Frå Dølaminne nr. 1 og 2, mars-juni 1927, s 32-37.


Litt um Sudndalen i gamle dagar

Etter kjeldor frå ein gamal sogekall,

åt Hallingbolken ved E. Skøro

Sudndalen er øvste kroken av øystre dalføret i Hol — ein liten repp på ein 10-12 vidspreidde gardar, sprengd inn millom fjella, som heng stupbratte på båe sidor åt den djupe dalen. Avstengd og burtgøymd ligg denne vesle bygda som ei gryta, støypt or sjølve fjellheimen, men so ljuvleg og blid, endå andletsdraga er barka av ver og vind. Slik er og folket, rødugt og livlegt, endå draga kring munnen er verbarka og harde av trass mot uveret og vetterstormane. Bygda har soleis fostra mange gode sogekallar, med dette framifrå mæte forteljalaget som vert sjeldnare og sjeldnare å høyra no til dags. Men denne sjeldfengde skatten er her, som i dei fleste bygder i dalen, gått tapt for oss, til stor skade med di ingen har skrivi han ned medan me enno hadde sogeforteljarane millom oss. No er dei fleste og beste gått i grav, og sogune med dei, medan me står fatige att på gravranda og tregar at me ikkje tok til med sankinga av dei gamle folkeminne fyrr.

Ein sovoren, gasta sogemann, som tok gjevnaden og det meste av skatten sin med seg i grava, var gamle Ola F. Dokken, som døydde den 5. januar 1892 umk. 76 år gamal.

Ola Dokken åtte eit makelaust lag til å fortelja um gamle dagar si avtru og skrymt, men han sat og inne med stor kunnskap um folket sitt liv og sine seder frå den fyrste rydningstida åt bygda, so han var utan tvil ein av dei mætaste sogemenn i Hol og kann henda vidare og. Sundagskveldane, serleg dei lange vetterkveldsetane, sanka ungdomen seg saman i den romslege loftsstugu i Dokken. Men det var korkje til leik eller dans — det var for å lyda på sogeforteljaren Ola Dokken. Og i spaning sat lyden kring langbordet og saup etter sogune, som fekk liv og farge etter som Ola fortalde, medan det godslege andletet åt den gamle mannen lyste upp i ein einaste smil. For Ola var ikkje som mange sogemenn, serleg gamle kallar, trauten å få til å fortelja. Han var ein adelsmann som fann si største gleda i å gleda. Difor fortalde han so gjerne når ungdomen berre vilde lyda og var då jamt i sitt rette godlag. So åt Dokken fann dei vegen, både unge og gamle. Og den gilde heimen vart ei sogehall, som kalla fram att forne tider sine seder. Enn um det hadde kunna vorte rita ned av ei hag hand med den serlaga forteljingskunsta Ola åtte, for ei rik Snorrebok vilde ikkje det vorte til kunnskap um gamle dagar sitt folkeliv i Sudndalen. Men diverre gjekk det meste i gløymsle og grav med mannen. Berre ein liten grand lever att hjå oss som høyrde han. Og det er Ola Dokken si rike kjelde eg har å ause det vesle eg her skal freista å fortelja frå Sudndalen si gamle soga. Kunde eg so sant gjeva det att med Ola Dokken si livfulle framføring, vilde eg gjeva mykje til. Men diverre, eg maktar ikkje den knakande lette forteljinsmåten hans, som la slik ein levande dåm over sogune hans.

Dei tvo fyrste rudkallane som busette seg i Sudndalen heitte Gudbrand og Isak og skal ha kome vestanfrå og hitover frå Sogn i fyrstninga av det 17. hundradåret.

Dei vart likte um å deila dette dalsøkket millom seg i tvo halvar. Gudbrand tok søre beten og Isak den nordre. So rudde dei seg gardar og likte seg retteleg godt. Her var ofseleg svær timberskog. Malmfurua syner digre tyrilægar i myrane til vitne um den mektuge kjempeskogen, som sidan vart so uttynt og snøydd. Men jakta og fisket vart jamnaste næringa, då det var seigt og hardt å bryta åker i stapptjukke skogen. Villt var det nøgda av og alt var so fritt og so vidt. Berre elva var det noko plunder med å koma over for fe og mann. Bru vart aldri sett og strid og fæl strøymde storelva i dalbotnen og kløyvde det vestre frå det øystre. Men i sør vidka ho seg ut i ein still, djup høl eller innsjø, seinare kalla fjord. Her laut flåte byggjast og feet over-sundast vår og haust. Sundinga gav fyrst gardene namn, so fjorden og sidan bygda, Søre og nordre Sudndalen var fyrste namnet på gårdane — (eigentleg Sund-dalen, den dalen der det blir sunda). Dette namnet har sidan vorte hangande ved bygda, men i daglegtale vandska til Sudndalen.

