Arbeid på garden i 30-åra


Pål Villand

Januar

Ut på nyåret var det til vanleg skogsarbeid som skulle gjerast. Det var støtt ein leigd arbeidskar på garden. No var det kome is på elva, slik at ein kunne koma over med hest og reidskap.

Det vart drive mykje bygging på turisthytta i desse åra, slik at dei trengde tømmer, som dei skar opp til byggematerialer på Ruesaga. Det vart og lafta ein god del i tømmer som vart sett opp heime og frakta til fjells med hest på vetreføre. Tømmeret vart hogge i skogen på vestsida. Hogginga vart utført av leigde folk utanfrå.

Lunning og framkjøyring av tømmeret vart gjordt av dei på garden. Til lunningen vart det nytta lunnedrag, der det på tverrtreet langt nede på draget var fest 3 - 4 kjettingar med tømmerhakar på. Trea vart delt i høvelege lengder i skogen. So vart lunnedraget kjøyrd fram til kvar enkelt stokk og ein hake vart slege inn i enden på treet slik at ein kunne dra det med seg. Tømmeret vart på den måten frakta ned til jorde på nedsida av låven på Strøm. So vart tømmeret kjøyrd fram til Rue-saga med geitedoning.

Veden for komande vinter vart ofte hogd på denne tida, men då ofte på austsida ovafor garden. Veden vart køyrd fram og lagt i lunnar i gardstunet.

Februar - mars

No var det tid for tresking: Det var store omveltingar i bruk av redskap til treskinga. Ein del brukte tust til langt ut i 30-åra, men so kom treskemaskina i bruk. Før det vart vanleg å bruka elektrisk motor vart det nytta maskiner som vart dregen med 2 sett med sveiver. Det var tungt arbeid. Etter kvart vart det anskaffa treskemaskiner med annan drift. Det vart brukt både bensinmotor og hestevandring.

Her på Villand vart det kjøpt ein gamal bensinmotor som vart brukt til å dra treskemaskina som og var kjøpt brukt. Då bensinmotoren vart brukt til tresking, vart den plassert på låvebrua og med ei lang reim inn til låven der treskemaskina sto.

Først i 30-åra vart det kjøpt ein 5 hk elektrisk motor. Det vart og laga ein mellomaksel der ein kunne få ut fleire hastigheiter til reidskapen Motoren vart nytta til tresking, rensing av kornet, hakkelsesmaskin, vedkapp, slipestein m.m.

Det vart kjøpt ny treskemaskin med halmrister. Halmristaren var montert på treskemaskinena. Etter at loa var gått gjenom maskina vart den ført bakover av halmristeren. Under ristaren var det sold slik at korn og agner falt ned på golvet og halmen følgde oppå halmristeren til den falt ned bak.

Den dagen det var tresking måtte det god hjelp til. Det var ein som kasta kornbanda fra staen og fram til maskina, ein løyste opp bendilen og la banda på brettet til treskemaskinen, ein mata maskina, ein tok unna korn og agner og ein tok vekk halmen.

Det vart svært mykje støv då treskinga pågikk. Ein kunne berre so vidt skimte ein som sto temmeleg nær. Då dei kom ut frå låven til matkvil var alle sams grå. Ein såg berre det kvite i augo som skilde seg noko ut.

Etter at treskinga var unnagjort skulle drøsen (sams korn og agner) rensas og sorteras. Garden hadde del i ei rensemaskin. Den vart henta der den sist vart brukt og sett på plass. Dette var ei maskin som var bygd for å dra med handemakt, men det vart sett på reimskive, slik at ein kunne bruka motor. Her vart agner og korn fylt i ein behaldar på toppen, og vart ført nedover i maskina der det var plassert sold og vifter. Her vart agnene skild frå, og kornet vart sortert i 3 sortar etter tyngda.

Kornet vart fylt i sekkar eller skinnhiter og boren til stabburet der det vart lagra i kornbøler. Det beste kornet skulle ein nytta til såkorn og malt. Dersom det høvde slik vart ein del tå kornet straks kjøyrd til mølla ved Hagafoss og turka og male til mjøl.

Gjødselkjøring

Mest mogeleg av gjødsla skulle kjøyrast ut på vetreføre. Når det var tid til det vart det køyrd ut gjødel og lagd i store hauger på dei opne åkrane. All dyrka jorda øvst på jorde vart brukt til korn og poteter. Hestegjødsla vart brukt på potetåkeren. Men det var som regel og stykke nede på flata som var pløgd om hausten. Hit vart det og køyrd gjødsel.

