Det følgjande er eit tilrettelagt utdrag av Folk og fortid i Hol IV.Hol IV


Søre Villand (1744-1973)

Tolleiv overtok garden visstnok i 1744.

1744. Tolleiv Olson Villand f 1714 d 1778 g m Kari Larsdtr. nedre Sundre (Larsgarden), Ål.

Kari var dtr. til Lars Olson nedre Sundre f ca. 1689 og kona, Birgit Torsteinsdtr. frå Stave. d 1732. Ho var av Sindre-folket på nedre Sundre, som hadde site på garden lenge. I 1723 kjøpte foreldra til Kari garden øvre Sundre. Ei syster til Kari Larsdtr. Sundre. Margit Larsdtr., var gift med kapt. des armes Dæhlen, som Ola Larson Fossgard — Villand og Ragnhild Ellingsdtr. kjøpte nordre Villand av i 1744.

Tolleiv fekk skøyte på heile garden søre Villand 11/10 1747. Villandsstugu, som no står på Hallingdal museum på Nes, vart nok bygt for Tolleiv av broren Torkjell i 1744 eller like etter. I 1824 vart ho måla av meisterrosemålaren i øvre Hallingdal den tid, Embrikk Bæra (om stugu med bil. sjå Hol I, s 415 ff.).

8/6 1747 selde Tolleiv sin lut og del i Urundlien med ein støl, Larsolastølen, som i mange år hadde lege øyde, vart det sagt, for 20 rdlr. til Ola Helgeson søre Sletto og Svein Ivarson nordre Sletto i Hovet. Det fanst ikkje andre hus der enn eit gamalt utrote fjøs og ei roten løe, heitte det.

I 1748 stemnde Tolleiv og stykkfaren på nordre Villand saman med Helleik Høgnerud Ola Hermannson Nedrejorde, fordi han og dei på Nedrejorde siste summaren hadde site på stølen deira Varaldset med ei stor mengd krøter og beitt stølen ut. Ola Nedrejorde sa at dei hadde felles støl på Varaldset og at Nedrejorde ikkje hadde nokon annan støl. Han hadde òg sendt vitnefast bod til dei andre eigarane før han buførde, så dei kunne koma og få same del i beitet, men dei gjorde ikkje det, så dei på Nedrejorde vart sitjande der åleine. Dei hadde ikkje vore der året før, difor måtte dei ha så mykje krøter der då (36 stykke), for å få hevda opp vollen, sa dei. Torkjell Villand var sakførar for broren og for hans part, og som så ofte gjekk han laus med voldsom formalprosedyre: Ola Nedrejorde måtte prove at han hadde rett til å sitje på Varaldset og ikkje fare med laust snakk! Men det var nok lettare sagt enn gjort for Nedrejorde; for garden hadde hatt rett der så langt att i tida at det ikkje fanst papir på det. Saka vart utsett. At Nedrejorde åtte noko i Varaldset går òg fram av at ved skøyte 11/4 1777 selde Ola Hermannson Nedrejorde langstølane gamle Varaldset og nye Varaldset (el. Odden) til Lars Asleson Nestegard i Holet, — etter Nedrejordes skyld, 15 løbbol.

bilete

VILLANDSSTUGU - som ho stod på garden, no på Hallingdal folkemuseum på Nes. Bygt av Torkjell Villand i 1740-åra for broren Tolleiv Olson Villand (f 1715). (Frå R. Berge og 0. Olafsen: Villands-ætten, 1916, s 27.)

Tolleiv var den mest agelause av Villandane, heiter det. Og det var han nok i sine yngre år, særleg når han hadde drukke. Då både mora, kona og halvbroren Ola Olson gjekk til å melde han for overfallet på mora i drykkjeraset like etter jola, 26. jan. 1751, melde også kona han for voldsom framferd mot henne, men ho tok meldinga attende. Syskinbarnet til Tolleiv, lensmann Ola Hamarsbøen, måtte arrestere han. Han fekk med seg stort mannskap då han tok han, dei lurte seg på han. Mora døydde frå saka. Men Ola Olson heldt saka oppe, også for si eiga skuld. Og etter Norske Lov 6-5-3 (som baud dødsstraff for å leggje hand på foreldre) vart Tolleiv dømd til å miste livet.

