Frå Hallingdølen ?/? ????.


Lars Villand vert heidra

Ei sjeldsynt utmerking til Villand og Hallingdal

Då Lars Villand, Hovet vart heidra for arbeidet sitt for fealet, og fekk sylvmedalje og diplom, heldt formannen i Buskerud landbruksselskap, Bjarne Vidar, ei tale i samband. med overrekkinga. Vi gjev her att eit utdrag av tala:

— Som sume her kjenner til, så hadde B.l. årsmøtet sitt her i Ål i fjor. Ålingane hadde lagt opp eit storfelt program, så utsendindingane, jordbrukarar frå heile fylket, fekk sjå og høyre mykje gildt frå arbeids- og kulturliv i denne drivande bygda. Det vart det største og beste møtet selskapet nokon gong har hatt.

Men det gildaste vi fekk sjå, den stunda som tok oss sterkast, var likevel då vi på ferda oppover dalen stogga oppe i Hovet og fekk sjå den samling med kyr som folk der møtte fram med.

Skulestyrar Haug hadde i eit foredrag for dagen før, streka under at det var krøterhaldet som bar jordbruket i dei øvre bygdene i Hallingdal, Og då vi såg den samling av telemarkskyr der oppe som fagfolk karakterisera son den finaste samling ei bygd i landet kunne møta fram med, då skjøna vi at det var sanning det Haug hadde sagt.

Og vi såg det meir enn som eit tilfelle at då kyrkjeklokkene til å ringja då møtet vart sett den fine solskinsdagen, då var det som Vårherre sjølv ville signa dette dyraste og finaste som holingane åtte.

Den kjente svinalaren, gamle Ludolf Weltzin, fortalde til meg på Seljordsjået om ein halling, som for mange år sidan for over bygdene i Telemark og kjøpte fine kyr som han tok med seg til Hallingdal. Og namnet til denne mannen var Paul Villand. Det var difor heilt naturleg at då B.l. for godt og vel 30 år sidan skulle velja ein domar som saman med dei offentlege tenestemenne ne for husdyrhaldet skulle leia og leggja linene for stoffehaldet i fylket, at bodet då gjekk til den unge bonden Lars Villand i Hovet.

Det vert sett store krav til ein prisdomar. Han skal ha høgste fagkunnskap, og dertil ei sterk rettskjensle.

I 30 år har Lars Villand no fare rundt som prisdomar i fylket. Og det er ikkje for løna si skuld. Dette ombodet er ikkje noko feitt bein. Men det er den store interessa for arbeidet og kanskje for å bera arven etter far sin vidare. Og han har gjort gagns arbeid, det har dei offentlege tenestemennene han har arbeidd i lag med så mang ein gong streka under. Når Hallingdal har teke så vel vare på dei fine kyrne som dei gamle førde med frå Telemark, og i dag står så langt framme i arbeidet, så har Lars Villand ein stor del av æra for result. vi ser i dag. Som ein takk har difor Buskerud landbruksselskap gjeve sylvmedalje og diplom til Villand.

Denne medalja er ikkje av dei som vert delt ut i dusinvis kvar veke. Det er langt mellom kvar gong. Det vert stilt store krav til skal bera den. Den heng høgt.

Og den er ikkje berre til ære for Lars Villand, men og heile dalen.

Lars Villand takka tilslutt Buskerud landbruksselskap for den æra som hadde vorte vist han. Arbeidet hadde vore interessant, og mange gode minne hadde han att frå reisene om kring i fylket.


Sist oppdatert: 2000-09-07
Per Villand