bilete

Landbrukshistorie



Husdyr

I 1657 hadde Aslak Tolleivson på ein halvpart av søre Villand 4 kyr, 2 geiter og 4 sauer og lam, og Ola Børgeson på andre halvparten 6 kyr og kviger og 9 sauer og lam.Hol IV

I 1720, ved skiftet etter Elling Nilson, hadde buet: 9 kyr (Brunhovd, Gullhov, Rosebådn, Fagersi, Skaute, Plome, Falpru, Gullbledt, og ei Skaute til) 4 kviger, 1 liten ukse, 3 kalvar, 10 sauer og 6 lam, 4 geiter og 1 bukk.Hol IV

Etter Eksam.prot. 1723 hadde Åse og Ola Tolleivson: 2 hestar, 16 storkrøter, 3 sauer og 3 geiter. I 1724, ved skiftet etter Ola Tolleivson, hadde buet: 2 brune hestar, 7 kyr (Bufri, Bjørføg, Bondekyr, Molsi, Morlik, Mariføg, ei kvige), 2 kalvar og 8 sauer.Hol IV

Ved folketeljinga i 1865 hadde dei på garden: 2 hestar, 15 «stort kveg» og 21 «får».

Pål Pålson byrja på slutten av 1800-talet å kjøpe fe frå Telemark. Det gamle Hallingfeet vart då etter kvart skifta ut med det meir høgtytande Telemarksfeet.PLV

bilete

Telemarkskyr i Raggsteindalen ca. 1925

I 1907 hadde dei på garden: 3 hestar, 10 kyr, 1 ukse og 1 ungkrøter, 7 kalvar, 2 sauer og 2 lam, 27 geiter og 8 killingar.Hol IV

Pål Pålson dreiv med driftefe i mange år, saman med svogeren Henrik Øvrejorde. Dei kjøpte dyr i Telemark om vinteren. Om våren vart dyra samla og ført til fjellbeite i Raggsteindalen, der kona Sissel hadde dei om sumaren. På hausten vart dyra ført ned Hallingdal, til Ringerike, Modum og Eikerbygdene, og til Drammen der slaktedyra vart levert på slaktehuset. Dersom ikkje alle livdyra var seld på vegen til Drammen, gjekk ferden vidare; eit år kom dei heilt til Halden før alle dyra var seld.PLV

På 20 og 30-talet var det revefarm på Villand...

Frå 1952 til 1956 hadde Pål Villand stølsdrift i Raggsteindalen med opp til 150 innleigde mjølkegeiter og nokre kyr. Geitosten vart levert til Vestlandske Salslag i Bergen.PLV

I 1955 var det på garden 7 mjølkekyr, 10 ungdyr, 35 sauer, 1 hest og 40 høner. Dei slutta med mjølkekyr i 1959, då driftsbygningen brann den 25. januar.PLV

I 1962 hadde dei på garden 125 lamsauer,1 hest og 2-3 griser.Hol IV

Sauerasen var lenge dalasau, men litt utpå 60-talet vart omlag halvparten bytta ut med spelsau. Sidan då har etter kvart krysningar med Suffolk, Dala, Texel, Rygja og Steigar teke over.PLV

I 1982 byrja dei med geit, og har sidan hatt omlag 70 mjølkegeiter og omlag 70 vinterfora sauer. Geitene er i Raggsteindalen om sumaren, på fellesstøl med Øvrejorde.PLV

Korn og poteter

I 1723 sådde Åse og Ola Tolleivson (etter Eksam.prot.) 3 tn bygg og avla 16 lass høy. Garden var mold- og skirlendt, heitte det.Hol IV

Då Elling Tolleivson overtok garden i 1856, tinga foreldra Tolleiv og Kari seg eit tungt kår: Forsvarleg fødsle av 4 kyr, kvar haust 6 vaksne sauer med ulla på, årleg 5 tn bygg, 6 settung rug og 40 settung poteter.Hol IV

Ved folketeljinga i 1865 sådde dei 1/8 tn (?) rug og 3 5/8 tn (?) bygg og sette 2 1/2 tn (?) poteter.

Fram til 1900 vart all fulldyrka jord nytta til korn og poteter. Det var Stuguåkeren, Asleåkeren, Nylendene og Vesletrøe ovanfor vegen, og Grauten og Krokåkeren nedafor. Det var berre nede på flata og innimellom åkrane det var slåttemark. Mykje av fôret vart henta i Raggsteindalen, der det var stor slåttevoll.PLV

I 1907 sette dei 6 hl poteter og sådde 7,9 hl grønfôr.Hol IV

...

Skog og utmark

I gamal tid var det vanleg å lauve. Dei hogg til vanleg vinterved på forsumaren og sette lauvkjerv i stakkar. Desse vart køyrd heim på vinterføre. Etter 2. verdskrig slutta dei med lauvinga.PLV

Nydyrking

Pål Pålson byrja eit storstilt nybrotsabeid, braut opp ca. 50 mål steinut mark og køyrde bort ca. 80 000 lass stein. I 1907 var 51 mål dyrka, av det 22 mål kunstig eng.Hol IV

Pål Pålson tok òg opp 3-400 meter grøfter. Nede på flata vart grøftene steinsatt like i dagen. Det var lett om arbeidskraft, og Asle Bøkko (f 1879) fortalde at 2-3 mann arbeidde med dyrking det meste av sumaren. Om vinteren gjekk 2 hestar i steinkøyring.PLV

...

Mekanisering

...


Sist oppdatert: 2000-10-14
Per Villand