Strøye

Halvor Grønhola dreiv å dyrka på nokon store mosemyrar nedanfor bruket. Han tok av store torver med mose og la opp på hesjar for turking. Han hadde sett opp nokre store luer som mosen vart boren inn i når det var turt. Han selde denne torva til strøye og om vinteren når det var is på elva vart det henta torv av dei som trong det.

På Villand vart det kvart år kjøpt mykje av denne torva. I låven var det avsett eit rom til strøye. For å rive sund torva vart ho køyrd gjenom den gamle treskemaskina, og det vart svært god strøye.

Fjellkøring

Sist i februar eller fyrst i mars skulle ein byrja med å frakta heim høy frå stølen. Den dagen dei skulle laga veg fram til stølane møtte det fram 10 - 15 hestar og stort manskap. Dei starta tidleg om morgonen og møttes på Myrland.

So var det å starta på turen inn mot Strandavatnet. Frå Myrland til Einset fylgde dei same leia som sommarsvegen, men ved Einset tok dei av og fylgde myrdraget innover forbi Larsgardstølen, Minnestølen og Veslelia. So over Kalken og ned på Strandavatnet.

Det vart sett trugar på hestane då dei starta frå Myrland. Dersom det var lite snø kunne hestane ta seg fram på eigen hand, men dersom det var mykje snø og skråfonner måtte nokon gå føre og make og tråkke, slik at hestane kunne ta seg fram. Til sist kom ein hest med horv som skulle sletta vegen. Den snøfonna som det var vanskelegast å koma gjennom var Snurugardsfonne (I bakken før ein kom opp på myrane ved Larsgardstølen)

Dersom det var godt føre kunne dei klare å koma fram til stølane på ein dag. Desom det var mykje snø og det hadde drive mykje, måtte dei gjera vendereis og ta fatt neste dag. Dei frå Hovet overnatta på Myrland. Då dei kom på stølen måtte dei lessa på eit høveleg lass etter føre og kjøyra heim neste dag.

So byrja fjellkjøyringa. På Villand var det for det meste 2 hestar, og det vart tilsett ein gardskar til. Det var opptil 20 lass med høy som skulle heim. På opptur tok dei med varer som skulle på turisthytta. I tillegg til matvarer var det byggevarer og inventar som vart frakta opp på denne måten.

Dei måtte starta tidleg om morgonen heimanfrå. Dersom dei hadde tunge lass starta turen i 6-tida om morgonen. Før det vart fastbuande i Myrland, var det fast kvileplass på Myrlandplassen, seinare i Jonsrud nede i Sudndalen. Då Gyda og Olav Kvanneberg busette seg fast i Myrland, vart den faste kvileplassen her.

Då dei kom fram til Raggsteindalen var dei først innom turisthytta og lasta av varene som skulle dit, før dei køyrde på stølen og fekk sett hestane på stallen og fyra opp rommet dei sjølve skulle sova i. So var det å lessa forlassa slik at dei sto ferdig til morgonen etter.

Dei byrja heimturen i 7-tida då det tok til å lysne. Dei var då heime i 3-4-tida om dagen. So var det å lessa av forlasset og laste på det som dei skulle ha med oppover neste dag.

Etter at foret var heimkjøyrd var det mykje arbeid med å kjøyre ved på stølen og på turisthytta. Ein del av veden vart kappa og kløyvd på denne tida. Det var og mykje arbeid med å kjøyra vatn til turisthytta, Og so var det all transport av turistar og mat og utstyr.

Ut i april var dei ferdige med arbeide i fjellet å kunne flytta heim. Etter at fjellkjøyringa var ferdig, var det berre ein gardsgut.

April - mai.

Dersom det var snøføre då dei kom heim var det å få kjøyrd ut mest mogeleg av gjødsla. Kapping og kløyving av ved vart gjort no føre våronna. Veden vart kasta inn under låven. Tømmeret som var køyrd på sagi skulle skjærast på denne tid eller etter våronna,

Ruesaga

Den 29/4 1906 vart det sett opp ei avtale mellom eigarane av fire gardar i Hovet Det var Ole T. Mørk, Torstein Øvrejorde, Paul Villand og grunneigar Ole Ruud. Leieavtalen gjaldt ”vandfald til at drive en sag med, samt tomt for sagen og stableplads i nerheten af sagen paa nedre side af alfarveien for en leiesum af kr. 6,00 - seks kr. pr år” Leieavtalen var uoppsigelig.

