Frå Hallingdølen 9/7 1963.


Villandane fekk eit langt liv i folkeminnet

Den store Villands- og Hjermannsættestemna i Raggsteindalen ein verdfull impuls i ei travel tid


Ein av dei vidgjetne Villandsbrørne, Elling Olson Villand, møtte ei ovfager møy på dansarvollen «i hine hårde dage». Ungmøya var Mette Persdotter Hjermann frå Stydno i Lærdal. Mette vart med ein gong hugteken i den staute karen og sa: «Gud gje du var min». Elling hadde ikkje noko mot det, men det ættegilde folket hennar sa nei. Då rømde ho med han over fjellet. To av brørne hennar sette etter, men dei våga ikkje å ta henne att, for Elling var i full væpning. Då brørne kom så langt at dei såg Villand i Hovet, tykte dei garden gjekk an, og drog heim att.

Det var sommaren 1745 at Elling røva Mette. Året etter vart dei festa i Lærdal kyrkje. Ho var 18 og han 25 år. Slik kom dei saman dei to store ættene — Villand og Hjermann.


Soga til Villandane er den mektigaste ættesoga i Hallingdal. Det går enno gjetord om Villandskjempene. Dei levde i ei tid som kunne vera vill og rå, med drykk, slagsmål og drap. Tida kravde sterke menn som kunne nytta seg av neveretten. Men det var ikkje berre villmannshug i Villandsætta. Dei var flinke og strevsame gardbrukarar, glupe handelsmenn og kunstferdige handverkarar.

Litt soge før vi gjestar

ættestemna i Raggsteindalen. Den første av Villandsætta som merkte seg særleg ut, var Elling Nilson Villand. Han var ein av førarane for opprørsforsøket i 1713, då ein del holingar nekta å betala ekstraskatt, og ville ta skatteoppkrevjarane av dage. Dotter hans Elling, Ragnhild Villand, vart mor til Villandskjempene. Ho vart først gift med Ola Tolleivson Uppsata frå Ål, ein handelsmann som vart kalla Blank-Ola. Han var bror til storkaksen Tolleiv Rikansrud. Blank-Ola var mykje av ein villstyring. Han hadde tre born utanom då han gifte seg. Men det var ein skrivefør og gåverik mann som samla seg stort bu. Ragnhild og Blank-Ola hadde 5 born: Tolleiv, Nils, Torkjell, Elling og Margit. Blank-Ola vart ingen gammal mann, han døydde i 1724. Ragnhild gifte seg oppatt med Ola Larson Fossgard, og dei kjøpte nordre Villand etter at den eldste sonen, Tolleiv, tok over farsgården, Søre Villand. Med den andre mannen sin hadde Ragnhild 4 søner: Ola, Lars, Svein og Knut.

bilete

Fjern og nær møttest på ættestemna til Villand og Hjermann. Til venstre ser vi Olav 0. Slåtta (79 år), utflytt holing i Bergen, og lengst til høgre broren hans, Ola 0. Slåtto, Geilo, snart 84 år gammal. Dei ættar frå Mette og Elling i 5. ledd. I midten sit tidlegare stortingsmann og bonde Per S. Hjermann, overhovudet for Hjermannsætta i Lærdal.

Desse 8 sønene vart dei vidgjetne Villandskjempene. Sjølv om dei kunne krangle seg imellom, stod dei oftast saman som brør mot framande. Det var slett ikkje noko rart at folk nødig ville koma ut for denne sterke brorflokken, som kom til å setja spor etter seg i både godt og vondt.

På gammal ættegrunn

Den store ættestemna førre helg var på gammal ættegrunn. Den naturvene Raggsteindalen, med den store Strandafjorden som speglar av det mektige Hallingskarvet i stille, solblankt ver, har frå den eldste tida høyrt til Villand. No møttes dei to store slektene — Villand og Hjermann — på høgfjellet mellom Hallingdal og Lærdal. Nærare 300 var dei i talet, både gamle og unge. Lensmann Torgny Reinton frå Hurum var stemneleiar. Han er utflytt holing, ein av dei kjende Reinton-karane, som også er etterkomarar etter Mette og Elling. Han sa at tanken om ei ættestemne kom fram for 37 år sidan, i ei samtale med Per S. Hjermann. Men av fleire grunnar vart det først no. Det er mange ting som opptek menneska i den urolege verda vi lever i, men vi treng å koma saman, slappe av, for det kunne dei i gamle dagar.

Ambjørg Sælthun frå Lærdal, fødd Ødelien i Ål, las ein ypparleg prolog med visdomsordet «vegen attende er vegen fram».

