var slikt hus der i Leino at ho kunde vera der med baade kyr og geiter under eitt tak. Og so fine kyr som ho Kari hadde var det snaudt aa sjaa andre stader. Fyre uversbus stengde ho vel att, so det ikkje dreiv inn. Sidan dreiv huset ned. For det kann drive paa Stronden med dei hengbratte fjelli rundt i kring. Framfyreaat hadde ho sytt seg til med ved og vatn, so ho platta seg lange heimane. Dei saag berre det rauk upp or snøfonni hjaa'n Kari daa.

Beit og ved drog ho Kari heim sjølv. Daa hadde ho paa seg karmannsklæde og sleit som ein kar. No hadde ho alt ved husi og inni husi, baade for og ved og mat. Naar so uveret lena, so laut ho maka seg trappesteg upp daa or hiet. Det var so behendigt med di før, at dørene jamt gjekk inn.

Men grannane hennar Kari vilde vera leide daa ho vart gamall. Naar ho var i skogen og sleit, so kom dei uppaa brøto — der dei hadde snaror — og so lurde dei seg ned og skamstal den gamle kroken.

Ein gong — det var visst i 1860 — kom det ein storflaum. Daa gjekk der ei skridu ved Leino. Ho Kari vart fraa seg av redsla. No laag gamle Kari stødt til sengs. Og so hadde ho laant ein katle hjaa frenden sin han Tor Villand. So fata ho kjelen og sprang vesti lidi med han. Kjelen hans Tor Villand laut bergast, for han var laant. Folk lo aat dette — at ho hadde berga kjelen og let mori liggja. Men det hadde vel sin grunn i di at mori var for tung, og at ho vilde katlen skulle bergast for han Tor.

Ovtruen var ho Kari, som dei var mykje kvendi førr. Ho hadde jamt tysbas nedi saltet. Det var raad mot haugafolki det. Namnen hennar, ho Kari Villand, let aldri fraa seg mjølk før ho hadde brendt paa ein brødmole og havt over mjølki og vigsla ho. —

Paa Syregarden og Laukegarden skal ha vore vetrebuande. Ein attlagd støl heiter Paalgjerdudn, og ein Metteholet. Der støla ho Mette Stydno. Paa Vesle-Olagarden og Nilsegarden var vetrebuarar. Likeso paa Hølgjigarden meir sørpaa Stronden.

Gamle Hølgjigar'n hadde Haugen i Sudndalen og, han. Dit flutte han naar det leid paa vetren noko, daa det vart nustre i fjellom.

Eingong som'n flutte, bar det so til:

Dei var komne heimaat Hølmo, me kalla, — so saag'n seg attende, Hølgjigar'n. Fekk'n so sjaa det brann i stugun sina, som han nett flutte i fraa. So stod dei der og saag paa eit lite bel. Det brann fort i den feite veden. Rett som det var, flaug husi i lufti med eit fælslegt brak. Detta bisnast dei svært paa. Jau so kom dei paa koss det hadde seg: Um vetrane fekk det bu ein skyttar der, og han hadde ei kiste med krut og skyttri staaande i taki. Naar so elden kom til det, so sprang det heile i lufti.

Hølgjigarn var ein mann som heldt seg til Vaarherre med, han. Ein gong barst det til med eit fælt uver og heim kom dei ikkje. So vart det ende paa maten. Daa bad Høgjigar'n til Vaarherre. Som det leid paa ein dag, kom det dettande ein liten rein ned peispipa. Bui var so ned-drivi av snø, so det let seg godt gjera so utruleg det lydest. No var dei matberga ti uveret lena og gav seg.

Hølgjigarn var framsynt. Han var kjellarmann i det laget som stod i Hallsteinsgard, eller det var nørdste garden av Larsgard, der Fanitullen vart leten. Som Hølgjigarn kjem upp or kjellaren med ølskaali, staar han og stirer paa henne ei stund, — so segjer'n det: «Her kjem te aa skje mannslægt; men eg skal prøve aa avbea dæ, so de 'kji hende her førr paa trea mannseign». So vart det. Det barst til med drikk og slagsmaal so fælt. Kjemporne rangla daa sørover over Søre Larsgard og Ruud. Sy Firmælingi, me kalle, drap den eine den andre. Det synte blod der paa ein stein lenge. Ein stein var ogsaa uppreist der og stod til no nyleg ein skarv slo han sund i fylla. Han som drap sprang ned til elvi. Der sat han ved ei stor furu lenge. Daa folk kom til, kvarv han. Dei trudde det var hin som synte seg slik. Men det kunde godt vera mordaren. Den tid rømde slike og greidde seg soleis undan øksi. Sume segjer han sprang paa elvi. Tunna som hinmannen sat paa daa han let Fanitullen heitte Sveidn-tunna og var lenge til.

