Det følgjande er eit tilrettelagt utdrag av Folk og fortid i Hol IV.Hol IV


Søre Villand (1528-1744)


Den første vi kjenner til på søre Villand var:

1528. Torer Villand, f ca. 1470.

Han betalte gjengjerdsskatten i 1528. Den neste:

Ca.1540. Levord Villand f ca. 1490.

I jordeboka 1560 stod Levord for 8 kalvskinn, som òg omfata krongodset i søre Villand.

I jordeboka 1560 er òg nemnt ein Børge Gjordum (Øvrejorde). Levord Villand og Børge Øvrejorde var med i saka om fisket i Hovsfjorden (Hagevatnet) 1616-18. «Eldste mannen i Ål», Peder Skrindo, vitna at i hans barndom, då han var 12-13 år, og var i Hovet, fiska Levord Villand og Børge Øvrejorde (Øffregård) saman i Hagevatnet.

Etter Levord finn vi:

1593. Børge Olavson søre Villand f ca. 1550 g m Gunhild Olavsdtr.

Det er mogeleg at Børge Villand var soneson til Børge Øvrejorde (ovanfor).

Dette er kanskje den Byrge Olufsen som i 1592 stemnde på 8 løbbol i Røo, som han meinte han hadde odelsrett til. Dette kan òg vera den Byrge Olafsen som ved Hol kyrkje 9/3 1606 (som lagrettemann) var med og høyrde vitnemål frå ålmugen om at Bjørn Herbrandson (Skrindo) bytte til seg Røo av broren, Arnulf Herbrandson (sjå Røo-soga). Etter det skulle farsnamnet til Børge Villand vera Olav. Det er truleg, for eldste son til Børge heitte Ola. Børge Villand og Aslak Brattåker, som levde samtidig, var av same folket: Børge ætta frå Liv Olavsdtr., dtr. til Olav Arneson, som åtte Brattåker og søre Mørk, og Aslak ætta frå syster til Liv, Guri Olavsdtr. (sjå Brattåker-soga).

Born:
  1. Ola Børgeson f ca. 1580.
  2. Knut Børgeson f ca. 1590.
  3. Ei Børgesdtr. f ca. 1595 g m Johannes Gjestson «Giæstsøn», «Geisten»), Hemsedal. Johannes Gjestson i Hemsedal selde 20/5 1640 (rettare: 1659) på vegne av kona si det ho hadde arva i søre Villand etter far sin, «Biergit Olsøn Villand», 2 1/2 løbbol, til bror hennar, «Ole Biergitssøn», og kona hans, Gunhild Olsdtr. (jfr. nedunder).
bilete

TITTELSIDA OG EI AV FORSATSSIDENE I VILLANDSBIBELEN - øvst til v. står det: «Biblia det er den gandske Hellige Skriftens boger efter den Aar 1647», avskrift av første orda på tittelsida t.h. Underskrive: «Ohle Tolefssen Willand,» nok Blank-Ola's eigen handskrift og underskrift, -- han var skrivekunnig. Mel. linene: «Tollef Olsen Willand, og nedunder: «Tollef Olsen Willand eger bog Bibelia»; nedst: «Denne Bibel hører mig til, Elling Tollevsen Willand» (f 1760). Bibelen no på Hol museum. (Foto. Johs. Brye, 1973.)

I ei sak i 1612 med Johannes på nordre Villand, då Johannes klaga Børge søre Villand «for ulofflige jordebytte och skifte hand gjort harde med Oluff Hoffuordsen boendis på forne Willandt», møtte Børge personleg i retten «och sagde att hand och var medeger och åtte udi samme nordre gården Willandt». Han vart beden om å leggje fram prov på dette, men kunne ikkje det. Dermed gjekk retten og sette opp dela mellom søre og nordre Villand «efter som det af evindelig tiid verret hafuer och herefter ved mact bliffue til så lenge Berge Willandt det anderledes medt skriftlig breff och segel bevise kand» (dok. av 22/7 1612, skrive av skottlendingen Sander Sanderson I «udi Schriffuerens sted», sjå bil. av dokumentet, Hol I, s 151).

Same året, 1612, måtte Børge bøte 1 rdlr. for eit øksehamarslag han hadde gjeve Asle Hove, og i 1613 3 rdlr. for eit anna øksehamarslag han hadde gjeve «Torjuls i hofudit» (dei gjekk med handøkser i dei tider).