Tolleiv vart førd til Akershus 12/1 1753 av lensmann Ola Hamarsbøen. Høgsterett stadfeste dødsdomen 8/1 1754. Kongen mildna domen til livsvarig fengsel. I 1755 søkte kona, Kari, om at han måtte sleppe fri, for garden forfall, og ho hadde fleire born å forsyte, ho klarte ikkje skattane. Og i 1757 slapp Tolleiv ut, mot å la seg verve som soldat. Innunder jol det året kom han heim. Han la vegen om Kvisla til halvbroren Ola, som då budde på Tufto der. For å vise styrken sin, tok han ein svær rå timmerstokk som låg ute i garden, og reiste han opp mot fjøsveggen, og bad så Ola skysse seg opp til Villand. Ola sa sidan at han aldri hadde vore så redd som då dei køyrde nordover moane. Sidan heldt Tolleiv seg i ro og stelte med eigedomane sine.

bilete

HØGSETE OG STUGUSKAP I VILLANDSSTUGUN. (Bil. frå Hol I, s 415.)

Tolleiv selde fleire stølar, truleg for å få pengar til å setja garden på fote att: såleis 14/1 1758 Varaldset-stølen til Andres Olson søre Nestegard i Holet, med stølsbu, fehamn og part i Varaldset fiskevatn, og 15/3 1758: Nedrestølen i "almindingen Strandelien", til Vebjørn Halvorson Sudndalen (Halvorgard), med så mykje som søre Villand åtte i Almenningen på "tre sida" av Strandavatnet og rett i Strandavatnet på øystre sida; og i 1771 langstølen Vegadalen til Kitil Johannesson søre Bry. I staden kjøpte han Raggsteindalen, noko av Eirik Jakobson Rue 19/7 1771, det meste av Knut Halvorson Larsgard 12/6 1772 (Raggsteindalen var opphavleg unna Gudbrandsgard, sjå Raggsteindal-soga).

Born:
  1. Birgit Tolleivsdtr. døypt 4/7 1745 g m Ola Larson Bekkestad — nordre Bry, seinare i Raggsteindalen.
  2. Ola Tolleivson døypt 28/5 1747, ug.
  3. Tolleiv Tolleivson døypt 141/3 1749 d 1783.
  4. Margit Tolleivsdtr. f 18/7 1751, g, i Sogn.

    Etter at Tolleiv var komen heimatt frå festningen:
  5. Elling Tolleivson Villand døypt 2/5 1760.
  6. Åse Tolleivsdtr. døypt 23/6 1765 d 1845 g m Lars Pålson søre Nerol f 1745. Hadde nedre Åker 1787-1802, (udelte) Øygarden 1803-08, kjøpte så søre Rime i Ål 1807, og flytte dit.

    Borna deira vart fødde på nedre Åker, vi har ført dei opp der. Dei flytte til Ål frå Øygarden, men dei var av Villandsætta, og ein av greina kom òg tilbake til søre Villand, der ætta heldt fram. Vi fører dei difor opp her òg og som utflytte frå søre Villand.

    1. Tolleiv Larson f 1789, g, kom tilbake og overtok Villand.
    2. Pål Larson f 1795.
    3. Ola Larson f 1798 d føre 1801.
    4. Jørand Larsdtr. f 1800.
    5. Kari Larsdtr. f 1807.

Ved skiftet etter Tolleiv Olson 29/6 1778 vart garden verdsett til 600 rdlr., lausøyren til 78 rdlr., uteståande krav 299 rdlr., til deling 327 rdlr. Eldste sonen, Ola Tolleivson, sa at han ikkje var i stand til å overta garden; mora heldt fram med å ha garden. Ola var 28/9 1782 med mora og delte Faugelivatnet, som søre Villand åtte ein fjordepart i. 2/5 1783 overtok Ola halvparten av garden (han løyste då ut syskina).