Daa Ola Myrvoll sette upp bud paa Hølgjigarden, fann han mykje brennt kol og glas og malm i den gamle tufti, — so det er med sanno at Hølgjigar'n ha budt der.

Paa Nilsegarden grov Andres Myrestølen ei tuft. Daa vart han var det laag ein stor stein der. Han kunde 'kje rikka han. So grov han under og sette vaagi paa. Daa fann han nedre luten av eit mannahovud der. Og kol var det der. Kannhenda der er hendt ei fæl ugjerning eingong. Eigaren drepen og huset brendt ned over hovudet hans. Andres vilde teke vare paa hovudskolmi, men so datt vaagi paa ho, og ho slost sundt.

Paa Myrestølen var dei siste vetrebuarar nordpaa Stronden. Der budde dei gamle Myrestølane, som var i ætt med Øsmundsetane, som budde paa Øsmundset. Ein heitte Tord Knutson Myrestølen. Han gifter seg 1832 med ei Margit Eivendsdotter Sekshus. Han er daa 32 aar og ho 28. Denne Tord'n var ein meisterleg hendig kar. Han var maalar (maala gamle-stugu paa Veslegarden), og han var fin sylvsmed. Han var svær til aa finne kolved. Den fann han sørpaa Jukule.

Ei tid budde han i Nygard. Ein haustmorgon la'n avstad skulde finne seg kolved. Han laante baaten hans Rognald Gudbrandsgarden og strauk i veg. Det var komen ein snø daa, so det var sleipt. Tord var uheppen sør i Jukule og velta over seg ein stein. Han vart liggjande under steinen og anka seg til det kom folk. — Og det vart lenge, det. Den tid for det faa folk etter den vegen. Endeleg hadde dei ottast ille og drog til leitings. Det var liv i han daa dei fann han. Han var sundslegen so det kom ut av innvoldom. Daa dei kom nordpaa fjorden eit stykke, so dø han.

Denne Tord'n hadde ei dotter, Ingeleiv. det var ho som drap baadne sitt i Kvednhushøle, og det var Knut Gudbrandsgard som fann det.

I Ulvatsbøtte var det folk til no nylegare daa Knut Uren selde det og drog til Aurland. Likesaa var det folk i Skriun um vetren.

Eirik, «Fløværingen» dei kalla, budde i Skriun. Han var i fæl uvenskap med Ulvatsbøttmannen. Han var gift med den vonde, trollkunnige Sebjørg, som gjorde ilt paa kryteri.

Eingong brann husi upp, der i Ulvatsbøtte. Kjeringi der var i kyrkja, og berre borni var att heime. Daa det brann, so sprang borni sør i Skriun, dei, til Sebjørg. Daa sa ho: «Koma de no stakkare, — e hadde venta dekkon førr, e». Dei trudde det forvisst at Fløværingen hadde sett varme paa husi for hennar skuld, difor sa ho Sebjørg det slik.

Tvo gonger strauk husi i Ulvatsbøtte i skriu. Ein gong dei gjekk i skriun, var der komen ein framandkar som vilde over fjelli. Daa kom snøskriu um natti og skauv uppaa husi taa fjøset, som var under. Det skauvst radt utpaa isen paa vatnet der. Framandkaren sprang til Øsmundset eller det var Myrestølen etter hjelp. Dei køyrde kyrne paa sleden til Myrestølen. Fjøset stod uskadd att, det, som lukka var.

Paa Øsmundset nær Myrestølen budde dei gamle Øsmundsetar. Dei var kjempor og ville og raa mest alle. Ein av dei var so spræk at han gjorde kast paa staalisen. Han spende hatten av hovudet sitt og stod still daa. Det var han som vart ihelkasta paa Kongsbergmarknaden daa han hadde rudt ei dansestove der. Det var ein som kasta inn ei krukke gjenom ein glugg. Denne raaka Øsmundsetkjempa i hovudet so han dø av det. Bror hans var med den gongen. Dei hadde handla fe. Ein dei kalla Øsmundset'n var styggjeleg sterk. Ein gong kom der ein mann fraa Luster i Sogn berre for aa dragast med han. Men Øsmundset'n vilde 'kji og bar undan.