I 1616-18 var så Børge Villand i sak om fisket i Hagevatnet med Aslak Brattåker, som vi har omtala under Brattåker og i innl. «Eigedomstilhøva i Sør-Hovet.» Dei tre som i saka vart kalla Børges «medbrødre», Sjugurd Sørbøen og Gjest Sørbøen og Amund Skrindo (Ål), og Jakob Kyrkjeluten «Kirkedelen»), var kanskje verbrør til Børge, -- dei rekna seg òg å ha arverett til Hagevatnet. Dei tapte, også fordi Børge tidlegare hadde gjort kontrakt med Aslak, at Hagevatnet skulle følgje Brattåker.

Børge åtte også i fleire andre gardar. 11/2 1613 stemnde Eivind Rime i Ål Børge for 3 løbbol i Tune, som han hadde bytt til Eivind uti 3 løbbol i Mehus i Hol, - odel mot odel. Men odelsretten var ikkje i orden, og retten dømde at kvar skulle gå attende til sitt. I 1615 åtte Børge 2 1/2 løbbol i Foss og 1 løbbol i Dagali og i 1624 2 løbbol i Nedrejorde, 2 løbbol i Trøgaton og 2 løbbol i Foss. Vi finn Børge i jordebøker og skattelister på Villand fram til 1627.

Sønene overtok garden:

Ca. 1630. Ola Børgeson søre Villand f ca. 1580.
Og: Knut Børgeson søre Villand f ca. 1590.

I 1627 selde Ola Børgeson, på eigne vegne og farbroren, Knut Nedrejordes og hans hustrus vegne, og Knut Olson Nedrejorde, på eigne og hustrus vegne (han var g m Gunnvor Arnesdtr. nordre Villand), ein del i Åsberg i Dagali til Tov (Thouff) Olson Rauland i Uvdal. Av verbroren Johannes «Geisten» (Gjestson) i Hemsedal kjøpte Ola Børgeson 20/8 1640 (1659) 1 1/2 løbbol i søre Villand som kona til Johnannes hadde arva etter far sin, Børge Villand, og 1 løb., som ho hadde arva etter mor si, Gunhild Olsdtr., - for 10 rdlr.

Vi kjenner desse borna til Ola Børgeson:
  1. Nils Olson f 1627.
  2. Per (Peder) Olson f 1634, nok han som hadde nordre Nerol i 1657, og deretter søre Nerol (om etterkomarane hans sjå der).
  3. Knut Olson f ca. 1640 g m Ingjerd Aslaksdtr. Tistelsgard (Torkjellsgard), Vats, søre Villand (sjå nedunder s 256). Knut vart eigar av søre Villand i 1688 (nedunder).

    Visstnok også:
  4. Jørunn (el. Jorunn) Olsdtr. f ca. 1645 d 1718 (skft. på Voss).

I jordeboka for 1641 vart Knut Børgeson oppført som eigar av «4 1/2 løbbol i sameie og 6 1/2 løb. pantegods» i søre Villand. Men føre 1647 må han ha selt dette til Ola Knutson Nedrejorde - Halingstad, for i skattematrikkelen 1647 heitte det: «Olluff Willand (dvs. Ola Børgeson) eier selv 7 løbol med bøxel, Olle Hallingstad 7 løbol odel med bøxel, Kongl. Maj. 1 får med bøxel.» I 1647 var der altså framleis. to bønder på søre Villand:

1647. Frå før: Ola Børgeson Villand f ca. 1590.
Ny: Ola Knutson Nedrejorde - Halingstad g m Sissel Pålsdtr.

Ola Knutson budde mest på Halingstad (sjå Nedrejorde - Hallngstad). Han døydde føre 1656; Sissel gifte seg oppatt med Herbrand Vilhelmson, og han overtok halve Villand med henne:

1656. Som før: Ola Børgeson f ca. 1580. Ny: Herbrand Vilhelmson Halingstad g m enkja Sissel Pålsdtr. søre Villand.

Herbrand budde også mest på Halingstad, og hadde nok brukar på Villand. I 1662 åtte Ola og Herbrand kvar 7 løbbol i Villand med bygsel, Kongen 1/2 får utan bygsel. Ein Aslak som vart førd opp for krøterskatten i 1657 på eine halvparten av Villand, må ha vore brukaren til Herbrand, visseleg den Aslak som seinare (1669) vart eigar av ein halvpart av søre Villand. Aslak hadde i 1657 på sin halvpart 4 kyr, 2 geiter og 4 sauer og lam, og Ola Børgeson på sin halvpart 6 kyr og kviger og 9 sauer og lam.

