Frå Hallingdølen 28/3 1961.


Lars Villand 70 år

bilete

Ein kjend mann i fylket og endå vidare, hotelleigar og bonde Lars Villand i Hovet, fyller 70 år i dag, 28. mars.

Han er fødd i Hovet, der han tok over farsgarden i 1926. Men eit par år tidlegare hadde han teke til med Raggsteindalen Turisthytte, som no er velkjend mellom turistane. 4 soverom med til saman 10 senger var heile stasen. Ideen til turisthytta fekk han då det ofte kom turistar og overnatta på stølen deira medan han var gut. Dei var 12 sysken, Lars eldst, og når framandfolka kom, laut ungane liggja i løa, for det var berre 2 senger i stølsbua.

Det gjekk stadig framover med Raggsteindalen Turisthytte, og utvidingar laut til etter kvart. No er kapasiteten 80 senger, men til hausten blir det eit nytt byggesteg, og dermed reknar Lars Villand med at kapasiteten skulle halda ein del år.

I yngre år dreiv Villand med fehandel. Det som har gjort han mest kjend, er det arbeidet han har lagt ned som dommar ved fesjåa her i fylket. Han har vore dommar i 40 år og fekk diplom for sin innsats her. Han veit kva han snakkar om når det gjeld f. eks. ku-rasar. Han tykkjer hallingane ligg langt framme i husdyrbruket og meiner dei bør satse på telemarksfeet også i tida som kjem.

Framgangen i jordbruk og turistnæring har det vore gledeleg og interessant å fylgja med i, seier Villand. Mellom dei mange interessene hans har samyrketiltak hatt ein brei plass, særleg i yngre år. Ein 3-4 periodar var han medlem av kommunestyret, bl. a. nokre år som medlem i formannskapet. Og tillitsverv har han hatt ei rekke av. Han har ikkje forsømt gardsdrifta. Nye hus er komne til etter kvart på den velstelte garden.

Ei god hjelp har Lars Villand hatt i kona si, Liv. Ho er frå Ål, fødd Arnegard. Dei har 2 born. Dei har teke mange tunge tak saman, men har også kunna gledd seg over at strevet deira har nytta. I dei seinare åra har Lars Villand diverre ikkje hatt god helse. Men han ser yngre ut enn 70 år. Det som særmerkjer Lars Villand er hans stillfarande og mjuke vesen. Karakteristikken «ein tvers igjennom sympatisk kar», er her på sin plass.

Vi sluttar oss til dei mange som ynskjer jubilanten til lykke med dagen og åra som kjem.


Sist oppdatert: 2000-11-27
Per Villand