«E har so for smaae henda», sa han og viste fram deim. «Aa e har so for smaae føta», o.s.b.

Men Lusterkjempa bar paa og maatte endeleg faa dragast. Daa endeleg hogg Øsmundsetn labbane burti han og tek med strake armar og klemmer han uppunder det sutute taksperret. Lusterkjempa bad vene søte og sa: «Me ska vera fine vener eg og du». Ja, Øsmundsetn let han sleppe or kluve.

«Koss kan det ha seg at de hallingadne æ so friske og mjuke og sterke?» sa Lustern.

«Dæ æ sureprime aa søtemjølkji som gjiri dæ», svara Øsmundsetn. Ofto var det smaatt for Øsmundsetn som sat der med ein stor lyd. So tok han to kalvar daa paa fødsle av han Yngle Dalen ein haust.

Som det leid til joland, bad han Yngle til seg Øsmundsetn fremmandkar. Han vilde halde seg inne med kjempun og gav han mat og dertil baade øl og brennevin flust. Som'n hadde faatt kjempa i maateleg godlag, saa spør ha mildt: «Koss leva kalvadn mine no»?

Daa sprette'n fram paa golvet, Øsmundsetn, og spende uppunder dei sotute slindane so det runde. «No dansa kalvadn hass Yngle Dale», sa'n og sprette seg so det var spel.

Han hadde slagta og ete upp kalvane, han.

III.

Aaret 1827 er det ein som heiter Knut Halvorsen Øsmundset fraa garden Veum i Aurland prestegjeld som blir konfirmera i Hol. Han er daa 26½ aar gamall. Han er paa ein annan stad uppgjeven aa vera fødd 1801. Same aaret 1827 er han gift med Sunnev Olsdotter Tufto or Ustedalen. Ho er dotter til ein Ola Nilsson og tente daa paa Bry. Men anten dette er den umtala Øsmundsettkjempa eller det er ein som har heitt Aasmund — det veit eg ikkje.

Ein av Øsmundsetane heitte Halvor (kanskje son av denne Knut Halvorsen?) Han var styggjeleg ill i huse og bar seg stygt, so som dei hadde for gjerd desse Øsmundsetane. Ein gong skreik han te kjerringi si: «Koka du 'kji no rjumegraut so ska e slaa de so heilen skvett!».

Knut var son til denne Halvoren att. Det var ein skøyrefant og so ill og grov. Det var etter honom han Knut Juvo heitte (han som dei sa var son hans Sjugurd Elendig, men som var son hans Guttorm Slaattun. Sunnev Juvo vart truga av Guttorm: «Gji du me upp som baadnfar, so skyt e de», sa han.)

Det var den tid han Bergkvamen laag i Ulvatsbøtte med fe.

So kom det til aa reise fraa han nokre uksar og heim til Øsmundset. Der hadde dei gjort noko skade, der. Knut Øsmundset trefte Bergkvamen og var styggvond og sa han laut bøte skaden. Nei Bergkvamen bøtte 'kje han, sa'n. Daa vart Øsmundsetn vill og reiv upp sin kniv og sa:

«So faar Blaaguten greie dæ daa», og sprang paa Bergkvamen, og Bergkvamen undan. Hin etter i fullt laup, bannande og sverjande at bøtte han 'kje so drap han honom. Tilslutt laut Bergkvamen gjeva seg, han. Daa vilde Knut Øsmundset ha slikt forlik som han sjølv vilde. Han vilde velja seg ut ei kyr or drifti og betala som han sjølv fann for godt. So vart det. Og det er sagt at det vart ingen ovpris betalt for den kyri.

Det hende dei gamle stal fe or drifter og slagta det og bytna det ned i urder.