Ættegranskaren har ordet

Dr. philos. Lars Reinton, utflytt holing i Oslo, tala først litt om ættegransking og om Villandsætta. I sagatida laga dei soger om ymse ætter. Vi kjenner dei islandske ættesogene som vart nedskrivne. Slik forteljarglede har det vore også her i landet, særleg i visse landsluter: Agder, Setesdal, Telemark og Hallingdal. Sogene om Villandane går tilbake til 1680-åra og fram til 1830-åra. Dei femner om 300 år og 4 generasjonar. Ved hjelp av arkivmateriellet kan ein i våre dagar kontrollere sanningsinnhaldet i slike soger. Reinton hadde røkt etter sanningsinnhaldet i Villandssogene og funne at dei er rett pålitelege. Såleis blir desse sogene også av verdi for vetskapen. Sogene om Villandane er særs verdfulle og nyttige, for ein kan her følgja tradisjonslinene betre enn i andre soger, og ein kan såleis forma dei psykologiske lovene for utforminga av ættesoger på folkemunne.

bilete

Tre ferme hallingkvinner på ættestemna. Frå venstre er Oliva Dalen, Birgit Rudningen og Margit Moen. Den kvinnebunaden som Birgit Rudningen har, er ein bunad som enno finst på Moen i Hovet. Han har tilhøyrt Ragnhild Annfinnset (f. 1765), sonedotter til Ragnhild Villand. Denne vakre bunaden har gått i arv, og for tida er det Margit Moen og Oliva Dalen som eig han i fellesskap. Bunaden kan også vera eldre og ha tilhøyrt Ragnhild Villand, men ingen veit dette sikkert. — På stemna var det elles vist fram fleire gamle ting som no er i privat eige. Signeten til Elling Olson Villand, med initialane EOS, er hjå Guldbrandsgard, dessutan ein pengepung som har tilhøyrt same mannen.

Det skal hardt grjot til i ein person eller ei ætt for å kunne rissa seg inn i folkeminnet for lenger tid, sa Reinton. Slikt stoff må det ha vore hjå Villandane. Somme vil seia at dei var brutale, til dels råe. Den som har granska slike ættesoger på folkemunne, veit at det skal meir til for å få eit langt liv i folkeminnet. Det må vera noko ved personane som løfter dei opp over mengda, i intelligens, klokskap, lurskap eller dugleik. Dei må også ha ei økonomisk makt som gjev dei høve til å handle friare og flottare enn folk flest. Alt må ha større dimensjonar hjå dei, både vondt og godt. Det var noko ved somme av dei som fekk folk til å grøsse. Slike soger sette folk pris på, som folk i våre dagar som les detektivromanar og grøsser-soger, med drap og uhyggelege hendingar med visse mellomrom. Psykologar seier i våre dagar at den slags soger er turvande av mentalhygieniske grunnar, gjennom dei avreagerer folk tendensen i seg sjølv til å bli farlege!

Har noko av folkeeventyret

Men vanleg må personane i ættesogene ha noko av folkeeventyret over seg, eit lys over personane på same vis. Men dei fleste i Villandsætta var rolege og stille, vanlege menneske som gjorde si gjerning og fylte si oppgåve i det samfunnet dei var sette i, som andre menneske. Dei har gjennom hundreåra spreidd iseg vidt. Dei eldste kjende utflyttarane sette seg ned på Voss. Der er ei stor etterslekt etter Knut Olson Villand, fødd omkring 1640, som levde to generasjonar føre Ragnhild og Blank-Ola. Frå syster til Ragnhild Ellingsdotter Villand, Sigrid Ellingsdotter, gift med Asle Olsen fleire var til stades på stemna. Fossgard, ættar mange — og mellom desse ættlingane er stortingsrepresentanten Guri Johannessen, fødd Fossgard.

Den sjølvlærde sakføraren

Men dei fleste er ætter etter 7 av borna til Ragnhild Ellingsdotter Villand, som var gift med Blank-Ola og seinare med Ola Fossgard. Ein av sønene etter Blank-Ola, Nils, fekk el stor ætt i Amerika. Ein amerikansk minister i Holland, Sveits og Noreg, Lauritz Swenson, ættar frå han. Den mest gåverike av Villandsbrørne var Torkjell. Han var ein særs dugande byggmeister, ein gåverik treskjerar, ein sann kunstnar, og dertil eit naturgeni for jus. Han vart lensmann i Ål 1755 og året etter autorisert som sakførar (prokurator). Han hadde i si tid fleire saker enn nokon annan sakførar i Hallingdal, trass i at han var ein sjølvlærd mann.

bilete

DR. PHILOS. LARS REINTON er ekspert på ætte- og bygdegransking. Han skreiv doktoravhandlinga si om «Villandane». Han har skrive storverket om «Sæterbruket i Noreg», og saman med broren, Sigurd S. Reinton, har han skrive bygdeboka «Folk og Fortid l Hol». Reinton-karane kan føra ætterøtene sine tilbake til Mette og Elling Villand.