Det vart då to eigarar på søre Villand:

1783. Enkja Kari Larsdtr. Villand.
Og: Ola Tolleivson Villand f 1747.

8/2 1786 selde Kari sin halvpart til den yngre sonen, Elling Tolleivson. Altså framleis to eigarar:

1786. Frå før: Ola Tolleivson f 1747 d 6/12 1817, ug.
Ny: Elling Tolleivson Villand f 1760, då ug.

Ola Tolleivson hadde i 1775 fått ei bot på 100 rdlr., fordi han på ferja i Drammen skræmde ein hest som futen åtte, så hesten sprang på sjøen og drukna, — hesten hadde så «rare (sjeldne) egenskaber», vart det sagt. Det var nok med og gjorde at Ola ikkje greidde å overta heile garden.

10/10 1786 selde Ola stølen Faugelistølen med dei rettar som «tilkom gården Villand som det fra alders tid haver været brugt», til Sander Knutson myljo Sudndalen (Veslegard).

Då mora selde sin halvpart av garden til Elling, tok ho det atterhald at dersom Ola vart i stand til også å overta den halvparten, skulle han ha rett til det. Men det klarte han ikkje. Tvertimot:

6/3 1790 selde Ola sin halvpart til broren Elling, med Riskevatnet med fiskebu og pram, for 573 rdlr. Ved folketeljinga i 1801 heldt Ola til hjå syskinbarnet sitt på nordre Villand, Per Villand; skomakar.

1790. Eineeigar: Elling Tolleivson f 1760, g 1. g m enkja Kristi Olsdtr. Kleppo, g 2. g 1799 m Ragnhild Persdtr. nordre Villand f 1779 d 1835 (dtr. til syskinbarnet).

I yngre år viste òg Elling Tolleivson Villands-tøtet. Verbroren Ola Larson Bry (g m systera Birgit Tolleivsdtr.) klaga i 1794 Elling fordi han skulle ha slege Astri Olsdtr., dotter hans, eingong ho kom til Villand, og då ho sprang ut, greip han henne og slo henne med eit vedatre (sagt ved retten). I 1801 brulta han fælt på på garden Rukke i Rukkedalen, Nes, fordi han ikkje fekk dei pengane han hadde til gode av mannen der, Ola Gunvaldson. Den gamle mor til Ola vart mest skræmd frå vetet (sak på tinget 30/6 1801).

Men Elling vart seinare ein roleg, dugande og vyrd mann. Han vart den rikaste av alle Villandane. Først fekk han ein kveik med 1. kona, enkja etter Per Nilson III (udelte) Kleppo (f 1737), og sidan med 2. kona, dotter til syskinbarnet sitt, einaste barnet til rikingen Per nordre Villand; med henne fekk han òg garden nordre Villand, 1821.

Attåt gardsbruket dreiv han som handelskar, og tente òg godt på det. Ved forlikskomm. dreiv han i 1793 inn pengar av Tor Olson Halingstad for 5 stykker fe, og i 1826 av Torstein Torgeirson Kvåle på Voss 84 spdlr. for 8 festykke.

Elling ville ha det grust hjå seg. Han fekk Embrikk Bæra til å rosemåle den nye stugu som farbroren Torkjell Villand hadde bygt for faren, Tolleiv Villand, i 1740-åra, med bilete av seg sjølv og kona i høgsætet.

Elling kjøpte 28/6 1804 Belgvasstølen på veståsen av Knut Gauteson Gautedokken for 37 rdlr. Av systerson sin, Ola Olson Raggsteindalen, kjøpte han 14/4 1819 hans halvdel av sjølveigarbruket nordre Raggsteindalen. Eigar av hin halvparten var då den andre systersonen hans, Tolleiv Olson Raggsteindalen (f 1777), og til han bygsla Elling 5/5 1828 sin halvdel òg, bygselavgift årleg: 20 bpnd. fjellsmør, 20 bpnd. gamalost og 20 bpnd. innkokt prim, «slett ikke røreprim», heitte det, å levere på Villand ved jolebel. I 1830 kjøpte Elling også halve Larsgard av Asgrim Larson Larsgard, med unnatak av Stryknastølen, heimstølen Taterland og Vesle-Hallsteinsgard.