Gardane derimot tok snart namn etter rudkallane — Gudbrandsgard og Isaksgarden. Den fyrste er so heitande den dag i dag, medan den siste nemnest slik berre i gamle skøyte frå den tida, og er den fyrste rudning av det noverande Skøro, (eller rettare skørr av fjellskorte — Skørridn — seinare vanska til Skøro, ja endå danska til Skoro.

Berre Isakslåtta, ein heimstøl til øvre Skøro har namn etter rudkallen lsak. Både Gudbrand og Isak var rådrikne menn, som stødt låg i strid um makta. Gudbrand vilde trengje seg for langt mot nord med å draga bytesteinane ut den leida, medan Isak lurde seg til og flutte dei for langt sør. Og til tings var kallane ogso eit par vender for å avgjera trettune.

Gudbrand var ein sers hyrug mann, som bygde og stelte garden sin etter beste evne. Difor vart og Gudbrandsgard trast ein av dei mest vyrde gardane her, og gjetordet gjekk langt ut um bygdegrensa. Ei gild loftsstugu han bygde står enno på garden, og talar med fynd og mynde um gamle tider si byggjingskunst. Ho er no tett på eit par hundrad år gamal, men enno i god stand, berre taket er noko klent, so ho har fleire lek. Men det bør vølast, for den gamle loftsstugu med sine utskorne svillar er vel verd å fredast og haldast med like som eit av dei fåe leivde byggjingsverk frå den gamle romantiske tida. Det er ille dette at dei gamle hallingstugune, som har gjeve dalen sin eigen sersvip, kjem meir og meir or bruk og fell burt, medan uheimslege kassebygningar vert sette upp istaden.

Gudbrandsgard er enno ein sermerkt hallinggard av dei fåe med desse småe, låge husa, hangande so trasalege og gråe uppi bakken. Og tungt og bratt i tunet, slik det alltid var i dei gamle hallingheimane. Dei slitne vegane millom fjøs og løda, som kunde stå langt frå einannan, talar so tydeleg um forne tider sitt strev. No råkar ein helst fjøset og løda under same tak til lettnad med stjornet åt fe og fena.

Kjerringa hans Gudbrand heitte Borghild og var på sin kant mannen sin gode medhjelp til å byggja heimen. Dei hadde mange born, som og vart gode rudningsmenn.

Ein heitte Sander, fekk bygsla eit jordstykke undan farsgarden og rudde og bygde det til. Garden hans vart heitande Veslegard — (i gamle kavdanske skøyte helst nemnt Lillegård). Veslegard gøymer og på mange gamle minne. Ei gamal, losut loftsstugu står og her att som ei minning um kvorvne tider. Son hans Sander som rudde Veslegard, heitte Ketil og var vidgjeten for styrken sin. Ein stein ligg i loftet under låven, skal han ha lyft på strak arm, endå han er druge lasset for ein hest å draga. Men han var godtolug i lag og lynde og brukte aldri kjempekrafta si i slagsmål eller i anna åfått.

Bonden på Veslegard har heitt Sander Ketilson og Ketil Sanderson so langt ættine kann fylgjast attende, og same ætta har site på garden radt til no. No heiter bonden atter Sander Ketilson og er reinrunnen ætling av den gamle rota. Veslegardskallane hadde frå gamalt ord for å vera umframt velhaldne med høiet, som det jamt vilde verta knipa med i dei tider. Men bonden i Veslegard strågav aldri — eit kyrfoster laut liggja att i løda kvar vår.

Dokken er næste bustaden som vart bygd. Rudkallen her, Ola, som var bestefar til den fyrr nemnde sogeforteljaren Ola Dokken, var ein beinveges ættling av dei vidgjetne Villandskjempone, men var spakare i lynde enn desse illgjetne berserkane, og i det heile ein umtykt mann.

Han sette upp den trauste loftsbygnaden som enno står i Dokken, som seterhus. Å um dei kunde tala desse gamle, malmtjøra stokkane i veggene her, dei havt mang ei soga å fortelja. Dokken har alt frå den fyrste tida vore eit samlingssæte for sogeforteljing. Men med Ola D. nr. 2, kvarv sogune og det heile. Garden er ved å koma ut or ætta - vandloa og til nedfalls gøymande på so mange minne frå den tida han var midtstaden for åndslivet i bygda. Alt er øydt og snøydt av grisk pengeheknad. Jamvel badsstugu laut rivast, endå ho var merkeleg og åtte stor kulturverd, då ho etter segna var det fyrste hus som vart uppsett i Sudndalen. Men nakne peisrøysa grin att på lufta, medan dei steinharde, røyksvarte tjørekubbane veggene var timbra av, er spreidde til berre åfått, Kjøparen vilde ha det til hestestall på stølen, men er enno ikkje uppsett, endå det er mange år sidan badsstugu vart rivi ned. Bygda eit synleg kulturminne fatigare - og ikkje meir!

