Frå Hallingdølen 29/12 1964.


Soger frå Hol

Olav O. Larsgard, Hovet, fortel

Yngle Dale budde der som me enno kallar det Ynglesdalen, og som Hol kommune no eig. Han var ein velstandsmann. Men han Øsmund i Øsmundset var fattig støtt.

Ein gong han Øsmund var i beit, tok han upp for kalvefôr hjå han Yngle, og Øsmund vart full — og til å yppe seg og danse — og so sa'n: «No danse kalvadn hans Yngle Dale».

Då hadde han Øsmund drepe kalvane hans Yngle, og ete dei upp. — (Etter Ola Myrvoll).


Guttorm Larsen Hullet forkomst på fjellet mellom Aurland og Hallingdal. Det var i mars — han kom frå Aurland og ville heim. Han hadde vore i nordanfor etter di pantet på garden hans var uppsagt. Ei heppe i uheppa var det at han ikkje fekk med seg pengar då. Dei fann berre att ei ski etter han i dei ån som renn or Steinbergdalen.

Folket i Aurland avrådde han og heldst med han at han måtte 'kje reise då uveret var so, alt då han for — og han fanst aldri att.

1869 drukna bror til Ole G. Myrvoll på Helgelandsmoen. Han fanst 'kje att før året etter. Då hekk liket i ei jarnlenke. Det vart halde ei høgtidsam likferd etter han der. Ei vise vart ogso dikta om ulukka.

Borghild Hullet var mor til Knut, som drukna, og kjerringa til Guttorm Larsen, som forkomst i Steinbergdalen. Ho syrgde svært. Då ho døydde, var ho 90 år gamal.


Det vart tidt og ofte burte folk på desse fjellovergangane før. Når dei kom eller for over fjellet, so kvilde dei jamnast på Myrestølen.

Der låg ein gong 14 «nordmenna» verfaste i 8 dagar, og dei gjorde dei mest matlause der på Myrestølen med, då, endå dei var no so godt undersegkomne då'n Eivind styrde.

Her rokst ei mengd med «nordmenna» som for med handel og innkrevjing av pant. Det var 'kje mange gardar anna dei hadde pant, her i Hol.


Lars Hullet var fødd 1777, og ein sprek og god kar. Når'n dansa, så gjorde han kast so dei såg han over folkemugen. Han var god snikkar og hendug i alt arbeid ellest - gjorde ølkrus og auser og skar dei fint ut.

Den tid han tente på Nordre Berg, der ho Sunnev, systra hans, var gift, so var han so ivrig at han hadde med seg spikking. Og når hesten kvilde uppover Bergsbakkane, framom Tvaraberg — so sat han og skar ut.

Ætta er komen frå Kyrkjeluten. — (Etter Ola Myrvoll).

(Meir).


Sist oppdatert: 2000-09-10
Per Villand