Som eldre var Elling prestens medhjelpar i mange år. Når omgangsskolen var på søre Villand hjå Elling, måtte det vera så stille. Han tola ikkje bråkande «kvednahuslesing», er det sagt. Hjå han var husmannsguten Tor Knutson, «Lybekk-Tor», som gjætargut, ved hans hjelp vart han skulemeister, seinare Tor Villand, — etternamnet tok han frå søre Villand.

bilete

ELLING TOLLEIVSON VILLAND (f 1760) og kona, RAGNHILD PERSDTR. NORDRE VILLAND (f 1779) — måla i høgsetet i Villandsstugun, av Embrikk Bæra. (Bil. frå Hol I, s 463.)

Elling hadde ingen born med Kristi og Ragnhild. Då Ragnhild var død 11/3 1835, selde Elling 24/6 1835 søre Villand med stølseigedomen søre Raggsteindalen og Heggjislettadn til systersonen på Rime i Ål, Tolleiv Larson Rime, og nordre Villand til halvbror til Ragnhild, Knut Eirikson Verpe, Ustedalen. Tre dagar etter, 29/6 1835, døydde Elling.

Det vart ein svær auksjon over bu og buskap etter han og kona. Han tok til 28/9 1835, og vara i åtte dagar, og spurdest både vidt og breidt. Det kom folk heilt frå Lærdal og Luster til den (skyldfolk til Ragnhild). Det heiter at der var det meisterdansarar og spelemenn og langeleikspelarar med. Der vart selt lausøyre for 2006 spdlr. Kjøpesummen for kvar av gardane var 1000 spdlr., bruttoeige 9 524 spdlr., netto: 8 778 spdlr., mange hundre tusen i vår tids verde (etter auksjonsprotokollen).

Tolleiv Olson Raggsteindalen, son til Birgit Tolleivsdtr. Villand og Ola Larson, fekk kår i søre Villand for odelsretten sin til garden.

Eigar av søre Villand vart då:

1835. Tolleiv Larson søre Rime — søre Villand f 24/6 1789 d 1857 g m Kari Aslesdtr. Lofthus, Ål, f 14/9 1800 d 1901 (over 100 år gl.).

Foreldra til Tolleiv, Åse Tolleivsdtr. Villand (yngste dotter til Tolleiv Olson Villand f 1714), og Lars Pålson Nerol, hadde kjøpt søre Rime i Ål i 1807. Tolleiv overlet no Rime til syster si, Kari Larsdtr., og overtok søre Villand.

I 1836 overtok Tolleiv Larson også 1/38 i Hol kyrkje som Elling Tolleivson hadde hatt. Tolleiv var først skulemeister, tilsett 1807, tok avskil i 1827, 7-8 år før han vart bonde på Villand (Hol II s 412). Han var vel då betre opplyst enn dei fleste. Han var med og skipa det første fråhaldslaget (måtehaldslag) i Hol i 1847. I 1836 var han med i ein komite til omskiping av skulen.

Tolleiv L. Villand var medarbeidar til Ivar Aasen, skreiv stykket «Buføringji», som er trykt i «Prøver av Landsmålet» og Norske minnestykke av Aasen, opplyst i manus til Ivar Aasen (Magne Myhren, brev til oss 25/10 1976).

Etter han finst ein «Lars Lindrots fuldstændige Huus-Postille tilligemed hans skriftetaler. Oversat fra det Svenske af O. Blix, cand. i Theologie, Stavanger 1834».

Tolleiv var i 1836, som medeigar i Kleppestølen på veståsen, saman med nordre Villand og gjorde ei delekontrakt der (stølen høyrde frå gamalt til båe gardane).

Kari Aslesdtr. var kjend for å laga framifrå gamalost.

Born:
  1. Guri Tolleivsdtr. f 3/2 1834 f på Rime i Ål, ho var på Villand i 1875, d ug.
  2. Elling Tolleivson Villand f 5/12 1837.
  3. Åse Tolleivsdtr. f 29/11 1840 g m Henrik Knutson Gjivsjord (Dybsjord).

29/1 1856 selde Tolleiv Larson garden til sonen Elling saman med 1/38 av Hol kyrkje.