Millom hine nordgardane er Skøro eldst. Rudkallen Isak kjenner me so lite til. Men han bygde garden upp under berga, truleg avdi bakken vart tidlegare berr der uppe og vatnet var lettare å finna. Skørridn heiter det i gamle dokument. Ein fretnad vil veta at namnet Skorsgarden og var nytta. Men det var fjerrare — truleg berre ei forveksling med Skorsgard i Vats. Skørridn er det naturlegaste nemne på garden, som var berre ein gard til langt fram i tida. Radt til 1814 talet er garden saman, endå det då er tvo bygde bustader — øvre og nedre Skørridn. Men eigarsmannen, Knut, gamle-Skørèn kalla, rår over båe. Det var ein sers hyrug mann som bygde og stelte med mangt. —

Han flutte nedre garden ned på den tufta han no ligg på, og bygde husa upp att her, romslegare og større.

Knut og tvo av frendane hans var millom dei som vart kalla ut til å forsvara fedralandet i ufreden med Sverige 1807-14.

Ufredstidende kom til han i slåtteteigen um sumaren. Knut stod nett og slo på heimstølen sin, Bruslåtta, då bodstikka nådde han. Han laut setja frå seg ljåen på raude rappet, triva flintebørsa si og fara slik han stod og gjekk til. Lenger umrøsningstid vart ikkje gjeve. Halldis, kjerringa hans, laut skunda seg heim frå stølen og taka fat med anna. Hardt sleit dei, dei som sat att heime åleine, men verre leid dei som laut fara. Mang ein strid tørn fekk dei taka og mat var det lite eller inkje å skaffa. Dei hadde takom til ikkje anna å livberga seg med enn ville fuglar dei skaut åt seg, etterkvart dei trengde det, og steikte kjøtet på spidd over glørne, fortalde Knut sidan.

So ille ut såg han, då han kom heimatt ved joletider — overgrodd som han var med hår og skjegg, at ho Halldis vart redd mannen sin då han helsa. Ho kunde slett ikkje kjenna han att.

Han hadde og fått varig merke av «krigens tand», Knut, med di han hadde vorten råka av ei kula i låret og var låghalt all sin dag sidan. Men han stura ikkje for det. Hadde han berre «litt i toppen», kunde han slå seg reint laus, Då banna han gjerne stygt og let folk veta at det verste som leid han i livet var at svensken sette kula si i foten hans. Og han bad dei koma etter, so skulde dei få kjenna svenskekula. Ho sat i tjukklåret hjå han til hans døyande dag.

Knut fór elles til Amerika med heile huslyden sin1, og garden kom ut or ætta — vart parta i tvo, og i ymse eige har dei vanka i sidan både Øvre og Nedre Skøro. Men enno sit ættlinglina att på tuftom, endå ho har skipla i so mangt og ymse.

På Knut si tid var husetnaden i Sudndalen på det rikaste. Her var med husmannsplassar under gardane arbeidshjelp nok. Og heile folketalet var med heiebuarane uppmed Strandefjord, der det låg ei heil fjellgrend - uppimot halvt anna hundrad *). Flest alle kunde livnæra seg av arbeid i bygda vetter som sumar. Sjølvhjelpne var sudndølane med handverkerar på alle umkverve. Her var treskjerarar og rokkesvarvarar jamvel. — Ein mann i Nygard, heitte Sjugurd, var so netthendt han kunde gjera plent kva han vilde. Eit skatthol i Nygard, ei låkhylla på Gudbrandsgard og nokre rokkar han har svarva er enno att og vitnar um ein nevehagleik av dei sjeldne. Men utferdshugen vakna, og mannen fór til Amerika og mange med han. Frå 1850 og utetter til i 60-70 åra då Amerikafeberen for ålvor byrja å fengja um seg, snøydes bygdene overalt for arbeidshjelp, med di det mest tiltøkne folket fer ut. Og Sudndalen fekk og si sterke påkjenning av denne farsotta, som jamt fór hardast åt med sovorne småe fjellkrokar. Berre ein liten triapart av folket stuller att på dei fåe, småe, grisgrendte gardane. Men bygda kan då ikkje verta eit heilt attlagt fet i framtida. Ho har ei gamal, vyrdeleg soga, som me bør taka vare på og gøyma fyrr ho vert avgjøymd. Og det er på høg tid at noko vert gjort, fyrr dei gamle sogemennene døyr og soga med dei.


*) Olav Larsgaard har skrive eit forvitneleg stykke. «Strendingane og Stranda» i «Dølaminne» 1921.


1Knut reiste ikkje til Amerika iflg. Embrik Skøro 9/3 1972 (Ola Ruud -> PV)
Sist oppdatert: 2000-10-16
Per Villand