Det følgjande er eit utdrag frå boka Hallingdal Folkemuseum 1899-1999.HF


Villandstugu

av Paul Breiehagen

Hallingdal Folkemuseum var no kome godt i gang med å få hand om spesielt verdfulle bygg, slik ein må sjå Kolsrudstugu men kanskje serleg Staveloftet. Det var nesten for godt til å vera sant at dei i neste omgang fekk tilbod om å kjøpe Villandstugu, eit bygg kjent både fordi det var den berømte Torkjell Villand som hadde bygt og Embrik Bæra hadde dekorert.

Stugu stod på søre Villand i Hovet og eigar var den nye bonden Paul Nygaard i Skurdalen, f. 1856, som kjøpte Villand i 1889 og nokre år etter bygde han ny bygnad. Men Villandstugu hadde vore i bruk nesten fram til då ho var selt. Kona Sissel, f. Øvrejorde, 1868, fødde dei fyrste seks borna i kammerset der, fortalde Torleiv Tufto, son til Kristi, f. 1896. Men dei måtta ha vore klar over verknaden på målinga av for sterkt lys, for det var trekkgardiner for vindaugo, m.a. i kammerset.

Paul Villand femnde over so mykje. Han var handelsmann og vart ein drivande bonde og han hadde ein større økonomisk sans enn Ola Stave som berre fekk 1500 kroner for det unike loftet. Ved forhandlingar i 1908 forlangte Villand 3000 kroner for stugu. Paul var slik at hadde han fyrst fastsett ein pris var det punktum. Bernhard Tandberg reiste sjølv opp til Hovet for å vurdere stugu og ho «fant nåde».

Dette var i grunnen mykje pengar den tida. Men som nemnt ovanfor hadde Ingeborg Rødningen gjeve 2800 kroner til finansiering av innkjøp av hus. Tandberg sjølv gav 1000 kroner. Og Berdines Kaland ga 15 kroner. Seinare ser det ut til at Tandberg gav 2000 kroner til, og Aal Sparebank er oppført med kr. 1468,25. Det må vera eit lån, for me kan ikkje tenkja oss ei slik gavmilde frå banken, trass i alt og so tidleg.

Paul Mogjerden og Ole Mørk reiv stugu. Dei fekk 12 kroner kvar.

Men materialane måtte køyrast med hest til Ål stasjon. Paul Villand køyrde sjølv 10 lass, men elles køyrde Ole Mørk, Ole H. Halstensgård, Ole Brattåker, Svend Larsgård, Lars Larsgård, Ole Rud, Guttorm Grogård, Nils Grøvo, Thorsten Øvrejorde og Lars Haugen tilsamen 29 lass. Det kan høyrest mykje ut, men truleg vart dette på sumarføre. då handelen kom i stand mot våren.

I denne summen ligg ogso kr. 1 til Ole Pladsen og Erik St. Villand for samling av never! Ole Stave var ogso med og reiv og Ole Sundre var med og lasta.

Jernbanefrakta kom på 36,05 kroner. Steingrim Iversstuen, Trygve Haraldset og Tidemand Haraldset køyrde materialane til museet i Nesbyen. Johannes Grimsgård hadde tilsyn med arbeidet.

Men alt dette tilsamen vart likevel ikkje meir enn 385 kroner.

So var det å få opp att huset på si nye tomt. Stugu vart ståande rett mot Kolsrudstugu, med Staveloftet øverst i dette trekanttunet.

Det er nøye reknskap ogso for dette huset, og ein ser at omlag 20 mann har vore med på ein eller annan måte i oppattsetinga. Av dei større arbeid kan ein nemna Ole Slettomplass, muring og paneling, Østen Lien. m.a. muring og Lars Vissebråten muring, Levor Prestbakken bryting av stein til peis, funn av leire og torv og som handlangar, Ole Majormoen mura peiserf for kr. 25,66. Det ser elles ut til at det var Knut Sandanbråten som stod for grunnmuringa, graving av kjellar og oppsetinga av stugu, med ei godtgjering på kr. 164,50.

Denne delen av arbeidet kom på kr. 1075,57.

