Frå Hallingdølen 14/1 1965.


Soger frå Hol

Olav O. Larsgard, Hovet, fortel

Ola Lein («Leinen») fortalde:

Hølgjegarden låg på det siste. So var presten hjå han. Presten spurde då om han kunne «bevise» han ei tenest — om han ville ha noko slag eller so.

— Nei, no ha e fått smør — å e fekk ost å prim å rjume — alt ha e fått i desse villinji e fekk her ista. Han var nøgd.


Yngle Dale hadde 20 døtrer — sume seier 16. Tvo av dei drukna i Garliå'n då dei kommo ifrå kyrkjun. Dei flaut inn ved Gravarmoen — og då heldo dei endå i hop. Kuftene dei hadde på seg, var av so utifrå fint ty. Det vart gjort altarklæde av di til Torpo kyrkje, seiest det.

Sylatera fekk setja seg ned på Strønd'n i almenningi der - for kungen kunne 'kje betala dei løna si i peing. Difor vart det so mange mannsnamn etter dei der: Vesle-Olagarden, Nilsegarden, Østmundset, Trondsgard og fleire.

Ola Lein var femte uppsitaren på Vesle-Olagarden. Av stugun der er det deler i bu'n på Lilleslett Garlid. Kristiguten fekk bu i dei bu'n han. Ei tid budde han på Fetjastøle og.

Det var so mykje rein kringom stølane då. Han gjekk då ut, med di han sa: — Set på gryta no, kjerring, te e kjem att. So vart det kjøt i ei handevending.

Ein gong var han so innpå at han åtte 'kje rifle. Han laut låne hjå Skaramanne. So ladde han for hardt, og børsa rauk. Då var Skaramannen ill for dette. Då sa Halvor: — Men då ho 'kje vilde halde, so laut ho rjøke, då!

Ein gong vilde kona hans sjøe upp noko briskjilåg. Då dei så til, so hadde ho karade kokt hudskorne i briskiløgi. Men då var Halvor bra sinna og: — No, no får du tasle te sjøl, no, meinte han.


Assor Garatun var på Vossevangen og ekserte og var ei loste so fæl at dei laut gjera serleg mundering åt han. Ein gong kom han til Hallingdal med fe og då fekk han sjå ei jente på Raunsgard — Gurid. Ho var då 7 år gamal. Han sa då at ho ein gong skulle bli kona hans. Han gifta seg med henne då ho var 18 år gamal. Sjølv var han då mest 60. Han var god på 19 000 dalar, han Assor.

Hallstein, son hans, kom til Grjøt, — Ingrid til Skattegard, Kari til Haug og Kristi til Dengerud. Gurid vart som enkje gift med Ola Knutson Larsgard. Dei hadde berre ei dotter — Gurid — som vart gift med Asgrim Larsen Gudbransgard.

(Meir)

**

Dessverre var det falle ut nokre liner i stykket om Yngle Dale og Øsmund i Øsmundset.


Sist oppdatert: 2000-09-10
Per Villand