Frå Dølaminne nr. 1 og 2 (s 42), 1927.


Jungen

Ved E. Bækkestad

Langt nordi fjellet ligg ein fjellstrekning, som heitar Jungsdalen. Han høyrer Hol til, men ligg paa grensa mot Fødalen i Aal.

Han gamle Tor Knutsen Øen eller Lappegaard fortel at i eldgamall tid budde det i Jungsdalen ein dei kalte «Jungen». Han budde der aaleine og dreiv med veidn, fisking og kryter. So var det ein gong han hadde faatt vitsmun um at eit røvarfylgi hadde tenkt seg til aa vilde ta paa han og røve han.

Daa han venta dei, stelte han seg til med ein primsodning, og daa røvarane kom og vilde brjote seg inn, fekk dei den kokandes mysa i augone, so dei maatte gje upp ærendet sitt.

Denne same Jungen hadde gjenom aari samla ein mængde «heilepeing» (=sylvdalarar), so han hadde mett tvo koparkjelar av desse sylvpengane. Desse pengekjelane gøymde han under «Syrstrandfossen» (i Fødalen), og der staar dei den dag idag.

Naar soli renn um morgonen og skin inn i fossen, logar det raudt av kjelane.

(Det skulde vel vera ei prøve verdt i desse pinaktige tiderne aa sjaa til aa faa fatt paa desse kjelane).


Sist oppdatert: 2000-09-20
Per Villand