Det følgjande er eit tilrettelagt utdrag av Folk og fortid i Hol IV.Hol IV


Søre Villand


14 løbbol + 1 får krongods, innløyst 1712, seinare det heile 18 4/5 løbbol (nemnt 1887). Gnr. 30 bnr. 1, eldre matr.nr. 152 lnr. 398, skyld 5 dlr. 4 ørt 2 skill., 1887: 9,86 mark, 1904: 8,39 mark, 1968: 4,06 mark.

Plassar under søre Villand, i Hovet: Øvrestølen (Strøm), Kamben, Villandsmoen - Moen (også under nordre Villand), Hølgiifløto - Fløto, og Villandsbøkko - Bøkko.

På Strønden: Eivindsleine - Gautesleine (Leine), vesta Strandavatnet; unnaskilt som bruk: nordre Raggsteindalen. Om desse sjå bnd. V.

Dei to gardane Villand ligg eit stykke nordanfor Hovsfjorden, der Storelva gjer ein sving og gjev plass til ein furumo nedanfor. Nordre Villand på 17 1/2 løbbol var noko mindre enn søre. Husa på dei to gardane låg før i ei klyngje. Husa på nordre garden har i våre dagar vorte flytt noko nordover.

I NG heiter det at namnet Villand kanskje kjem av Vidland, vidt land, «for der er (efter Egnens Forhold) store Flader» (V, s 165). Vi har i Hol I (s 102) peika på at namnet truleg heller kjem av Veland, av gln. ve, vigd, heilag stad. I gjengjerdsskattelistene 1528 er namnet skrive Velland, og så seint som i 1755 skreiv presten Quam Veeland (Mandtal over prestelige rettigheder). Villandsgardane ligg ikkje langt frå det som var kultursentret i Hovet i si tid, Larsgard-Hallsteinsgard-Ovavoll. Særleg på nordre Villandsjordet har det vore gjort rike oldfunn, ein del frå merovingertid (500-700 e.Kr.) og mykje frå y.j.a., både manns- og kvinnegraver. I den tid var det nok ein gard. I Hol I har vi vist at her i førkristeleg tid truleg har vore ein verdsleg midstad i bygda, der truleg vebanda har stått (rettsstaden). Det kan òg vera at Veland kjem av Vedland, skogland.

bilete

VILLANDSGARDANE -- låg opphaveleg tun i tun. Søre Villand har fått ny hovudbygning. (Foto: LR, ca. 1920.)

Villandvaldet nådde frå Varaldset-fjellet i aust, til øvst i lia i vest, til sameigene i Urundlien og på Strønden. Nede i bygda har sikkert dei to Gjordum-gardane, og dermed og dei to noverande Grøvo-gardane vakse fram i det opphavlege Villandvaldet. Men sidan denne åtskiljing ligg så langt att i tida, handsamar vi desse gardane som eit vald for seg, Gjordum-valdet, etter garden dei gjekk fram av, Gjordum (sjå denne).

Attåt Varaldset, som var langstølen til alle desse gardane (sjå «Eigedomstilhøva i Sør-Hovet», ovanfor), hadde søre Villand i første halvpart av 1700-talet ein støl i Urundlien, Larsolastølen, som Tolleiv Olson Villand selde unna i 1747, Nedrestølen i Strandalien, og Vegadalen (som Tolleiv selde unna i 1758). Blank-Ola ser ut til å vera den første som tok til å utvide Villandvaldet til vestsida av Strandavatnet i fjellet, idet han 1/2 1717 fekk pant i to heimstølar og ein langstøl i Faugeli, som han då òg brukte, for eit lån han hadde gjeve til Eirik Kitilson Rue i Hovet. Og 19/7 1771 kjøpte så sonen, Tolleiv Olson Villand, den delen av Raggsteindalen som Rue då åtte. - på det vilkåret at han ikkje skulle «fornærme» hamnene på den gamle stølen Faugelistølen når Rue sat på denne. 12/6 1772 kjøpte Tolleiv også nordre Raggsteindalen, av Knut Halvorson nordre Larsgard (kjøpt unna Gudbrandsgard, Nordre Raggsteindalen har gårdsnummeret til nordre Larsgard). Søre Villand må under Blank-Ola eller sonen Tolleiv ha vorte eigar av stølen Faugelistølen, for 10/10 1786 selde Ola, son til Tolleiv, og mor hans (enkja etter Tolleiv) Faugelistølen med alle rettar til Sander Knutson Sudndalen. 12/6 1772 hadde Tolleiv Villand også kjøpt den andre halvparten av Raggsteindalen, søre Raggsteindalen, av Knut Halvorson Larsgard (også opphavleg komen frå Gudbrandsgard). Frå då av var søre Villand eigar av heile Raggsteindalen, garden flytte med langstølen sin frå Varaldset og dit. Den dag i dag høyrer Raggsteindalen, med dei mange mindre stølane som er der, til søre Villand (sjå Raggsteindals-soga).

Skogen til garden låg i vestlia, der Blank-Ola alt i 1723 fekk søre Villands del utskift frå skogen til nordre Villand, Øvrejorde-Grøvo og Nedrejorde.

Under søre Villand vart det på 1700-1800-talet fleire plassar (sjå desse nedunder).

Same ætta sat på søre Villand heilt frå 1593 til 1899, «Villandsætta.» Og denne ætta hadde over lengere tidsrom også nordre Villand, der ei sidegrein av ætta framleis sit. Ætta spela i lang tid ei dominerande rolle i bygda, ved evner, eigedom og rikdom og til dels ved voldsomt temperament. I tre fire ættleder, frå ca. 1700 til langt ned på 1800-talet, skapte medlemmer av ætta så mykje dramatikk i bygdesamfunnet at soger har gått om dei til våre dagar, ei lita ættesoge i islandsk stil. Soga har då og vorte nytta til etterrøknader i slike sannsegner, i sanningstruskapen i tradisjonen som historisk kjelde (LR: «Villandane. Ein etterrøknad i norsk ættesoge» utgj. av Det No. Videnskapsakademi i Oslo, 1939). Det har vorte ein heil liten litteratur om ætta, forutan Vill., Søgnir frå Hallingdal, 1968, 0. Olafsen og R. Berge: Villands-Ætten, 1916. Hol 1, s 449--486, og romanane av Lalli Knutsen: Farlig blod. Av Villandsættens saga, 1954, og Villandsbrødrene, l955. Farlig blod har også kome ut i Tyskland, Gefährliches Blut, Berlin 1956, og i Frankrike, Sang dangereux, Paris 1961. Den nyaste: Bjarne Hodne: «Personalhistoriske sagn», Oslo 1973 (doktoravhandling), gjev att mykje av LR: «Villandane» og handsamar fleire av segnene om personar av Villands-ætta.

bilete

BIBEL PÅ VILLAND, FRÅ 1723. Jakob Eirikson Rue, Hovet (f på Voss 1680) har skrive i boka at han kjøpte bibelen i Christiania 8/3 1719 for 2 rdlr. Deretter heiter det: «Anno 1723 dn. 6 Martii kiøbte jeg Olle Tolefsen Wiland denne Bog af Jachob Erichsen og gaf hanem I Rdr. og 3 ort og en oxe pes (uksepeis) for dene Biblia, og ieg kiøbte hanem ad min elste søn Tolef Ollessen. Gud hjelp hanem thil at læse og forstaa saa hand himmerig og den evige glede kand få. Amen.» (Nok ført i pennen av ein annan, kanskje Jakob Rue.) (Foto. Johs. Brye, 1973.)



Sist oppdatert: 2000-11-05
Per Villand