På vegne av kona si og stykkborna sine stemnde Herbrand Halingstad 17/3 1657 Ola (Børgeson) Villand til å leggje fram ein 6-mannsdom og ein bygselsetel vedkomande Villand. Ola sa han ville ikkje gjera det, og laut bøte I ort sylv og svara Herbrand «billig kost og tæring» for denne sin «vranghed».

bilete

VILLANDSGARDANE ETTER AT NORDRE VILLAND ER FLYTT NORDOVER - Nede ved hovudvegen Gullhaug turistheim, om lag der plassen Midthaug til nordre Villand låg. (Foto: Johs. Brye.)

Det var i Ola Børgeson og Herbrand Vilhelmsons tid at saka om eigedomstilhøva på Holsåsen mellom høvværingane og holværingane gjekk føre seg, administrert av Sander Sanderson II. Fleire gamle vitna at Villand-Øvrejorde-Grøvo-Nedrejorde frå gamalt hadde stølen på Varaldset. Det heldt då og søre Villand fram med, heilt til 1770-åra, då garden kjøpte Raggsteindalen.

I eit dok. 20/10 1661 heiter det at Knut Børgeson «afstår til sin brodersøn Nils Olsen ald hans odels og arfueret» i søre Villand (Tb. 35, føl. 1 b). Fire år etter, i 1666, overtok stykkson til Herbrand Halingstad, Tor Olson Halingstad (son til Ola Knutson Nedrejorde - Halingstad) den andre halvparten.

Altså to eigarar på søre Villand framleis:

1661. Nils Olson Villand f ca. 1627 d etter 1669, (kanskje) g m ei Ragnhild.
Og frå 1666: Tor Olson Halingstad - søre Villand f 1636 g m Liv Arnesdtr. nordre Villand.

Sume har sagt at kona til Nils Olson var frå Kolve i Raundalen på Voss. At ho har heitt Ragnhild er truleg: Eldste dottera til son til Nils, Elling Villand, heitte Ragnhild. Vi veit og at sonen til Nils, Elling, ei tid var på Kolve (nedunder). Det er og mogeleg at ei dtr. til Ola Børgeson Villand, altså el syster til Nils Olson var gift på Voss (til Øvsthus). Nils Olson er etter ei tid ute or kjeldene på Villand, - han kan då ha vore på Voss (L. Kindem nemner ingen Nils Olson mellom eigarane på Kolve, Vosseboki III, s 326 ff.).

Vi kjenner to born til Nils Olson:
  1. Ola Nilson. I 1679 pantsette Per Nerol, farbror hans, 1 løbbol i søre Villand til Ola Nilson, «tilhioldendis på Villand». Sidan ser vi ikkje meir til Ola.
  2. Elling Nilson f ca. 1655, g m Åse Sveinsdtr. Brattåker f ca. 1675, var på Kolve på Voss 1692-99 og kom att og samla heile søre Villand på si hand (nedunder).
Eigarar i
1669. Frå før: Tord Olson Halingstad og kona.
Ny: Aslak Tolleivson nordre Tistelsgard (Torkjellsgard) - søre Villand f føre 1630.

Båe er førde opp i skattelistene 1682 og 1693.

Aslak var frå nordre Tistelsgard, Vats; han var morbror til Tolleiv Olson Tistelsgard - nordre Slettemoen, og bror til kona til Ola Arneson Tistelsgard frå nordre Villand (son til Arne Klemetson nordre Villand, som hadde Tistelsgard 1647, sjå nordre Slettemo-soga).

Om Tord Olson sjå Halingstad.

Aslak Tolleivson hadde ei dotter.
  1. Ingjerd Aslaksdtr. f ca. 1650, g m Knut Olson (son til Ola Børgeson søre Villand, bror til Nils Olson som hadde selt sin halvpart i søre Villand til Aslak).

Knut Olson vart kalla «Urdalen i Urlands prestegjeld i Bergenhus lehn» då han 21/2 1687 stenmde Tord Olson Halingstad - Villand på odelen til Villand. Tord selde 5/11 1688 friviljug sin halvpart i søre Villand til Knut Olson, 7 løbbol med bygsel og åsete, og flytte attende til Halingstad og overtok den garden etter stykkfar sin. Knut overtok då halve garden søre Villand.

Altså framleis to eigarar:

1688. Frå før: Aslak Tolleivson søre Villand.
Ny: Knut Olson søre Villand f ca. 1640 d mel. 1694 og 1699, g m Ingjerd Aslaksdtr. Villand f ca. 1650 (reiste som enkje til Kolve på Voss, nedunder).