Dotter til Knut Villand, Ragnhild Villand, frå Annfinnset, fekk med stiftsoverrettsassesor Holger Stoltenberg sonen Christian Holger Stoltenberg, som vart stor mesen i København. Han fekk Danebrogsordenen, og ei gate kalla oppatt etter seg. Dotter til Lars Villand Grøvo fekk m.a. ei dotter, Ragnhild Larsdotter, gift med Lars Torkjellson Uthus, som til slutt fekk gard i Haus i Hordaland. Dotter hans, Anna Larsdotter, vart gift med eigaren av Arne fabrikker i 1853. Han var også skipsreiar og stortingsmann. Dei fekk 13 born, mellom dei fru skipsreiar og statsminister Johan Ludvig Mowinckel. — Reinton nemde fleire kjende personar som ættar frå Villandsætta. I stemnelyden kunne han m.a. peike ut riksrevisor Lars Breie og stortingsrepresentant Astrid Skaret frå N. Trøndelag.

— Dette er historikken i ættesoga, sa Reinton til slutt. Men i dag minnest vi like mykje dei mange, jamne medlemer av ætta som roleg har gjort si plikt der dei vart sette i samfunnet.

bilete

Raggsteindalen har høyrt til Villand frå gamle tider. Derfor var det ein naturleg møtestad for den store ættestemna Villand-Hjermann. Biletet er frå framføringa av soga om Blank-Ola og skrivaren. Stemnelyden følgjer levande med. — Sverre G. Aaker, Geilo (til venstre), har rolla som Blank-Ola. — Det var ein gong Blank-Ola skulle betala ei stor bot. «No sko me få syljudn or bringun og spennudn or skodno på'o Blank-Ola», sa skrivaren. Blank-Ola betalte bota og spurde: «Ko kosta eit nevaslag?» — «Det er tie dalar, det, min mann», sa skrivaren. «Kan ein slå kem ein vil, då?» spurde Ola. «Ja», svara skrivaren. Dermed svarpa Blank-Ola til skrivaren så han datt under bordet, la 10 dalar på bordet, gjorde eit hallingkast opp under kruna og sa: «Enno dansa'n Blank-Ola med sylvspente sko og sylvsylju i bringun.» (Etter Folk og Fortid i Hol.)

Romantisk kjærleik

Neste talar var Sigurd S. Reinton, som tala om Mette og etterkomarane hennar. Mette var bindelekken mellom dei to ættene som no hadde sett kvarandre til stemne. I alle segner som har gått om Villandane, har også Mette hatt eit sjølvsagt rom. Ikkje berre avdi ho vart gift med ein av dei kjende Villandskarane, han Elling Blank-Olason, men fordi ho skilde seg ut frå det vanlege, slik at ho vart lagd merke til og hugsa. Reinton fortalde soga om då Mette og Elling møttest. Somme seier at det var på ein marknad på Lærdalsøyra, andre seier at det var på Hallingskeid, ein stad øvst i Fødalen på fjellet mellom Hallingdal og Lærdal. Dei to vene og staute ungdomane vart hugtekne i kvarandre, og han Elling tok til å vanke i Lærdal. Men ho Mette var av rike og ættegilde folk — og brørne ville ikkje veta av han. (Far til Mette døydde då ho var 12 år.) Til sist kom Elling ridande i full væpning til Stødno og tok kjærasten sin med seg på hesteryggen. — Seinare vart det svært så gildt mellom Elling Villand og Hjermann-karane. Dei sende heile kløvjene med sølvstas og klede til heimefølgje for systera si. Sjølv var Elling byrg av den fagre kona si, som var både storhuga og handlekraftig. Elling var ein velvaksen, sterk og staseleg kar. Han var meister til å danse halling og springar, heiter det. Dei levde fredeleg og lykkeleg saman. Ho berga mannen sin frå mangt eit knipetak når Villandsblodet kom i kok.

