Stølsfjøs I


bilete

Det gamle steinfjøset.

bilete

På stølen i Raggsteindalen i 1924. Birgit Villand f 1898 til høgre.

I Folk og Fortid i HolHol V vert det fortalt at då Pål Villand skulle skyte Raggsteinen i stykke for å få murstein, fekk Elling Villand Lars Villand (f 1891) til å leggje jarnstykke i minehola for å hindre det. Det står også (s. 688) at Raggsteinen låg i delet mellom nordre og søre Raggsteindalen.

Det er truleg at det var då dette fjøset skulle byggjast Raggsteinen vart nytta. Det er då rimeleg å rekne med at det var i nærleiken av det som no er tuftene etter dette fjøset Raggsteinen låg (helst rett ovafor).


Sist oppdatert: 2000-10-14
Per Villand