Knut Villand «nu boende på Villand med hustru Inger Aslesdtr.», heitte det, då han 13/2 1694 lånte 120 rdlr. av Ivar Hallsteinsgard mot pant i halve Villand.

Knut og Ingjerds born.
  1. Eli (Øli) Knutsdtr. f ca. 1678, til Kolve med mora 1699, g der ca. 1703.
  2. Tolleiv Knutson f 1680, til Kolve med mora.
  3. Aslak (Asle, Atle) Knutson f 1687, likeins.
  4. Ola Knutson f 1692, likeins.

Søre Villand var, som vi har høyrt, på denne måten nokre år ute or ætta. Men i 1669 byrja Elling Nilson f ca. 1655 (ovanfor) å samla garden att, til han til slutt åtte heile garden:

Ved skøyte 19/3 1669 overtok Elling ein åker og eit engstykke på søre Villand av Aslak Tolleivson. I mars 1686 kjøpte han 4 løbbol av Tord Olson Halingstad (sjå skft. etter Elling Villand 14/11 1720). 21/2 1687 let Elling tinglyse eit brev frå 1661 skrive «udi den mening at Knut Birgetsøn (Børgeson) afstår til sin brodersøn Nils Olson ald hans odels- og arverett i løst og fast» på Villand, han hadde fått 9 rdlr. for det. Elling hadde, som son til Nils, odels- og arveretten til dette.

bilete

VILLANDSSTUGU - som ho stod på garden, no på Hallingdal folkemuseum på Nes. Bygt av Torkjell Villand i 1740-åra for broren Tolleiv Olson Villand (f 1715). (Frå R. Berge og 0. Olafsen: Villands-ætten, 1916, s 27.)

I 1692 slo Elling seg for ei tid ned på Kolve i Raundalen på Voss (det er mogeleg at han hadde overteke noko etter far sin der). Landdrotten til Kolve, Lauritz Clausen Miltzow, stadfeste 13/11 1708 ein handel av 18/2 1692 mellom Elling Nilson Villand og far til Miltzow om halvparten av garden Kolve. Denne delen (bruk 3) av Kolve bytte Elling 26/1 1699 bort att til enkja etter farbroren Knut Olson Villand, Ingjerd Aslaksdtr., uti hennar halvpart i søre Villand. Ingjerd flytte med sonen Tolleiv Knutson og dei andre brna sine til Kolve, og Elling Nilson flytte tilbake til Villand, som eigar av om lag heile garden. Det heitte då at Elling var av «eldste brodergren» og difor odelsboren til garden framom syskinbarnet sitt, Tolleiv Knutson. Om Ingjerd og borna på Voss sjå Kindem: Vossaboki III, s 329 ff., og utfl. nedunder, har stor etterslekt på Voss, og vidare.

Ved skft. etter Jørand Olsdtr. Øvsthus, Raundalen, 23/10 1718, vart Elling førd som «fråverande vitne» om eit kjede som var pantsett for 12 rdlr.

1699. Elling Nilson søre Villand f ca. 1655 d 1720 g m Åse Sveinsdtr. Brattåker f ca. 1675 d etter 1738 (ho g 2. g m Pål Isakson nedre Skøro f ca. 1675).

Då Aslak Villand i 1700 stemnde Elling for retten for dei jordstykke Elling hadde kjøpt av han i 1669, betalte Elling han i 1701 2 rdlr. for dette, «for hans armods- og fattigdoms skyld». Kongsparten i søre Villand, 1 får, og Kongsparten i søre Larsgard vart av futen Tønder selt på auksjon 25/2 1712, og Elling fekk auksjonsskøyte på Kongsparten i søre Villand 5/8 1713.

Ved skft. etter Kitil Knutson Mørk 4/2 1710 var Elling Nilson Villand verje for dei 3 borna til eldste sonen til Kitil, Sjugurd Kitilson Mørk, som var død.

Elling sat no trygt på sin ættegard og var ein velhalden mann då den store nordiske krigen kom med dei store ekstra krigsskattane (krigsstyren, av Kriegssteuer, ty. = krigsskatt) som vart hardt inndriven og vekte illvilje i bygda. Då det i 1713 vart sendt ikring ekstra kommisjonærar til å krevja inn krigsstyren, nekta mange av bøndene i Hovet å betala. Og Elling Villand vart ein førar for dei.