Det vart no sett opp ei sag på denne tomta. Det vart bygd ei demning i elva og bygd ei vassrenne frå denne og ned til saga. Frå renna vart det eit fall på 3 - 4 meter på nedsida av saga Her vart det montert ein stor vasskall. Den hadde ein diameter på ca 2 - 2,5 meter og breidde lik vassrenna, ca 1,5 -2 meter.

På midten av 30-åra vart det sett inn elektrisk motor. Det vart då og sett inn ein brukt høvel, slik at ein kunne laga ymse sortar av høvla mareialer.

14. april 1914 vart det oppretta ein hångivelse til L. S. Anfinset for vannrettigheitene til Ruesagen. Eigerne skulle, når kraftverket var ferdig til drift ha til fri bruk 25 elektriske hestekrefter fritt levert og istandsett på sagen. Dersom sageigerne ville bruke krafta på eigedomane sine, skulle ledningane frå sagen bekostas av sagens eigere.

Etter at kraftverket i Djupedalen var ferdig har sageierne nytta denne krafta. Då bygginga av kraftstasjonen i Ruud byrja, vart saga flytta til tomt som vart leigd av Nils N. Grøvo.

Dei same eigarane dreiv saga med leigeskur og høvling fram til 1969, då saga vart seld til eit større andelslag, der dei fleste skogeigarar i Hovet var med.

Våronnarbeid

So snart snøen var gått vart det mykje arbeid ute på åkrane. Der det var sådd til med grasfrø året før skulle det plukkas reint for stein. Dette var dei nøye med. So skulle det kjøyrast reinejord. Det vart enten brukt kjerre der dei handleste jorda og kjøyrde øvst på åkeren, eller dei brukte moldskuffe. Var det bratte åkrar måtte dei bruke 2 hestar for moldskuffa. For det meste var jorda som skulle såas til med grasfø eller grønfor pløgd hausten før.

Gjødsla som var kjøyrd i store haugar skulle kjøyrast i småhaugar med kjerre eller moldskuffe og spreiast utover med greip. Åkrane øvst på jorde vart nytta til korn og potetar år etter år. Her vart gjødsla pløgd ned med vendeplog og det vart horva med fjørhorv. Til horvinga vart det sett for 2 hestar.

Villandsgardane hadde saman kjøpt ei såmaskin for hest. Den vart brukt til all såing av korn. Etter såing vart åkeren kjøyrd over med heimelaga rull.

Ved potetsetting vart vendeplogen brukt. Potetane vart sett i annankvar får, noko oppe i fårkanten slik at det kom passe med jord på poteten ved neste får. Potetane skulle settas rundt 17. mai og kornet skulle ein helst ha fått i jorda før 25. mai.

Etter at korn for mogning og potetar var komen i jorda var det åkrane der det skulle vera grønfor sin tur. Det vart støtt brukt dekkvekst av grønfor på åkrar som skulle såast til med grasfrø.

Det vart brukt husdyrgjødsel til overgjødsling på eng. Før graset var kome for langt måtte ein kjøyra over en sloe som vart laga av høveleg store bjørkebusker, og so gå over med rive og raka sund eller kjøyra vekk store gjødselklumpar.

Inn i blant anna arbeid var det å gå over og reparere og skifta ut gjerde som var dårleg. Dersom dei fekk tid til det var dei i skogen for å rydde beite og lauve.

Frå fyrst i juni

So snart isen var gått på Strandavatnet var tida komen for å reisa til fjells for å hogga opp ved og ”røa”, d.v.s. å raka sund og saman den gjødsla som var køyrd ut og spreid utover på vollen året før. Dei skulle og reparere å setta opp gjerde rundt stølsvollen.

Etter at dette var gjort var det som vanleg tid for buføring. Buføringa til Raggsteindalen har eg skrive om før.

Etter at dyra var komen på stølen og alt sett i stand, var det tid for taking av brenntorv. Det vart brukt mykje torv på stølen so det gjekk fleire dagar til dette arbeide. Torvtaket var nederst på vollen. Der er det ei myr der det er brenntorv i eit djup på 2 - 2,5 meter. Det vart fyrst teke av den øvre grastorva, som ikkje vart nytta til brenne.