Ei modig mor

Det er ei soge om Mette då ho møtte fram på eksisplassen for å hjelpa sonen sin, han Mette-Elling dei kalla. Han var nemleg dømd til å springa spissrot. Saka var den at han hadde møtt krigskommissæren i Gølsvikbrekkun. Krigskommissæren kom i jagarslede og ropte Elling or vegen. Men Elling hadde to gampar med tunge lass, og kunne ikkje koma or vegen. Då slo krigskommissæren til han med svepa. «Slår du ein gong til, slår eg att», sa Mette-Elling. Krigskommissæren slo ein gong til, og så smelte Elling til han så han stupte nedved sleden. Spissrotgang var ein militær straffemåte. Han som skulle straffast, måtte springe med naken rygg 12 vender mellom to oppstilte rekker med soldatar, og for kvar gong skulle kvar mann gje han eit piskeslag over ryggen det hardaste dei kunne. Men då han Mette-Elling skulle straffast, møtte mor hans opp og skjenkte soldatane ein dram kvar. Ho handhelsa på dei også, og i handa deira låg att ein dalar. For dette fekk ho alle til å gje piskane sine ein knekk, så slaga ikkje fall tunge, Då han Elling hadde sprunge tolvte og siste gangen, snudde han seg mot ein flokk jenter som stod der, og gjorde eit hallingkast!

bilete

SIGURD S. REINTON
bygdebokforfattaren som er lærarutdanna.
Han har og ofra seg for soge- og ættegransking. No arbeider han med gards- og ættesoge for Hol. Ei tid var han aktivt med l bygdestyringa i Hol, bl. a. som ordførar.


Mette og Elling budde først på garden Tune i Ål. Seinare flytte dei opp til Nordre Villand i Hovet. Etter at mannen hennar døydde i 1778, sat ho med garden så lenge ho levde. Ho døydde i 1790, om lag 63 år gammal. Heile tida styrde ho garden godt som nokon kar. Det syner seg at ho var skrivefør, noko som på den tid var heilt uvanleg, jamvel blant menn av «allmugen», for ikkje å snakka om kvinner. Dei hadde fire born: Kristi, Per, Elling og Ola.

I dag 3000 Mette-etterkommarar

Kristi var gift til Nordre-Mørk i næraste grannelaget, med Johannes Sjurson Mørk, som var ein av Hols rikaste og mest særmerkte menn. Per tok over farsgarden, Nordre Villand. Han vart gift to gonger, kvar gong med enker. Dei hadde berre eitt barn, ei jente, som gifta seg med ein rik enkemann. Dei hadde ingen born, så Per fekk inga etterslekt. Elling, som gjekk under namnet Mette-Elling, vart rikt gift med dotter til Rike-Mørk, Anne Sjursdotter Nordre Mørk. Han kjøpte Ådngarden i Skurdalen. Ola var den yngste Mette-sonen. Han kjøpte Dokken i Sudndalen og slo seg til der. Han bygde opp garden med omframt fine og trauste hus. Dei står der den dag i dag, og blir tekne vare på av Hol kommune.

I eit førebels oversyn over Mette-ætta, som Reinton har samla tilfang til og sett opp, har han fått med om lag 800 Mette-etterkomarar, men det er på langt nær ikkje alle. Særleg er det mange etterkomarar i Amerika. Reinton kunne tenkja seg at dersom ein tok med alle, både gammalt og ungt, ville talet koma over 3000.

bilete

Mange av den yngste generasjonen var møtt fram til ættestemna. Frå venstre har vi: Lars Holestøl, Hol, 8½ år, Steinar Holestøl, 6 år, Olga Trine Larsen, Oslo, 4 år, Mette Elisabeth Johansen, Nannestad, 7½ år, og Liv P. Villand, Hovet, 3 år.

Reinton nemde så nokre av hovudsidegreinene til Mette-slekta, og avgrensa dette til dei som var representerte på stemna. Frå ho Mette-Kristi på Mørk har ein den store Skarsgard-greina og Håheim-greina, frå han Mette-Elling på Ådngard har ein Flatåker-Venedokken-greina, og frå Mette-Ola i Dokken: Slåtta-Berg-greina og Holto- eller Holterudnings-greina. Desse deler seg oppatt i stadig fleire og mindre sidegreiner, som vi finn spreidde vidt omkring både i og utanom Hallingdal, og i Amerika.

På denne stemna var det 80 som ved sida av Villandsblod har Metteblod i årene, sa Reinton. Dei fleste ættar frå Mette i 6. og 7. eller 8. ledd, men Reinton visste om tre på stemna som var frå berre 5. ledd. Det var brørne Ola Slåtta (84 år) og Olav Slåtta (79 år). Som eit særsyn og som eit eineståande døme på slektsinteresse, ville han nemna at ein familie av etterkomarane hans Mette-Ola i Dokken, Holterudnings-greina, som kom til Nannestad på Romerike, var representert på stemna med ikkje mindre enn 8 syskin, nemleg familien Rønning.