Då innkrevjarane kom til Villand, sa Elling: «Eg har pengar å betala med, men den Vonde smette i meg for kvar skilling de får, utan marka til jordskatten. Eg trur ikkje nokon vil betala noko anna her i bygda.» Elling og fleire andre i Hol, og hovudmannen i Ål, Ola Hovdegard, vart arresterte og sende til Akershus festning. Det vart stor rettssak og forhør. Elling Villand vart dømd til 2 års festningsarbeid og til å miste all sin eigedom til Kongen (Ola Hovdegard fekk 3 år), dessutan måtte Elilng betala 30 rdlr. til skattekommisjonærane og 10 rdlr. til aktor i saka. Det vart halde eksekusjon hjå Elling for desse pengane, registrering 14/11 1714. Styresmaktene sette fengselsstraffa for Ellingg og Ola Hovdegard ned til 6 måneder, - «da den allerede holdte exekusjon har sat så stor frygt imellom dem at de ei så let lader se deres gjenstridigheder,» heitte det. Elling sat på Akershus i 219 dagar, men berga garden (sjå Hol 1, s 237 ff.).

Ved skiftet etter Kitil Helgeson Rud, Hovet, 3/6 1714 heitte det då òg om Elling Nilson Villand: «Befindes arresteret pd Aggershus.»

Born:
  1. Ragnhild Ellingsdtr. Villand f 1692, g 1. g m Ola Tolleivson Uppsata, frå Ål («Blank-Ola») g 2. g m Ola Larson Uthus - Fossgard f 1694. (Ragnhild vart fødd s.å. som far hennar kom til Kolve på Voss, ho var kanskje då fødd på Kolve).
  2. Margit Ellingsdtr. f ca. 1695.. g 1. g m enkjemann Nils Larson Kyrkjeluten d 1725, g 2. g m Knut Knutson Hallsteinsgard, - vart då kalla Hallsteinsgard, men var ikkje av Hallsteinsgard-folket, korkje i Hovet eller i Ustedalen. Det var visst han som i 1745 var med i eit gardssyn på nordre Sudndalen (Gudbrandsgard). Margit må vera fødd på Kolve.
  3. Sigrid Ellingsdtr. f 1703 g m Asle Larson Uthus - Fossgard f 1693, - bror til 2. mannen til systera Ragnhild (sjå øvre Uthus - Fossgard).

Ved skiftet etter Elling Nilson 14/11 1720 hadde buet: 9 kyr (Brunhovd, Gullhov, Rosebådn, Fagersi, Skaute, Plome, Falpru, Gullbledt, og ei Skaute til) 4 kviger, 1 liten ukse, 3 kalvar, 10 sauer og 6 lam, 4 geiter og 1 bukk, - dette var fleire krøter enn det vart oppgjeve ved krøterskatten i 1657. Gangkleda til Elling nemnde i skiftet var: Ei trøye, eit par bukser, ei skjorte, eit par sko, eit smettabelte, ein hatt og eit par votter.

Åse gifte seg oppatt med Pål Isakson nedre Skøro f ca. 1675. Åse vart 23/2 1734 stemnd av verfaren, Isak Skøro, for 16 rdlr. og 2 års «inneliggende møkk», då enkje. Ho levde endå ved skft. etter verfaren 12/11 1738. Mannen, Pål Isakson, var død i 1732 (skft. 11/9 d.å.). Ved eit mistak har dødsåret for Åse i LR.: Vill. s 67 vorte oppgjeve til 1732, dødsåret til mannen.

1720. Ola Tolleivson Uppsata - Villand, Blank-Ola, f ca. 1668 d 1724 (skft. 13/7 1724), g m Ragnhild Ellingsdtr. - Villand f 1692 d 1752.

Med Blank-Ola og Ragnhild Ellingsdotter Villand byrjar «soga om Villandane» som har gått på folkemunne til våre dagar. Vi har i Hol I (s 499-486) fortalt att sogene om Villands-folka bygt på arkivkjeldemateriale, med segnstoffet, kontrollert. I doktoravhandlinga «Villandane» (1939) av LR er heile segnmaterialet lagt fram og vitskapleg drøfta ved hjelp av arkivkjeldematerialet. Det gjev eit så fullstendig bilete av denne eldre Villands-ætta som det er råd å få det. Vi viser difor til desse, og konsentrerer oss her om den rolle Villandane spelte i gardshistoria og i bygda elles. Soga om dei ymse kjem under dei gardane som dei åtte, Elling Olson Villand og hans etterkomarar under nordre Villand, Lars Villand og etterkomarar under nordre og søre Grøvo osb. Og soga om dei som flytte ut or bygda, t.d. Torkjell, Nils, Svein og Margit, og etterkomarar deira, kjem under utflytte.

