Frå Folk og fortid i Hol, bind II,Hol II s 82 og 103:


bilete

Pål Villand


Å ta seg til å nemne einskildmenn som har vore fyregangsmenn i jordbruket i det siste er vågsamt. Men sume er vel alle samde um står i ei serstilling just fordi dei gjekk i brodden. Pål P. Villand var i si tid den fremste. Garden søre Villand gjorde han til eit mønsterbruk. Han la 40 mål nytt land under plogen, køyrde vekk 80 000 lass stein. Han tok ned dei fleste av dei gamle husa og bygde garden uppatt so å seia frå nyo (stolphuset og loftet står att av det gamle). I kona si, Sissel, f. Øvrejorde, hadde han ei framifrå hjelp. Jordbruksprodukta frå Villand fekk ry for å vera av dei aller beste. Pål Villand var og ein interessert organisasjonsmann. I 1908 fekk han sylvmedalje og diplom frå Buskerud landbruksselskap for «fortjenester på jordbruket og husdyravlens område».

bilete

Pål Villand med 1. premisamling. Til høgre Knut Annfinnset. Foto: K.A. Børresen.



Sist oppdatert: 2000-11-04
Per Villand