Ein av dei gamle Øsmundsetar hadde ei slik bytte med kjøt, staaande ved Strondi i ei urd. So kom Kristiguten der framum ein gong og saag paa kjøtet. Best som det er, kjem Øsmundseten rennande der og skal etter kjøt og han har si øks med. No han ser Kristiguten der, so blir han vill og galen, kann du veta, og skuldar hin for tjuv og alt. Og Kristiguten var og ramkjefta. Øsmundsetn vil hogge ned Kristiguten med øksi si. Kristiguten dreg ein kniv. Slik skulle dei stande heile dagen og fiktast. Hov Øsmundsetn øksi til hogg, so var hin ferdig til aa springe under, og freista han aa hogga lægre, so var Kristiguten ferdig til aa bykse over. Dei maatte gaa fraa kvarandre utan aa faa rispa hol paa einannan dessmeir.

Kristiguten budde ei tid paa Garlid og ei tid i Olaslein. Det er etter honom det kallast Olasleine — til aa skilja det fraa Gauteslein, der han Gaute levde.

Kristiguten hadde fyrst Hølgjifløto. Han hadde ei byrse som heitte «Torsa». Ho var god som faa. Han sa det til kjeringi si, ho Helga, før'n drog vestover under Skorvi:

«Aa naar du høyre «Torsa» tek te raute, so kan du setta paa gryta, Helga».

Med han levde paa Garlid, skaut han sund byrsa som han hadde laant av Gudbrandsgardmannen. Daa bar Gudbrandsgardn seg ille. Men daa sa Kristiguten: «Daa ho vilde rjøke, so laut ho faa daa — e kunna 'kji halde'n, e».

So fekk han ei ny hagle. «Torsa» var reinsbørsa det.

I Ynglesdalen budde Yngle.

Um han var det mange sogor. Han var rik. Ei av døttrane hans reiste aat kyrkja og drukna i Garlidelvi. Ho skulde 'kje funnast att før nede i Torpo. Av stakken hennar skulde dei gjort altarklæde aat Torpo kyrkja.

Andre segjer at det var tvo som drukna av dætterne hans Yngle der i Garlidaan. Dei laut va der over fyrr. Og vadet var like ved store Garlihylen. Dei heldt kvarandre i hendane med dei vadde. Soleis rak dei av. Dei fanst kje att førr i Torpo. Daa tottest dette so underleg for mange at dei hengde stakkane aat dei tvær upp i Torpo gamle kyrkje. Gjentone heldt kvarandre i hendane daa dei fanst atter og, fortel segni.

Det maa vera grytt lenge siden han Yngle budde i Dalen. Venteleg er han komen fraa Sogn eller Harang. Han er lenge sidan gaatt over til aa verta ein segnfigur. Ein brote med segner var det um Yngle. Sume er meir som eit eventyr.

Eingong var han kome so kav taa dagastale at'n visste 'kje kor lenge det var atter til joland. Han snugga seg daa til og ragga heimover — skulde høyre kor langt det leid med tidi. Som'n kom framum Stryknasnose, (andre segjer Ynglesnuten) fekk'en høyre der kneggja og lo: «Ha, ha, ha, ha, ha, ha,» skrengja det. «Naatte ei og dagadn tveiæ æ dæ atte te joland! Aa'n Yngle i Dale ha korkje bryggja ell baka — ha, ha, ha!» Daa snudde'n Yngle med so gjort. Han viste nok, no, totte han.

Eingong skulde han saa spyrja etter noko so skull'n faa vismun om det. «Ko æ dæ so æ seigast te tusteband?» sa'n Yngle. «Kalvehals, du galne mann — ha dei helde spurt ette kor det ber taa bryggje løgji!» fekk han te svar.

I Ynglesdalen forkomst ein paa den visi at'n drakk kald mjølk um vinteren or ein holk som stod der. Dei bruka jamt aa la det staa att mjølk i fjello fyrr dei gamle — det var so visst det.

I Finnebøtte som ogso ligg i Ynglesdalen var der vetrebuande folk fyrr. Der skal ha budt finnar fyrst. Ein av dei finnane kom eingong heim paa Bakkin i Skarsetlien. Der var der ein gap som var so fæl ved finnen. Tilslutt vart finnen sinna og fjetra Bakkemannen til ei bjørk. Han kom kje fraa bjørki vissare enn aldri so ar — fyrr i kveldingen. Daa bad folke hans so tunt fyri han at han slapp. Ein kvernstein skal vera sett i ei myr der i Finnebøtte — av folk som no liver. Det gjeng segn um at dei treskte korne på Strondaise. Dette maa daa vera korn som har vokse paa staden.

