Frå Hallingdølen 26/1 1965.


Soger frå Hol

Olav O. Larsgard, Hovet, fortel

Kristiguten skar hakk i neglane sine før han skulle i slagsmål. Ein gong slost han med seks på Åvavollsvollen. Dei hadde vel drepe'n om han 'kje hadde vore so mjuk og ledug og kome seg undan. Det var den gong Sander Eiriksson Rue banka han med ei staurstong.

Han gret ette di slagsmåle og sa: «Lære e 'kji no, so lære e alder». Dei visste 'kje rett kva han meinte med denne «læra», — anten det var å la vera slagsmål, eller det var å bli betre til å slåst.

Det var uvenskap millom Kristiguten og Myrestølmannen. Ein gong hadde Kristiguten teki noko kjøt som Myrestølmannen hadde bytna ned til vinters. Dei råktest på Stranda-ise ein gong, og slost mest halve dagen. Myrestølen hadde ei øks og Kristiguten bruka kniv. Dei fikta bra, men kom ikkje innpå kvarandre. Kristiguten var mjuk og ledug og kom undan hogga. Og Myrestølen torde 'kje kaste øksa i han heller, for då ha'n vore våpenlaus.


Ola Lein var spelemann frå ungdomen av. Då han var 15 år, let han i gjestebodet til Asgrim og Margit i Dale.

«Den som ska bli go spelemann, må stava se fram, som ungen i abeseun. Presten, han har bokji, han — ein spelemann har ingenting».

«Ein spelemann må lære støtt, han» sa Ola ein gong han spelte åt meg på Odda 1905. «E gret og let», sa han, «men so let ho, fela mæ, då».

Mor hans kom ein gong over ein vestpå åse. Han sat ved bekken som går frå Belvatnet. Han renn mot nord, han. Han var hentande god til å låte — der han sat i si raue kollhuve og sylvknappa vest. — Det var nok Grønlien, dei kalla.

Ein kunna sitja ved ein foss og lære av Fossegrimen. Då kasta ein eit kjøtbein uti. Var det bra kjøt på, so vart det ein flink spelar. Mådde han 'kje von å gjeva anna avgnagne bein, so vart det klent med spelet og.

Skøren kasta eit avgnage skarvebein uti. Då sa det: «Du gav meg eit bein som inkje var på. E ska lære de stille men ikkje å slå.»

Den Grønlien var god te spela. Han let brennevinsglaset frå eine bordenden te hin, han. Han la tunne kalvskinnsflingrer på fela og let like godt. (Etter Ola Lein).


Sist oppdatert: 2000-09-10
Per Villand