Frå Hallingdølen 27/7 1965.


«E preka berre burt på'n med stave mino»

Olav O. Larsgard, Hovet, fortel soger frå Hol

Guttorm Slåttun var bror til danebrogsmannen Pål Slåttun. Guttorm kom ikkje heim or krigen, han døydde der ute, men ikkje i slag.

Han og Mikkel Solheim var uvener — koss det no kom seg. Så hadde Guttorm seg åt og øydela ymse ting for Mikkel på Hivjudale — soleis også buskapskjelen mellom anna.

Eingong møttest karane i Skarsetlien, og dei slost. Guttorm låg att der, so dei laut dra han heim på kjelke.

Han vart spurt for retten koss det hadde bore til med dei der i Skarsetlien, han Mikkel. — «Å, e preka berre burt på 'n med stave mino», sa Mikkel.


Mikkel var ein stø og sterk kar. Eingong kom han på Hivjudalen, og komen til gjerdet kom han i hug at han skulja hatt med tobakk til kjerringa si. Han sta-vende og sende seg fort attende til Solheim etter den naudturvelege tobakken. Han hadde staven og hoppa seg fram med den i svære byks.


Det var ein mann som miste kyre si i Vestlien. Då gav Mikkel han ei ku som gåve.

Ei stund etter var Mikkel innom denne plassen og bad om å få slipe kniven sin. Men mannen var ein illbløyg og nekta beint all sliping der. Då sa Mikkel sia: «E ga burt ei ku, e, te ein vesallmann, du, — men e fekk ikkje eingong slipe kniven min hjå 'o, e, du!»


Presten Ole Engelstrup fekk Mikkel Solheim til å fara til Gudbrandsdale etter bølingen sin, då han kom til Ålsgjeld som prest.

Men han fekk ingenting for denne velgjerninga si. Det var han tykkjen for, han Møkjal. «E frakta ein buskap åt preste våre radt or Gudbrandsdale til Ål, du — men eg fekk ikkje so mykje som so for det. Han var so lang mæ, dena ljøte dalen, du!»


Eingong kom Engelstrup atter køyrande opp til Hol. Mikkel Solheim køyrde fyri. Vegen var smal, og det var vandsamt å koma framom for presten. Han skreik at han vilde fram. Men Mikkel hadde ingen hast, han nei — han var kje redd kjempa, han.

Endeleg kom då presten framom og brukte seg fælt — han trudde då Mikkel skulle ha vørnad for presten. Då sa Mikkel: «E trudde då ikkje dæ va'n far. E tenkte dæ va ho Ingibjørg Ankerhuse, e, du».


Mikkel hadde ein son som heitte Eilev. Det var han og ein til som børja med tamrein på Hivjudale. Dei mura hegne av stein der, som enno syner. Samar hadde dei til å gjete.

Eingong var ein av samane nerpå Bakka. Der var det nokre om vilde ha samen for seg, fordi han var so liten av vokster. Då vart samen sint, og han fjetra hallingen so han fekk gå rundt ei bjørk der til seine kvelden. Då først løyste samen han. Dei vart redde av samene sidan. (Ole O. Larsgard, f. 1827).


Eilev vart gift med Ågot Knutsdotter Larsgard. Mor hennar var Guro Olsdatter frå Kvinnegardslien.

Eingong var ho Guro ner til Solheim og vitja dotter si. Då fortalde ho Ågot at ho hadde ei ku som var sjuk og nustren — om no ho mor Guro ville sjå på henne litt — ko det kunne vera.

Då Guro hadde sett på kyre, so sa ho: «Dena kyre æ kje sjuk tå di du trudde — dæ æ luutøvra ho har kyre di». (Luutøvra — dvs. ho har fått lite mat no i vårknipun). (Fortalt av Gunvor Steinsdotter)


Sist oppdatert: 2000-11-02
Per Villand