Per Finnebøtte var gift med Sissel Kittilsdotter Veslegard. Ho var astadig som mor si, ho Gurid, som var syster til gamle Halvor Berg. Um denna Guria fortelst det at daa ho aatte ein son, skreik ho: «Ta'n i føtadn aa slø'n mot veggji!» Ho var jamt so grov og fæl, denna Guria.

Sissel, kona hans Per, vilde gjerne faa slagta nokre geiter som dei hadde. Men han Per vilde dei skulde leva.

Ein dag var Per Heimanfor eit erend. Daa fór ho Sissel etter han Gaute Lein og fekk han til aa slagte geiterne. Den tid Per kjem att, fær han sjaa slagtingi og alt vel faa-seg-gjort. Han undrast paa dette. Daa sa Sissel: «Hø-hø, du ska faa sjaa e æ kjend mæ følkji, e, — du ska sjaa e kjem heimi te følkji, e mæ».

Per kjøpte søre luten av Halvorgarden i Sudndalen. Daa'n køyrde dit, bruka han ein ukse som hest og køyrde alt sitt paa Halvorgarden.

Denne Per Finnebøtte var son til Elling Villand, som var bror til Per Villand.

I Gauteslein budde han Gaute. Det var han som gøymde Arne Eggen i sengeforet daa dei tok han. (Det skal eg fortelja um seinare).

I Raggsteindalen var tvo huslydar. Det eine folkeferdet var taa Villandom.

Den tid Birgit Bry slo forderva Gunner Moen med kantefølhakka so ho dø, laut mannen hennar bøte med garden deira, Bry. Sidan flutte dei aat Raggsteindalen.

Daa Tolleiv Raggsteindale laut ut i krigen i lag med bror sinom han Ola Villand so vart det smaatt for kjerringen hans Tolleiv som sat att der i fjello med ein stor baadnly. Ho tok med seg fleire av borni sine og drog til Harang over fjelli. Dei fingo veta taa vern dei gamle. Siste krigen, som var 1814, for det 16 strondingar og sudndølir ut. Det var mykje, det, det vorte snaudt ein fjordepart no.

Dei siste som budde paa Vetleolagaren miste den einaste son sin i Strykn. Der gaar elvi so tidleg upp der sy strykom un vaaren — so gjekk guten dit for aa skote endar. Han gjekk paa skeisor og datt uti. Han fanst aldri att. Sidan saag dei den arme faren og mori gaa der etter raaki og lyda kveld etter kveld. Dei lydde etter daudarord. Og so leitte dei etter guten sin og.

Paa Nilsegarden er det no lenge sidan det var vetrebuar. Det maa vera eit par hundrad aar sidan, minst — sidan det var folk aaret rundt der. Villand hadde langstøl paa Storestølen paa Stronden ei tid. Der skal det vera skrymt.

Fraa Ulvatsbøtten strauk det eingong 9 mann over fjellet vilde aat Aurland. Det var med Eirik var der som eigar. Dei bad han fylggja seg til Bølhøvd. Detta vilde han og, um dei ga'o 2 skilling til manns. Nei, dettan totte dei vart dvjugvore noko — so dei vilde fyrr freista sjølve.

Ein av deim, ein spelemann — meinte paa at'n var so kjend over fjellet at'n skulde finne fram um dei bundo plagg attfor augo hans dimeid. So for dei. Dei tok upp ved Sandbekken og burti Rossdaladn. Men der vart dei vildren i det fæle uveret. Dei skar sørover mot Langevatseggi. Der burti ved Vøllevatseggi ved Mjaasundet daue ein. Dei reiste han upp der ved ein stor stein. Bror hans skar or sylvknappane fyrr han drog vidare. No drog fire attende og kom attpaa Ulvattsbøtten um kvelden. Dei hine fire som livde flette paa i fjellom og fanst aldri att. Jau, det einaste som fanst att var feleskrinet aat spelemanen — det fanst paa Skorpun. Og det var Gamle Lars so fann det (Lars Gudbrandsgard ein av dei største veidemenn som Hol ha aatt, fødd 1808).

Mange folk har forkomest paa Stronden.

I Raggsteindølun drukna Holgi Slaattun. Ein taa Slaatten drukna i Bakkehellere. Torjus Sveingard drukna i Tyrvlesraaken. Tvo finnegjentor for upp med ein flokk reinsdyr ved Villand i Hovet og nor fjelli. Dei kom ned paa Strønden og ut paa Strondaisen. Sidan vart dei korkje høyrt eller spurt. Dette mins folk som no liver.

