Hytte I


bilete

Hytta på 70-talet.

Fjellkall (Embrik Skøro) har skrive i hytteboka:

På Raggsteinbu 12. sept. 1971

(Ei lita hylling med takk for gjestmilda)

Med maktugt utsyn mot Skarvet, Folarskarnuten og Raggsteinnutane, ligg ho her på den gamle Raggsteindalstølen, den vene hytta de bygde, Åse og Pål her i fjor. Eit fagert lite Soria Moria-slått, her hygge og heimehugnad skal råde og alltid vere til husan. Her høver Sven Moren sine kjende diktarord: «Eg veit meg eit himmelrike som alltid er reint og blått.»

Då han 75 år gamle Fjellkall vitja Raggsteinbu laut han bisnast over at ei so dokkenett og fin hytte kunne reisast her oppe i fjellheimen. Og for det indre auga hans steig dei fram bilete frå fortia.

Fyrst framvoksteren i dag: Her yngjest ættetreet med nye knuppar på den gamle vidgreina Villandsættestammen. Åse og Pål heiter dei husbandsfolket på Villand i dag, som i gamle dager. Å sjå, dei spring og kjæler, preinast og kjæler med kvarandre smårollingane borte ved vindauga.

Han vesle Lars, Per og ho nette vesle Mette — veslejenta som skal reise oppatt ho Mette frå Stydno — den sagnomspunne husmannsdottera frå Lærdal som i si tid blanda det friske blodet sitt med sin mildare dåm inn i den hardheitte Villandsætta.

Elling, som fyrst fekk auga på si vene ung Mette [på eit] stemnemøte millom Hallingar og Valdressar på ein av dei vidgjetne drastiske samkomane som i sagn og soge har fått namn av Raudalsdansen — var vel den yngste av kjempesønane hennar Ragnhild. Ein særs staut og vakker kar var han. Ei sterk og vidgreint ætt satte dei etter seg der husbonden skiftevis heitte Elling, Per og Tolleiv og husmora gjerne Åse og Ragnhild. Siste husbonden sør i gar'n heitte og Elling. Men han var lauskar og fekk ingen ættlingar etter seg.

Med han døyr den mannlege ættegreina ut frå garden, og det kjem nye namn inni ætta som heretter sit med garden, Pål og Sissel. Men Lars-namnet held seg medan kvinnesida det vakre Liv. Namnet kjem inn og attåt det gamle Åse-namnet no.

Men han Pål frå Vestlia i Skurdalen og ho Sissel frå grannegarden Øvrejordet — som kjøpte Søre Villand av Elling i siste desitalet av førre hundreåret, byrjar ein ny og ekspangsjonsmessig utviklingsbolk på garden.

Den verksame handelskaren og driftebonden og den arbeidssame flinke kona si, som kom til å føda og ala opp heile tylfta av ein frisk barneflokk under dei primitive og heller tungvinde tilhøve som då rådde på garden med både hus og jord til nedfalls — so kom desse to evnuge og særs drivande bondefolka til og snu opp og ned på både bruksmåte, i jordbruket og husdyrhaldet.

Handelskar og driftebonde som han var, kom han saman med ein par andre sambygdingar, som og var drivande handelskarar til å få inn ein ny ferase i bygda og dalen. Telemarksrasen, som kom til å tevla ut det gamle hallingbuslaget, og vart det rådande buslaget i dalen gjenom ein drjug mannsalder.

Harde, slitsame ferder var desse sankingsturane både vår og haust. Kyrne vart kjøpt opp i dei ymse bygder radt i Vest-Telemark — Fyresdal, Vrådal, Vinje og Seljord av handelskarane fram etter vetteren og tidleg på vårparten. I tida kringom jonsok var det so å sanka feet og drive det fjell-leides fram til sumarbeite.

Han Fjellkall ser for seg desse hardbalne drifteferdene i oldefar si tid, slik han goffa har fortalt om dei frå sine gutedager, då han var med far sin på fesankinga om vårane. Strabasane med å få fedrifta fram over dei fossane fjellelvane som gjekk kvit-skummande og elleville i vårflaumen, ofte so stride i stryka at hest og mann berre så vidt kunne klara og koma seg over i krøtervada.

Etter vekelange slepeferder over fjell og fynne i snøløysing og vårflaum var både folk og fe reint innpåslitne då dei umsider nådde fram til sumarbeite i Raggsteindalen.

Her vart då drive eit romantisk seterbruk med ysting og koking og tylfta full av ungar kring peisen i oldemor Sissel si tid.

So kjem goffa og gommo — Lars og Liv inn i biletet med hoteldrift attåt gardsbruket. Lars P. Villand er pioneren for hotellverksemda i øystre dalføre av Hol. Reiste det fyrste vesle hotellet på stølen omlag på same tomta som der no Raggstein- eller Lassebu no står. Det var vel i fyrstninga av 20 åra. Men då den raude hanen ein vårdag i fyrsten av 30 åra slapp laus, vart ikkje denne fyrste hytta liv lagan.

I midten av 30-åra fekk han goffa reist den noværande Raggsteindalen Turisthytte som han og ho gommo Liv arbeide fram med stor dugleik til det vidgjetne og mykje søkte turistsentrumet det er i dag.

Ho gommo Liv gjekk diverre bort for no 10 år sidan — våren 1961 — og han goffa laut halda fram med drifta og utbyggjinga av hotellet til onkel Marvin og tante Sissel — «ho Nini» — som har gått vel etter i fotfara åt mor si, tok over — og ombygde hotellet til det i dag står som eit av dei beste og mest ettertrakta høgfjellhotel.

Med dette vesle snøggblenket attende på ætta og tida som har runne «som elv i mot os» helsar han Fjellkall husbondfolka og unglyden på Raggstein- eller Lassebu med å sitera sluttverset av Svein Hovet sin Hallingsong: «Det hjolar, syng og trallar fra setervoll og ur — og tonen lever enno frå Langeleik og lur — med vyrdnad gøymest arven — den gjev me aldri fred. På gamal grunn skal voksa det nye Hallingdal.»

— det er ynskjet til Lassebufolket frå'n Fjellkall.


Sist oppdatert: 2000-10-13
Per Villand