1856. Elling Tolleivson Villand f 1837 d 19/12 1906, ug.

Tolleiv og Kari tinga seg eit tungt kår hjå Elling: Forsvarleg fødsle av 4 kyr (kårfolka skulle skaffe kyrne, men når ei kyr fall frå, skulle kårytaren skaffe ei ny), ei skulle bera føre jol, kvar haust 6 vaksne sauer med ulla på, første hausten 9, årleg 5 tn bygg, 6 settung rug og 40 settung poteter, alt av det beste som voks på garden, bruken av kammerset i nedre stugun og øvre høgda i loftet, hest til kyrkja og andre stader, fôring av hestar som gjester måtte ha med, fri turking og maling på gardskverna. Når den eine kårtakaren fall frå, skulle halvparten av kåret falle bort (bortsett frå dei 6 sauene). Kårkyrne skulle kårytaren få til slutt, mot å koste gravferda til kårfolka.

bilete

ELLING TOLLEIVSON VILLAND, f 1837 d 1906 — den siste av den gamle Villandsætta på søre Villand, i svala til Villandsstugu medan ho endå stod på garden. (Bil. frå Hol I, s 415.)

Mora, Kari Aslesdtr., var ættbyrg, og umåteleg kravfull, t.d. med omsyn til reinsemd. Det seiest at Elling aldri kom til å gifte seg, fordi det var inga jente som vågde å koma på garden. Det gjekk tungt for Elling også i dei vanskelege 1880-åra. Han måtte ta opp fleire lån, dei største av aurlendingane Ivar Knutson Veum, Guttorm Øysteinson Bergkvam (kr. 1 200 i 1881), og av Nils Olson Ryum (kr. 2 000 s.å.). Det vart fleire eksekusjonar hjå han, i 1885 for gjeld til Nes sparebank, i 1888 for gjeld til Øystein Olson Ryum og for kremargjeld til landhandlar Tolleiv Sundre og lån i Ål sparebank.

Ved skøyte 24/3 1890 selde han så garden til Pål Pålson Aslegard, Skurdalen; han overtok i 1889, kårkontrakt 24/4 s.å.

Elling Tolleivson var den siste på søre Villand av den gamle Villandsætta, som hadde site på garden frå 1590, i 300 år (sjå bil. av han i svala til den gamle Villandsstugu, s 271).

1889. Pål Pålson Aslegard — Nygard — søre Villand f 26/I 1856 d 26/7 1925 g m Sissel Larsdtr. Øvrejorde f 26/6 1868 d 1947.

Pål var fødd i Nygard i Skurdalen. Han byrja som kråmkar og heldt fram som fehandlar. På Villand byrja han eit storstilt nybrotsarbeid, braut opp ca. 50 mål steinut mark og køyrde bort ca. 80 000 lass stein. Han selde den gamle «Villandsstugu» (til Hallingdal folkemuseum, Nes), og dei gamle stallane med trev over (til Drammens museum); bygde ny tidhøveleg driftsbygning (1897) og ny hovudbygning (1916). I 1907 hadde dei på garden: 3 hestar, 10 kyr, 1 ukse og eit ungkrøter, 7 kalvar, 2 sauer og 2 lam, 27 geiter og 8 killingar. Av dei 51 mål som då var dyrka, var 22 mål kunstig eng, dei sette 6 hl. poteter, og sådde 7,9 hl grønfor, og noko grasfrø. Han var ein av dei første som kjøpte slåmaskin (saman med grannen). Pål var ein føregangsmann i februket, han innførde Telemarks-rasen og hadde stadig 1. og 2.-premiar for samlingar og einskilddyr. Han fekk Buskerud Landbruksselskaps sylvmedalje for framifrå jordbruk og for fremjing av feavlen. Sissel Villand var kjend for sine framifrå landbruksprodukt, ikkje minst for geitosten sin.

Søre Villand hadde stølseigedomen søre Raggsteindalen. Ved skøyte 21/3 1893 kjøpte Pål også fjellgarden nordre Raggsteindalen av Tolleiv Tolleivson Raggsteindalen for kr. 2 000. 1898 selde han unna jakt- og fiskeretten i fjellet til Nils og Christoffer Berg for kr. 7 000 (teke att etter jordlova av sonen Lars Villand i 1946). Kring 1905 selde han Riskevatnet til Ola O. Sletto, unnaskylddelt 1921. I 1903 vart stølen Leine unnaskyldskift til Lars T. Haugen, og 1909 Øvrestølen (Strøm) til Arne K. Villandseie (til småbruk), i 1912 Villandsbakkane til Asle Sveinson Bøkko. Han slo innmarka på fjellgarden nordre Raggsteindalen saman med dei tidlegare plassebruka i søre Raggsteindalen og brukte det heile til langstøl, han gjorde stugu til stølsbu (i si tid flytt dit frå Sand i Kvisla) og bygde fjøs.