Det fortelst at Holgi Øverbakka gav Ola Dokken Finnebøtten for di «dei voro so goe vini!».

Nils Bakka som budde i Raggsteindalen skaut ein gong ein bjørn paa Raggsteinbreun. Han laag der sola seg um dagen. Gamle Øsmundsetn, goffa hans Knut Juvo, skamskaut ein bjørn paa Strondn. Denne krak um i ein urd millom Vardehovd og Tyrvlesnuten og daua der. Men dei fekk han ikkje fram att. Daa Andris Myrestølen grov i dei gamle tuften der paa Nilsegaarden, fann han og eit skallebein av eit dyr. Det ser ut for aa vera ein skalle av ein bjor. Kanskje der i utgamal tid har vore bjor paa Strondi? Heimi ved Høvsfjorden er det nokre vikar som dei kalla Bjørvikadn. Det skulde ogso tyde paa bjor. — Av andre funtor paa Strondi skal eg nemna ein pileodd av flintestein som Paal Aavavoll fann med han gjætte sau der. Men han var so kvimen han slo han sund der paa Myrestølen.

Ein av dei gamle Øsmundsetar (Halvor?) var so fælande frisk. Han gjorde kast paa haalisen. Og han spende hatten av hovudet med han sto rett og still. Han var ein rik fehandlar. Ein haust som han tura paa Kongsberg rudde han ein dansesal der.

Daa var der ei uvyrda som kasta ei krukke inngjønom ein glugg. Krukka tok Øsmundsetkjempa i hovudet so han seig. Han dø av kastet litt etter paa. Broren var med ham. Dei var velhaldne daa dei for til Kongsbergmarken — men daa broren drog heim var det mest inkje att av peingo.

Den tid var det som sagt fyrr, skog nok paa Strondn. Det fortelst at dei gamle skyttarar fann seg skibandviur ved Geiteryggen. Men dei gamle for ille med skogen, so øydest dei sjølve tilliks med skogen. So laut dei fara fraa den kjære Strondi si den eine etter hinn.

Nye ætter kom som vanvyrde eignerne. Dei selde jagtrettar og fiskerettar i fleng for mest inkje. Daa so Bergensbana kom so vart det slutt med trafikken over Strondi til Aurdal og Leirdal og Harang. Og vegane grodde i hop — og minni, dei minka um dei gjeve fjellbuarar som sleit sin dag millom dei blaae fjelli. Der dei veidde sin rein og si rjupa, flyg no ein graaspeklut bymann med bikkja si — — — . Og dei fer aat som dei var herrar fraa arilds tid.

Men nordi Aurdalen der ligg ein liten kyrkjegard med nokre smaa krossar paa. Der er det siste minne um dei mange som søv den siste svevnen etter kavet i snøhavet. Det er berre eit steingjerde um denne gravstaden — og no bur ingen folk der i Aurdalen lenger. Den siste som eg veit er lagd til kvile paa den Aurdalskyrkjegarden er Per Stugun. Han gjekk seg burt i snøfoket. Daa han gjekk fraa Myrestølen «maula» han so fælt. Det tydde feigd. Aldri kom dei att som snaava daa dei tok ut fraa siste kvilestaden paa Strondi. Det var so visst eit mark det.

*

Og so har eg gjort ein uvand skyldnad mot dei gamle forteljarare mine med aa rite upp desse smaasegnene som dei fortalde meg. Det skal ikkje gjera krav paa nokor uttømande soge. Det er meir som ein glytt ned i det rike segnhavet der den eine ser det og den andre eit anna. Av dei som har fortalt skal eg nemna: Sunnev Juvo f. 1827 d. 1918 — ho fortalde um dei gamle Øsmundsetar — likeso Ola O. Larsgard, f. 1827 d. 1916. Han fortalde um Lusterkjempa som drogst med Østmundsetn og um finnane som trolla o. m. Ola Myrvoll f. 1837 — fortalde um Hølgjegar'n og Yngle Dale og Østmundsetn og kalvefødnaden hans.

Sidan har eg ymse fraa: Herleik O. Kvanneberg, Andris Myrestølen, Ingebjørg Kvanneberg, Ola Raggsteindalen, Knut Nygaard og mange andre.


Sist oppdatert: 2000-10-31
Per Villand