Reidskapen som vart nytta var ein flat stikkspade og ein spade som var med rett stikkside og med vinkel på slik at ein kunne skjera ut flate plater. Etter at grastorva var teke av, vart stikkspaden nytta til å skjera ut ein høveleg brei pall. So var det å stå nede i botnen av torvmyra og stikke ut torvplater som var 3-4 cm tjukke og ca 15 cm breie ,lengde ca 25-30 cm.

Torva vart lagd på breie bord og boren burt til faste turkeplassar og lagt utover på steinar for turking. Etter dette var det gjesleguten sitt arbeid å snu torva etter at ho var turr på ei side. Etter at torva var turr vart ho boren inn i forlua eller sett i stakkar, der ho vart henta for bruk på stølen.

Etter at arbeide på stølen var ferdig sto slåttonna for døra, men fyrst skulle potetåkeren reinskast for ugras og det skulle gravast opp jord langs potetplanta. So var det å setja i stand for slåttonna.

Etter at det var komen elektrisk straum var det ikkje lenge før dei fekk elektrisk motor med mellomaksel og reimskive på slipesteinen, slik at det fekk ned til høveleg fart på steinen. Før den tid måtte ein dra slipesteinen. Det var ofte rakstejenta som hadde dette arbeidet. All ljåen skulle slipast og alle rivene skulle tindas, og hesjamaterialer skulle setjas i stand.

Fyrste veka i slåtten var det mange mann i arbeid. Dei byrja med slåtten ved røysa nedafor låven, og tok teig for teig sørover til dele mot Nedrejorde.

På Villand hadde dei tidleg kjøpt slåmaskin. Den vart brukt nede på flata og eit stykke oppover i hallene. Det brattaste vart slege med ljå. Det meste av foret vart turka på bakken, men dersom det vart dårleg turkevær vart ein god del hesja. Dei hadde både høyvendar og rakerive for hest. Til hjelp ved hesjing hadde dei sleperive.

Det var dårleg plass til foret i låven. Dersom det var stor avling måtte dei seta i stakk ein god del av foret. Det var fast plass for stakken på flata ned mot storvegen. Det var viktig at stakken vart bygd opp på rette måten. Asle Bøkko var flink til dette, og han var støtt med då foret skulle settas i stakk. Dersom arbeidet var gjort på rett vis, slo den av seg vatnet slik at foret heldt seg turt, til det vart kjøyrd inn i låven ved juletider.

Høyonna heime var for det meste ferdig til ein av fyrste dagane i august. So var det å pakka saman all slåttereidskapen og reisa til fjells for å ta fatt på slåtten på stølen. Det var støtt 2 gardskarar og onnegjente til dette arbeide.

Dei byrja slåtten ved forlua , der geitfjøset står i dag. Dei delte opp vollen i høvelege teigar, som var ca 20 - 30 meter brei for kvar slåttekar, fyrst det sunna grove og fram til stølshusa. So frå flata på nordsida av grove. Etter det byrja dei på flata lengst syd og ned på vollen. Til slutt slo dei flatene ned for stølshusa og flatene på nordsida av grove.

Rakstejenta var heile tida med for å breia foret utover slik at det skulle turkas raskare. Dersom det var godt høyvær vart foret kjøyrd i hus etter kvart, men dersom det var regnvær, kunne heile vollen bli slegen før dei fekk byrgja på høyinga. Det gjekk oftast 2 dagar med godvær før foret var turt nok. Fyrste dagen vart foret vendt midt på dagen og sett i små såter om kvelden. Neste dagen vart foret spreid utover då doggi var gått om morgonen, og so vendt midt på dagen I 5 - 6 tida kunne ein då til vanleg byrja med innkjøyring.

Dersom det var mykje høying fekk dei ofte hjelp tå dei på turisthytta. Foret vart kjøyrd inn med sloddeslede. Det var ingen grinder på sleden slik at foret måtte kjemmas og leggas på sleden på ein spesiell måte, slik at foret skulle liggja godt og det vart snørt med høystong og reip. Foret måtte leggas jamt ut over forstaen og tråkkas godt, og det vart brukt salt til å spreia utover.

For det meste vart det noko varmgang i foret, men dette såg dei på som ein fordel. Foret fekk etter kvart ei lys brunfarge, og det var god lukt. Dyra likte fjellforet svært godt, og det vart sagt at det vart meir mjølk i kyrne når dei brukte det.