Frendane frå Sogn

Førarane for Hjermannsætta tidlegare stortingsmann Per Severin Hjermann, heldt ein sprudlande tale på dialekt, fengslande frå først til sist, krydra med skjemtfulle soger. Hjermann takka for innbydinga og turen gjennom Hallingdal. Vi kan her skyta inn at for frendane frå Sogn vart det skipa til ei ferd gjennom Hallingdal laurdag, dagen før stemna. Dei vitja først Hallingdal Folkemuseum i Nesbyen, der ein bl.a. kan sjå den stilreine Villandsstugu, bygd av Torkjell Villand. I Torpo fekk dei sjå gardane Rikansrud, Nyhus og Hagen — og den gamle stavkyrkja. Vidare fekk dei sjå garden Sundre i Ål, som ein gong var lensmannsgarden til Torkjell Villand. Dei fekk også ein titt på samlinga til hotelleigar Lars Halingstad. Oppmed Strandafjorden var det stogg på Tune, den første garden og bustaden til Mette og Elling. Frå Hol gamle kyrkje gjekk ferda til Villand i Hovet og Dokki i Sudndalen. Dei mektige Villandskarane rådde over mange store, eigedommar både i Ål og Hol.

Bøndeætt med adelsblod

Og så let vi Hjermann få att ordet. Han fortalde at Hjermannsætta kan her i landet følgjast 300 år tilbake i tida, og i alle desse 10 generasjonane har dei eldste sønene heitt Per Severin Hjermann! Den første Hjermannen kom frå Danmark til Noreg i 1631, og han vart lagmann i Bergen (Gulating). Han var av gammal dansk embetsmannsslekt med adelsblod i årene. Men etter ei tid vart Hjermann bondeætt på garden Stødno i Lærdal. — Dei har alltid vore flinke til å gifta seg og fekk mange born, sa Hjermann. Og det er sagt om Hjermanns at ikkje alle var Guds born. Det var alle slag der og. Men far og mor til Mette var bra folk, trudde han. Hjermann fortalde soga om då Elling Villand prøvde å få tak i Stydno. Per Stydno, Eidsvoll-mannen, hadde ikkje born med kona si, som døydde. Han ville derfor la garden gå or ætta til ein skylding til kona. Då kom Villandane til Lærdalsøyra, og no var dei i krigshumør over at han ville la garden gå or ætta i staden for å la dei få han, for dei var dei næraste odelsmennene. Fulle og ville reid dei heilt inn i stugu til Hjermann, som var ein roleg og kristelegsinna mann. Han vart reint forferd. Det nytta ikkje at dei dagen etter bad om orsaking. Den 54 år gamle gubben drog beinast til Bergen og fann seg ei ny, ung kone. Dei fekk 12 born, nok til at garden vart i Hjermannsætta. Den eldste sonen, oldefaren til talaren, vaks seg stor og sterk — heilt inn på Stortinget, han og.

Garden til Hjermann er framleis udelt. Det er ein ganske stor gard med rett til laksefiske. Den eldste sonen til Per Hjermann d.e. driv han no. Husa er nybygde etter brannen i 1921.

Det er mange av Hjermannsætta i Amerika, fortalde talaren. Han vitja dei i 1958. Det er om lag 1000 av dei i levande live. Dei har sett opp slektstavle — og har hatt fleire slektsstemner, for dei held sterkt på gamle minme og tradisjonar.

Som eit gjestebod

Så kom det meir timelege innslag i programmet. I dag var det gammal gjestebodskost: småmat, lefsekling og heimebryggja øl. Til kaffimat var det bl.a. rummebrød, rummekaku og mjølkeprim. Eigaren av Raggsteindalen Turisthytte, Lars Villand, var hyggeleg vert. — Ei stemne mellom Villandar og Hjermannar duger heller ikkje utan spel og dans. De tre spelemennene Kristian Øvrevollseie, Olav Vestenfor og Nils Gjeldokk, fekk tonane til å lyda trolske i den fagre midtsommarkvelden, medan halling- og vestlandsspringar gjekk lystig på tunet, og hatten vart spent av stonga i kåt halling. Og stemnelyden høyrde med andakt på dei mjuke tonane som sildra frå langeleiken til Einar Reinton.

Aldri har vel Hallingskarvet vore vitne til ei så stor ættestemne, som i brorskaps ånd vart halden på historisk grunn.

Tekst og bilete: L.S.S.
Sist oppdatert: 2000-09-09
Per Villand