Ola fekk namnet Blank-Ola fordi han gjekk så sylva, med sylvknappar, sylvspenne og sylvsylgjer. Han vart holing då mor hans, Margit Tolleivsdtr. Nos - Uppsata, enkja etter Tolleiv Olson Uppsata i Ål ein gong etter 1688 vart gift oppatt med lensmann Gul Torgeirson Øvremyro i Hol, f 1636. Ola Tolleivson vart med mor si til Øvremyro, og vart difor også kalla Myro og Myreguten. Han heldt seg og på Hamarsbøen, hjå Birgit, syster si, gift med Helge Steensen Hamarsbøen (frå dei kom Hamarsbøen-ætta med dei mange lensmennene), Blank-Ola vart t.d. i 1714 kalla Hamarsbøen. Som enkje gifte Birgit seg oppatt med Lars Sveinson Brattåker, bror til Åse Sveinsdtr. Brattåker, mor til Ragnhild Ellingsdtr. Villand. Blank-Ola hadde tjukke slekta ikring seg på fleire av dei største gardane i Hol. Verbrøren, Lars Sveinson Brattåker, ei tid i Hallsteinsgard i Ustedalen, ei tid på nordre Sletto, til slutt på Rygg i Kvisla, var handelskar og ein rik mann, åtte ved skiftet i 1740 2733 rdlr.

bilete

HØGSETE OG STUGUSKAP I VILLANDSSTUGUN. (Bil. frå Hol I, s415.)

Blank-Ola var også handelskar, ein av dei store, han fór vide, og vart rik, - difor kunne han gå så sylva. Rikdomen, ættekjensla og eigen styrke gjorde han overmodig. Soga om då han slo sorenskrivaren under bordet og gladeleg betalte 10 dalar i tillegg til den bota han hadde fått, har gått på folkemunne til våre dagar og har gjort han til segnhelt (sjå LR: Vill. s 12 ff. og 69; Hol 1, s 450. «Nevaslag-soga» er elles knytt til feire, sjå Halvdan Koht: Bondereising s 238).

Blank-Ola vart gift med Ragnhild Villand i 1716. Dei overtok halve garden etter at Elling, far til Ragnhild, var avliden i 1720. Enkja Åse Sveinsdtr. heldt fram med å ha den andre halvparten. Blank-Ola var ein dugande bonde dei åra han hadde garden. Han lånte ut pengar til folk og slo til seg eigedomar ved pant.

Soleis gav han 1/2 1717 eit lån på 570 rdlr. til Eirik Kitilson Rue i Hovet mot pant i Rue og i Eiriks del i Faugelistølen, og i 1/5 i ei flaumsag (Ruesaga) og eit kvernhus. Etter at Erik Rue var borte i 1818, overtok Blank-Ola garden Rue og Faugelistølen. Han budde visstnok i Rue til han ikkje lenger fann seg «fornøyet» med det (truleg ti'l han overtok halve Villand). Og 24/2 1722 overdrog han panten i Rue og garden til ettermannen til Eirik Rue i ekteskapet, Ivar Eilevson Berg, frå Vats. Blank-Ola hadde sidan berre søre Villand.

I 1720 vart Blank-Ola stemnt for retten av Knut øvre Skøro fordi han tok halvparten av ein støl med bu, som Knut sa at han hadde kjøpt av verfar til Blank-Ola, Elling Villand. Det står ikkje kva dette var for ein støl. Blank-Ola møtte ikkje.

Etter Eksam.prot. 1723 hadde Åse og Ola Tolleivson på dei to halvpartane av søre Villand til saman: 2 hestar, 16 storkrøter, 3 sauer og 3 geiter, dei sådde 3 tn bygg og avla 16 lass høy, garden var mold- og skirlendt, heitte det.

Blank-Ola var ein av dei første i bygda som ville ha skogen sin utskift frå sameiga, - Brattåker var den første, som vi har høyrt, 10/9 1675, nordre Villand den andre, 23/10 1699, søre Villand etter opptak av Blank-Ola den tridje, 27/8 1723.

Grannane vart innkalla til søre Villand. Der møtte: Aslak nordre Villand, Ola Nedrejorde, Hermann og Holge Nedrejorde, Holge og Narve Øvrejorde, Tolleiv Grøvo, Nils Kleppo, Knut Grøt, Knut søre Mørk, Nils Kyrkjeluten, Herbrand Solheim -- Høgnerud og Johannes nordre Mørk. Ola Tolleivson ville ha greidt kva som høyrde han til både vestafor og heimafor elva. Aslak nordre Villand la fram delingskontrakta for nordre Villand frå 23/10 1699. Alle gjekk så ut for å sjå kva Ola Tolleivson skulle ha. På øystre sida vart det inga deling. Dei fór så over elva til ei vik, Bjorviki, der Ola Olson Brattåker la fram avtalen frå 10/9 1675, som viste kva grenser hans eigedom hadde vestafor. Søre Villand fekk så sitt vestafor utskifta (jfr. Eigedomstilhøva og utraster i Sør-Hovet, ovanfor).