Dersom det var tid etter at slåtten var ferdig på stølen, tok dei utkjøyring av gjødsla på stølsvollen no. Gjødsla vart køyrd på ein vanleg gjødselslede og spreid utover på vollen.

Etter at arbeide på stølen var ferdig, reiste karane heim for å slå grønforet og og byrja med skuronna. Dersom det ikkje var for mykje legde vart grønforet slege med slåmaskin, men der det var mykje legde og oppe i hallene vart det slege med ljå. Grønforet vart hesja.

Då kornet var mogen byrja skuronna. Det var for det meste i månadskifte august - september. Mykje av kornet vart skore med stuttorv og bunden i band. Det var ofte kvinner frå plassane som utførde dette arbeidet, men dei hadde og teke i bruk meieorv. Det var eit armorv der det var sett på ein veng laga av ein ring av rundjern med sekkestrie sydd på. Dei byrja å slå øvst på åkeren og slo skårane mot åkeren. Vengen på orvet gjorde at kornaksa vart ført mot åkeren, slik at skåren vart liggande mot dei ståande kornaksa.

So vart skåren samla opp av dei som skulle binde kornaksa i band. Det var for det meste 3-4 stykke som bandt etter ein slåttekar. Etter kvart som kornaksa var bunden i band, vart dei hengd opp på staur for turking.

No gjekk det til vanleg 2 - 3 veker før kornet var turt og dei kunne kjøyra det inn på låven. På låven var dei nøye med at kornbanda vart lagt på rette måten. Dei skulle leggas med aksa inn mot midten og på skrå ned mot golvet Då staen var ferdig skulle ingen kornaks vera synleg slik at småfuglane, serleg spurven, kunne nå tak i kornet, Det var gjev kost for dei.

Etter at onnene var ferdig, slutta ein av gardskarane.

Etter skuronna var ferdig reiste gardskaren på stølen med hesten. No skulle gjødsla, eller det som var att av den kjøyrast ut og breiast på stølsvollen. Dei kjøyrde og ein rissloe over for å jamne ut over. So var det å ta ned gjerde rundt heile vollen, slik at den ikkje vart øydelagt av snøen.

Buføringa var støtt omkring 20. september. Alle varer og utstyr skulle kløvjast og berast ned til vatnet og grisene skulle jagast ned til kassene som sto ferdig for dei. Det kunne i bland vera ein vanskeleg jobb. Alt vart lasta i båtar for å fraktast over vatnet.

Bufarsdagen var dei tidleg oppe. Dei hadde støtt med hest slik at dei kunne ri over Skarvåne og Faugeliåne dersom dei vart store. Ved Einset reiste gardskaren opp til Leinoset for å henta lasset med varer og griser som var frakta over vatnet.

Det var lett med drivinga om hausten. Kyrne ville heim og det var arbeid med å halda dei att so det ikkje gjekk alt for fort for dei eldste dyra.

Utstillinga på Ål var fyrste veka etter 20 september. Utsillinga vara 2 dagar. (tyrsdag og onsdag) Dei var støtt nede på utstillinga med dyr. Det var dyr som skulle stillast ut, dyr for salg eller dei skulle kjøpa dyr.

Dei dreiv dyra nedover dagen før utstillinga byrja. Fyrste utstillingsdagen var det å passe på dyra og foreta kjøp eller salg. Etter at utstillinga var ferdig andre dagen vart dyra driven heim.

Poteten vart teken opp sist i september. Dei nytta vendeplogen og pløgde opp potetane, og so gjekk det 3 - 4 stykker å plukka opp og grov opp fåra so dei fekk med alt. Den enga som skulle fornyast vart pløgd opp no. Saueslaktinga foregikk ut i oktober og griseslaktinga nærare jul.

Etter at det mest nødvendige var gjort heime, var dei 2 - 3 veker i fjellet for å hogge ved til turisthytta og til stølen.

Alt eg har skrive om her, var det faste arbeidet som måtte gjerast på garden. Inn i mellom fekk dei tid til ymse vedlikehald på reidskap, hus og jorde. Beiterydding vart gjort dersom det ikkje kom snø for tidleg på hausten.

Eg har ikkje skrive noko om dyrestell. På den tida var det kvinnene som hadde alt dyrestellet, både heime og på stølen. Gunnhild Uhlen hadde dette arbeidet på Villand i alle åra på 30-talet. Det var ei svært flink og samvetsfull jente som utførde dette arbeide på ein framifrå måte.


Sist oppdatert: 2003-03-28
Per Villand