Knut Henrikson Gjivsjord stemnde 10/5 1893 Pål Villand for å prøve å ta att garden på odelen til kona, Åse Tolleivsdtr. Villand. Overodelstakst vart fastsett til juli s.å. Advokaten til Pål Villand heldt fram at no då det såg ut til å bli jernbane gjennom Hol, måtte prisen på garden setjast kraftig opp, han nenmde kr. 25 000 (Pål hadde gjeve kr. 8 000). Knut Gjivsjord gav då opp å ta garden att.

Born:
  1. Lars Pålson Villand f 28/3 1891.
  2. Anne Pålsdtr. f 3/8 1893, g, til Sigdal.
  3. Jorunn Pålsdtr. f 1894 d 1908.
  4. Kristi Pålsdtr. f 18/11 1896 g m Hermann Tolleivson søre Tufto, Ustedalen, hadde Tufto, flytte til Aker — Oslo og Modum.
  5. Birgit Pålsdtr. f 5/9 1898, helsesyster, Oslo.
  6. Sissel Pålsdtr. f 12/2 1901, styrar av barneheim, Vikersund.
  7. Pål Pålson Villand f 14/I 1903, hotelleigar, Gol.
  8. Ingeborg Pålsdtr. f 25/6 1904, g, har gard ved Skien.
  9. Eirik Pålson Villand f 25/10 1906, hotelleigar Vikersund.
  10. Torstein Pålson Villand f 17/9 1908, g, i Oslo.
  11. Jørann Pålsdtr. f 21/4 1912, g, i Oslo.
  12. Ragnhild Pålsdtr. f 3/3 1915, ug, tilsett ved barneheim, Vikersund.

Året etter at Pål Villand var død, 6/11 1926, selde Sissel Larsdtr. garden til eldste sonen, Lars. Av Raggsteindalen fekk han og broren kvar sin del.

Pål overtok der det som ligg vestafor elva med dei nedlagde stølane Søre og Nordre Villandsstølen (Sørestølen og Nordrestølen) og Venebotten på austsida lenger nord i dalen (gamalt læger), — alt skylddelt unna under namnet Vestre Raggsteindalen (gnr. 30 bnr. 35, skyld 1,08 mark).

Birgit, Sissel og Torstein bygde i lag hytte på Nordrestølen, på murane til den gamle stølsbua.

Hamna har i mange år vore leigt bort til Henrik og Kari Mørk, som har rudt ein ny støl og for eiga rekning bygt nytt stølshus der, i hyttestil.

1926. Lars Pålson Villand f 1891 g m Liv Steingrimsdtr. Arnegard, Ål, f 10/12 1899 d 10/5 1961.

Liv var dotter til Steingrim Nilson Holto — Arnegard (f 1849) og kona, Guri f Stølen. Lars gjekk Buskerud landbruksskole; byrja som fehandlar. Bygde så i 1923 ei turisthytte nordi Raggsteindalen, ferdig i 1924 med 10 senger. Etter at han overtok garden heldt han fram med turisthyttedrifta. I 1928 hadde han utvida til 25 senger. Hytta brann i påsken 1931. Han bygde då ei større hytte sørved Strandavatnet. Han har utvida fleire gonger, sist i 1961 til 90 gjester; modernisert. Fekk 1947 elektrisk straum frå eige dieselaggregat, og frå Hol El. verk i 1958, samtidig køyre- og bilveg fram til hytta. Skaffa seg til hytta weasel, Snowtrekk og stor motorbåt.

bilete

SØRE VILLAND I DAG — Nordre Villand t.v. (Foto: Lars Bry 1973.)

På garden bygde Lars i 1953 nye uthus med heiselåve, og moderniserte drifta med mjølkemaskiner, automatisk vatning osb. I åra 1919-49 var han fast prisdomar ved fesjå i Buskerud, fekk diplom for innsatsen på det området.