Blank-Olas born føre ekteskapet:
  1. Eit barn f 1703 eller 1704; mor: ug Ambjørg Olsdtr. Strand, Ål.
  2. Haldis f 1704; mor: ug Birgit Aslesdtr. Djuvsjord, Votndalen, Ål (dtr. til Asle Eirikson Djuvsjord frå Tune og kona, Ragnhild Sveinsdtr. Nedremyr, Hol). Blank-Ola vart då kalla Myro. Halldis voks opp på nordre Breie, der mora vart gift med Knut Knutson Breie (f ca. 1730). Ho vart g m Engebret Torkjellson Sel (f 1700), og hadde ei dotter, Margit, f ca. 1730, g m Per Halvorson Uppheim, som overtok Sel.
  3. Tolleiv Olson (Villand) f 1714; mor: ug Ragnhild Ellingsdtr. søre Villand, Blank-Ola då kalla Hamarsbøen.
  4. Tolleiv Olson f 1715; mor: ug Kari Olsdtr. Mehus, Kvisla. Blank-Ola då kalla Villand. Tolleiv vart fødd etter at Blank-Ola og Ragnhild Villand var gifte. Han var gift 2 gonger og fekk mange etterkomarar (sjå Sjugurdhaugen i Lio).

    Blank-Ola og Ragnhilds born i ekteskapet.
  5. Nils Olson Villand f 1717 g m Margit Sjugurdsdtr. Nos, Ål, fekk halve Arnegard-Nos med henne, hin halvparten fekk han av farbror sin, Tolleiv Rikansrud.
  6. Torkjell Olson Villand f 1719 g m Birgit Jakobsdtr. Rue, Hovet, byggmeister, lensmann, prokurator, hadde Nyhus i Torpo, sidan nedre Sundre i Ål.
  7. Elling Olson Villand f 1721 g m Mette Persdtr. Hjermann, Lærdal, Sogn, f 1728, hadde nordre Tune i Ål, sidan nordre Villand. Sjå om borna og etterkomarane deira under nordre Villand.
  8. Margit Olsdtr. f 1724 g m Eirik Olson Barskrind, Torpo, Ål, fekk garden Rikansrud og budde der.

Ved skiftet etter Ola Tolleivson Villand 13/7 1724 hadde han mange uteståande krav, i alt 1677 rdlr. Utanom fastegodset var eiga 1489 rdlr. Krøter: 2 brune hestar, 7 kyr (Bufri, Bjørføg, Bondekyr, Molsi, Morlik, Mariføg, ei kvige), 2 kalvar og 8 sauer. Likferda hadde kosta 20 rdlr.

Om Blank-Ola sjå elles LR: Villandane, og Hol 1, s 450, 0. Olafsen og Rikard Berge: Villandsætten. Sjå òg Halvdan Koht: Norsk Bondereising 1926, s 238.

Kring 1728 gifte Ragnhild seg oppatt med Ola Larson Uthus - Fossgard, frå Ustedalen.

1728. Ola Larson Fossgard - søre Villand f 1694 d 1753 g m enkja Ragnhild Ellingsdtr. Villand f 1692 d 1752.

Til å byrja med hadde dei halve garden, for Åse Sveinsdtr. sat med den andre halvparten, også etter at ho hadde vorte oppattgift til Skøro. Seinare løyste Ola Larson og Ragnhild inn også den delen ho hadde hatt.

16/7 1731 gjekk utskiftinga av skogen og hamna heimanfbr ovanfor gardane føre seg, der det før hadde vore sameige mellom søre og nordre Villand og Øvrejorde og Nedrejorde. Ola Larson møtte for søre Villand og «Pål Villand», dvs. Pål Skøro, for Åse Sveinsdtr. For nordre Villand møtte Aslak Sveinson. Dei to Villandsgardane fekk sitt nørdst, og parten deira vart delt mellom dei to gardane; sunnanfor dei kom Nedrejorde og så Øvrejorde. Dei gamle «kannedele» mellom gardane vart nemnde.