Altso med kjøp, riving, frakt og oppattseting tilsamen kr. 4460. Med andre ord eit økonomisk lyft for museet. Men takka vera store gåver, nesten utruleg om me ser pa dette i ettertid, vart ogso dette prosjektet vellykka gjennomført.

bilete

Villandsstugu

Det var på Villand dei berykta Villandsbrørne voks opp. Konservator Rikard Berge, Telemark, skriv at «Villands-ættens historie er allerede forlengst kjendt i norsk sagnlitteratur, vesentlig bygget på folketradisjoner». Lars Reinton tok dr.graden for eit arbeid om dei: «Villandane». Og det er skrive romanar om personar frå Villand. Konservator Rikard Berge, og O. Olafsen (prest i Hol i tida 1886-95) skreiv i 1916, etter oppmoding frå Hallingdal Folkemuseum, ei bok om «Villandsætten i Hallingdal», der Berge nøye omtalar Villandsstugu.

Berge siterar arkitekt N. Nicolaysen (i «Kunst og haandverk fra Norges fortid»), at Villandsstugu «vidne om dyktigheden hos den omtalte slegt på Villand», og at stugu er «en av de smukkeste typer på dalens byggekunst i det 18de aarhundred. Udenfra tar den sig lav ut, men har ikke desto mindre udmerkede forhold og er ualmindelig sirlig gjort».

Dette er ei einhøgda stugu med sperretak på ein førleg mønsås. Ho er elles som ei vanlege hallingstugu med krossbygt bislag eller sval. Noko spesielt er tverrsvala på heile endeveggen.

Men svala er open slik at dagslyset kan koma inn i vindaugo der. Spesielt er det ogso at der var kjellar med inngang utanifrå. Stugu har eit langkammers. Dette romet går over heile stugubreidda. Truleg er stugu bygt med peis og då høyrer ho med til dei fyrste husa i dalen som fekk peis.

Byggmeisteren var Torkjell Olson Villand, 1719-1776, ein av dei vidgjetne «Villandsbrørne». Han var kjempesterk men brukte ikkje kreftene sine til illtøk og slagsmål slik fleire av brørne hans gjorde. Han var ein rikt begava mann og han brukte evnene sine på fleire område. Ein kan godt sea at Torkjell Villand vart eit viktig element i den kulturelle utviklinga i Hallingdal, serleg innan byggekulturen. Bygg han sette opp vart vidspurde.

Torkjell tok militærtenest, m.a. i Danmark, og vart korporal. Han vart procurator (sakførar) og førde mange saker, og han vart lensmann i Ål i 1755. Han sette opp den store lensmannsbygnaden på Sundre. «Dette hus er bygget i Guds namn af Torkild Olsøn Villand Anno 1764», stod det skore inn på mønsåsen. Bygnaden vart tingstugu i Ål. Den brann i 1931, då heile det sentrale Sundre vart lagt i oske.

«Med tingstugu miste me det største kulturminne me hadde i Ål», skreiv Ola Perstølen, då som formann i Ål Bygdamuseum.

Torkjell bygde fleire kjende hus: Nyhusstugu i Torpo, ca. 1740, som vart kjøpt av konsul Th. Heftye i 1848 og sett opp att på Frognerseteren i Oslo. Ho er dekorert av fyrste namnkjende rosemålar Truge Gunhildgard, f. ca. 1699 — d. 1770.

Gretestugu, ogso «...bygget i Guds navn i 1767» på Sundre. Ho vart kjøpt i 1910 av bryggerimeister Schou og vart flutt til Holmenkollen.

Berre for å nemne dei mest kjende bygga.

Men Torkjell var ogso møbelsnikkar og treskjerar. Dette kom til uttrykk t.d. på stolpar i svalgangar, innskrifter over portalen til tingstugu på Sundre, gjennomskorne mynster, og elles ting etter han, serleg mangletre.

Torkjell vart berre 57 år gamal.


Villandsstugu bygde Torkjell i 1744, eller like etter, for den eldre bror sin Tolleiv Olson Villand (1714-1778), som då var bonde på Søre Villand. «Tolleiv var den uvyrdnaste og agelausaste taa alle Villandom», skriv både Rikard Berge og Lars Reinton. Torkjell var son til den mykje omtala «Blank-Ola», Ola Tolleivson Upsata, Ål, f.1668, som vart gift med den likeso kjende Ragnhild Ellingsdotter Villand, 1692-1752, i 1716.

