Frå Hallingdølen 7/9 1968.


Lars Villand og Raggsteindalen

Lars Villand kan ofre seg for drifta av Raggsteindalen Turisthytte på sine gamle dagar, med 77 år på nakken. Denne staute og driftige bonden frå Villand i Hovet, kjend framgangsmann på fleire område, særleg feavl og turisme, har mykje å stå i framleis. Turisthytta har vakse til ei bedrift med 90 sengeplassar, etter fleire utvidingar gjennom åra. Siste året har det også vore moderniseringar, denne gongen utviding av spisesalen. Og det er planar om modernisering av gjesteromma.

Lars Villand er fødd i Raggsteindalen, på stølen til garden Villand. Heile oppveksten var han knytt til stølen og fjellet. Ikkje noko merkeleg at han vart ein fjellets son. Dei var 12 sysken — og mora ståka som budeie på Raggestølen. Så tok det til å vanke turistar — byfolk — i fjellet. På stølen hadde dei eit soverom med to senger, og dette vart utleigd. — Vi ungane måtte liggja i høyløa imens, noko vi syntest var veldig moro, fortel Villand. Så kom det oppmoding frå Den Norske Turistforening om å få disponere husrom — og far til Villand sa ja.

I 1923 tok dei til å byggja ei hytte med 10 sengeplassar. På denne tid dødde faren og den unge Lars måtte overta. Hytta vart utvida til 25 senger, men så brann det heile i 1931. Det nye bygget vart flytt lenger ned til Strandavatnet. I 1938 var det ei ny, større utviding og etter utvidinga i 1959 kom talet på gjestesenger opp i 65 — og etter siste store utvidinga i 1961 har turisthytta plass til ca. 90 gjester. I fjor vart arbeidet sett i gang med utviding av spisesalen, og det er planar om modernisering av romma. Men elles syntest Villand at sjølve turisthytta er stor nok som ho er no.

bilete

Lars Villand legg ut på det store Strandavatnet i motorbåten sin. Bak ser vi Raggsteindalen Turisthytte, som ligg vent til ved fjorden, med Hallingskarvet som bakgrunn. — Fisket i fjorden har vore bra i sommar, seier Villand. Men elles har det variert ein god del dei siste åra på grunn av den store reguleringa.

Det var mykje slit å byggja hus på fjellet den første tida. Det gjekk to dagar med kvart hestelass frå bygda og hit inn. Ei tid var det vanskar med vatn i påskesesongen. Ein laut køyra vatn frå isen på fjorden opp til ein stor tank ved turisthytta. Frå denne tanken vart vatnet pumpa opp i ein behaldar oppe på loftet, for å få trykkvatn. I påsken kunne det gå med ca. 6000 liter pr. døgn. No er det for lenge sidan lagt inn vatn. Og bilvegen kom fram til Raggsteindalen i 1959, og på same tid fekk ein elektrisk kraft. Det var det store anlegget som sette fart i dette. Elektrisk kraft hadde ein forreisten hatt i mange år før, frå eit privat aggregat. Men telefon kom det først i fjor, og det er trådlaus telefon til Fossejuv i Sudndalen. Vegen til Raggsteindalen er ikkje open om vinteren enno, så då blir det nytta weasel frå Fossejuv.

Mange er dei tusen som har nytt godt av gjestfridommen på Raggsteindalen Turisthytte gjennom åra. Det har vore ein kjærkomen stad for alle glade vandrarar i fjellet, sommar som vinter. Og i påsken har nok talet på gjester langt overstige sengekapasiteten. Kvar krok i salongane har vore opptekne som soveplassar.

Frå Raggsteindalen er det merka ruter til Geiteryggen, Iungsdalen, til Geilo, Haugastøl og Finse. Hol Turisttrafikklag har også merka ein del løyper, som er ført opp på turistkartet for kommunen.


Sist oppdatert: 2000-11-17
Per Villand