Borna til Ola Larson og Ragnhild:
  1. Ola Olson Villand f i mai 1729 g m Mari Henriksdtr. Dehlen f 1732, hadde Tufto i Kvisla, «Villandstuften».
  2. Lars Olson f 1731, hadde nordre Grøvo, ei stund også søre Grøvo, g 2 gonger, sjå nordre Grøvo.
    Mel. etterkomarane hans: Anna Larsdtr. Uthus, f 1829, g m fabrikkeigar Peter Jebsen, f 1824, grunnleggjaren av Arna fabrikker ved Bergen, o.m. sjå utflytte frå øvre Uthus, Ustedalen, bil. her s 288.
  3. Svein Olson Villand f 1733 g 1864 m enkja Anne Torjusdtr. Sato, Ål, hadde nedre Sato, døydde fredlaus (sjå utfl. nedunder).
  4. Knut Olson Villand f 1741 g 1769 m Ågot Guttormsdtr. øvre Larsgard f 1741 (foreldra hennar flytte seinare til Hølun i Nord-Hovet, som dei tok unna øvre Larsgard). Knut kjøpte Annfinnset, og han og Ågot budde der.

Ågot flytte som enkje til Sande i Vestfold med to døtrer, ei av dei, Ragnhild Knutsdtr., kom til Oslo, sidan til Bergen. Ho kalla seg Ragnhild Villand. Son hennar var målaren, forretningsmannen, skipsreiar og stor mæcen i København, etatsråd Christian Holger Stoltenberg (sjå også utflytte frå Annfinnset og bil. her s 290).

Samlivet mellom Blank-Ola og Ragnhild var godt, ho kunne berre av og til vera litt «hastig» mot han, vitna son til Ragnhild i 2. ekteskapet, Ola Olson, i 1752. Men tilhøvet mellom Ragnhild og 2. mannen vart mindre bra. Det vart sak mellom dei, som byrja 25/6 1749, og vitna drog fram mange mindre hyggjelege ting. Men det var òg soger som var sanka saman frå eit tidsrom på 10-12 år.

Då eldste sonen til Ragnhild og Blank-Ola, Tolleiv, gifte seg, og skulle overta garden, kjøpte Ola Larson og Ragnhild 29/10 1744 nordre Villand av kapt. des armes Henrik Dehlen (gm syster til kona til Tolleiv), og flytte dit, - dei heldt gardssyn der 7/6 1743. Like etter jula 1751 kom hendinga då Tolleiv i eit drykkjeras ute i garden med ein vedkubbe frå eit vedla der slo mor si over armen så det vart blåe flekker, - fordi ho nekta han meir å drikke. Både Ragnhild, kona hans, og halvbroren Ola melde Tolleiv for brutal framferd. Saka mot Tolleiv kom opp samtidig med saka mellom Ragnhild og Ola Larson. Men under dette døydde Ragnhild i 1752.

Det er sagt om Ragnhild at ho var eit hovud høgre enn andre kvinner, vakker og stateleg. Det er òg sagt at ho kunne vera brå og hard, og det som kom fram ved rettssaka med andre mannen, Ola Larson, viser òg det. Men i vitneprova finn vi òg ei kvinne som var oppteken med sitt husstell, laga mat og stelte klede, var oppteken med tøy, garn og leting, smettagrind og smettaband. I ei rettssak møter vi henne i ferd med å henge opp garn til tørking i svala. Vi skjønar at ho brukte briller. Skiftet etter henne har den lengste liste over gangklede og kvinneleg utstyr, som vi har funne i noko skifte i Hol og Ål (sjå Hol I, s 366). Der var òg eit sylvbelte, verdsett til heile 16 rdlr., 3 forgylte fingerringar av sylv, 2 forgylte brystspenne og 2 mindre sylvspenne. Dotter til Ragnhild og Blank-Ola, Margit Rikansrud, fekk alt dette sylvet. Truleg har vi her noko av sylvstasen til Blank-Ola.

I skiftet etter Ragnhild finn vi òg ein Brochmands Huspostil, ei Tomas Kingos salmebok, Katekismesongar, og ei gamal Kierkebog. Vi veit at Blank-Ola kunne både lesa og skrive, truleg kunne Ragnhild også lesa.

Ola Larson døydde litt over eit halvt år etter Ragnhild, han vart gravlagd 8/2 1753. Buet etter han var ikkje så rikt som det etter Blank-Ola, - bruttoeige 651 rdlr., netto 454 rdlr.

Tolleiv overtok garden visstnok i 1744.


Sist oppdatert: 2005-07-19
Per Villand