Ragnhild ville ikkje veta av han då han fridde fyrste gongen. Då vart Ola so arg at han var innom hjå tre kvinner og gjorde alle med barn, same natta! Men då han fridde att seinare fekk han ja.

Kven som har snikkert skåp. bord og benkar veit ein ikkje. Men det er ikkje utruleg at Torkjell ogso har gjort dette, i allehøve har vore med og bestemt utforminga. Ein legg merke til at slagbenken har gjennomskorne filer i ryggstøet.

Berge skriv m.a. at stuguskåpet er serprega i si form og tyder på at «innflydelse utenfra» held på å gjera seg gjeldande.

Og med sitt opphald i Danmark som militær hadde Torkjell sanka med seg mange impulsar som seinare kom fram i dei bygga han sette opp.


Elling Tolleivson, (1760-1835), overtok garden i 1790. Han vart den rikaste av alle Villandane og det var so rimeleg at han ville stase opp stugu. Han ville ha det grust hjå seg, skriv Reinton.

Elling fekk den kjende rosemålaren Embrik Herbrandson Bæra Sata (1788-1876) til å måle. Nils Ellingsgard meiner at dette er truleg eit av Embriks fyrste, større dekorasjonsarbeid.

På den tradisjonelle høgsetetavla, veggen bak høgsetet ved stugubordet, fekk Elling måla seg sjølv og kona Ragnhild Persdotter. Dette var i fyrste tida då tobakken vart teken i bruk i dalen og Elling står med ei langpipe som særleg teikn på si verdigheit. Det var status å røyke pipe! Og dei er begge i stasbunad.

Dei klassiske rosemålarane brukte ofte motiv frå ein biletbibel og bibelske sitat i dekorasjonane. I høgsetetavla her er òg biletet av speidarane i Kanaan med ein kjempestor drueklase berande på ei stong seg i mellom, med denne teksta under: «Hvor deiligt Canaan af frugter monne være. Kan en Vinklase her et herligt vidne være som Josvas Herrens Helt, og Kaleb bærer frem, dog frygter Israel for dette deres hiem».

Av andre figurar har Embrik nytta det dramatiske motivet som far hans og har brukt: Den heidenske kjempa Burman og Holger danske rir mot kvarandre med kvart sitt sverd klare til hogg.

Figurane er måla på djupgrøn bakgrunn. Dette gjev ein sterk effekt. Same botnfarga har Embrik òg brukt på dører og listverk og bitt dermed dekorasjonen til eit heile.

På raustveggen under mønsåsen har Embrik måla eit stort ryttarmotiv. I taket er det bilete av dyr og fuglar, hus og seglskuter innimellom blad og ranker. Framskåp og roskåp er måla raude med blomar i blått, kvitt og gult.

Masamålinga tok til å koma: Dei grove tømmerveggene er masamåla med blågrøn lasur over kvit oljefarge.

Dekoren i taket er i to ulike raudtonar, mønjeraudt og mørkt brunraudt, markert med svarte konturar.

Men Elling var ikkje nøgd med berre å få stugu dekorert. Embrik måtte ogso ut i det store kammerset.

Her finn me av Torkjells snikkerkunst: dei panelte takflatene og rundbogehimlingen under mønsåsen. Han brukte dette ogso t.d. i lensmannsbygnaden på Sundre.

Og Embrik har halde fram med målinga i same stil som i stugu.

Merkeleg nok, døra og innbuet i kammerset er måla av ein annan, nemleg telemarkingen Knut Luraas (1772-1843) i 1816. Knut var ein farande mann og ein finn minst av målinga hans i Telemark. Han har måla mykj e i Numedal, ein del i Hallingdal, men elles rundt om nordover i landet.

At ikkje Knut måla meir på Villand kan ein alltids undrast over.

Både taket og dei to øvste stokkane har sokalla kritmåling som lett kunne vorte skadd ved vask.

Fargane er bra bevara. Det er difor ei storfelt oppleving å koma inn der og oppleva dette imponerande fargespel og den fantasifulle leik med motiv, stiliserte blomar og dristige rankar.

Villandstugu er noko sentralt på Hallingdal Folkemuseum.


Sist oppdatert: 2001-03-04
Per Villand