I Raggsteindalen var før ikkje mindre enn 8 stølar: Søre og nordre Raggsteindalen, som låg voll i voll, og som i seinare tid var brukt under eitt (nordre var det tidlegare sjølveigarbruket, der det var vetrebuande folk til 1893), Sløaskarstølen og Resestølen (som hadde vore stølar til fjellgarden Nordre Raggsteindalen, sidan nedlagde), Viki, Eiriksstølen, Sørestølen og Nordrestølen. Til Pål Nygard overtok i 1890 hadde dei sistnemnde stølane vore brukte som langstølar, etter tur, men vart no nedlagde. Gamle Kari Lofthus Villand heldt Viki (ved Strandavatnet) for å vera gjævaste stølen, der ville ho helst vera. Der var ei steinbu med tre rom, noko som var sjeldsynt. Jfr. Raggsteindalsoga.

I 1940-50-åra slutta dei på søre Villand å drive stølsbruk; dei leiger bort stølen i Raggsteindalen, mjølka og fløyta går med til hytta og turistane. I 1946 løyste Lars inn att jakt- og fiskeretten i fjellets etter jordlova, for kr. 19 500 (og sakskostnader). Han selde 1941 husmannsplassen Fløto til Olaf Villandseie, og plassen Villandsmoen 1942 (den siste unna båe Villandsgardane).

Ved skøyte 1962 vart Raggsteindalen turisthytte selt av Liv Villands dødsbu til dottera Sissel Larsdtr. og mannen hennar, Marvin Holestøl, for kr. 100 000. Sissel Larsdtr. Villand er no styrar av hytta. Men Lars er framleis å finne der når hytta er open (1972).

Lars var ei tid medlem av kommunestyret, har elles vore med i ymse anna kommunalt styr og stell.

  1. Barn føre ekteskapet:
  2. Paul Breiehagen f 18/7 1922, Ål, mor: Guri Levordsdtr Tolleivsgarden Nos, f 1894 (seinare g m Tomas O. Breiehagen, Ål), journalist, medl. av Ål kommunestyre og formannskap, oppnemnd form. i kulturutvalet for Hallingdal region, nestform. i Buskerud fylkes arbeids- og tiltaksnemnd, form. i styret for Ål bygdemuseum, og mange andre tillitsverv; aktiv i ungdoms- og fråhaldsarbeid. Eige hus i Ål. G m Birgit Tomasdtr. søre Sletto, Hol, f 1921. Born:
    1. Per Tore f 1960
    2. Guri Sissel f 1965

    Lars og Livs born:
  3. Sissel Larsdtr. Villand f 20/7 1923 g m Marvin Larsson Holestøl f 2/6 1923, 1. assistent ved Ruud Kraftverk, bur i funksjonærbustad i Rue. Overtok 1/1 1963 Raggsteindalen turisthytte. Born:
    1. Lars f 1954.
    2. Steinar f 1957.
  4. Pål Larson Villand f 26/7 1924.

I 1955 selde Lars garden til sonen Pål:

1955. Pål Larson Villand f 1924, g 1958 m Aase Lindstad, Nes på Hedmark, f 25/4 1938.

Aase er dotter til Per Lindstad frå Fåberg og Louise Granerud, Nes på Hedmark. Pål selde 1962 unna Moberg I for kr. 1 000 og Moberg II for kr. 400 til Lars Høgnerud. Uthusa brann i 1959; nye moderne vart bygt oppatt. Pål har maskindyrka ca. 10 mål steinut skoglende nede på flata. Driv no (1962) mest med sau, har 125 lamsauer, men har og hest og 2-3 griser. På garden har dei moderne maskinelt utstyr: traktor med høysvans, silosvans og sleperiver, plogar og harver. 1965 kjøpte Pål av faren jaktretten til søre Villand og Raggsteindalen (for kr. 5 000). Pål er med i kommunestyret og har ymse tillitsverv elles (1970).

Born:
  1. Liv Pålsdtr. f 26/9 1959.
  2. Lars Pålson f 17/11 1962.
  3. Per Pålson f 15/10 1963.
  4. Mette Pålsdtr. f 6/6 1967.

Sist oppdatert: 2005-07-19
Per Villand