Frå NRK radio ?/? ????.


Lars Villand forteller fra det gamle Hol

Opptak og redigering er ved John Andreas Hansen og Per Frydenberg

I gamal tid så var det mykje meir folk her oppe i fjellet. På nordsida av Hallingskarvet, der har me eit stort fiskevatn. Det heiter Strandevatnet. Det var kjent for å vera eit av landets beste fiskevatn. I gamal tid, så var det rundt Strandevatnet ei heil grend. Det var både gardar, plassar og setrar. Dette har forandra seg mykje på desse ca. 100 år. No er alle gardar borte, og snart er alle setrar òg borte. Det har anlegget, eller kraftutbyggingen, tatt.

bilete

Lars Villand (i midten) på Raggsteindalen turisthytte ca. 1970.

Det er ein frodig vegetasjon her oppi fjellet. Og næringsvegen det var... Gardane dei dreiv som alminneleg med besetning. Og så var det ungdommen, dei dreiv med jakt og fiske, så dei fekk seg litegranne kontantar på den måten. Riktignok var det berre 25 øre stykkjet for rypa. Men det var mange av dei, og i løpet av ein vinter så vart det nokre kroner.

«Raggsteindølen»

Eg nemnte at desse folka som flytta ut i frå dalen, og reiste til Amerika, dei var det mange av. Blant anna garden Raggsteindalen. Der reiste dei til Amerika etter kvart som dei vart vaksne, og til slutt faren som var over 70 år når han reiste. Det var att ein av sønene, det var Ola. Han gikk under navnet «Raggsteindølen». Han fant seg heller ei jente nede i bygda og kjøpte seg gard der og budde der for framtida. Ein stor familie voks opp der.

Eg var ofte saman med han Ola Raggsteindalen. Me var naboar oppi fjellet, og me var i saman på reinsjakt og prata då mykje om forholda som det hadde vore før. Og han sa det at dei levde godt, så lenge dei var oppe i Raggsteindalen. Vart det lite med mat, så var det å reise oppi fjellet å skyte seg ein rein. Så kjøt var dei aldri i beit for. Dei hadde nokre små åkrelappa òg, der oppi fjellet, men det var no så lite. Det var i grunnen berre moro, sa han, å stelle med det. Men dei fekk ikkje verken potet eller korn der oppe. Men dei brukte kålrabi. Det fekk dei til å vekse bra.

Turismen

No er det mykje turistar som reiser rundt i fjellet. Det begynte smått og forsiktig. Det kom kanskje ramlande ein kar eller to utover sommaren. Kom det meir, så vart det liten plass. På Raggsteindalen, der Villand hadde setra si, der vart det produsert mykje mat, smør og ost og forskjellig. Mi mor som den tid styrte på stølen — skikken var den her i bygda at det var kjeringa sjølv på garden som var på stølen og produserte all denne maten — hadde med heile familien, gjerne ein 10-12 ungar. Eg begynte i 1924 med turistar. Før hadde me brukt setra — som det lå turistar på, som av og til kom ranglande i fjellet.

bilete

Den fyrste turisthytta i Raggsteindalen, ca. 1925.

Lordane

Lorden han var svært glad i å gå. Eit år gjekk han i frå Aurland og til Oslo på sine bein. Den tid var det verken tog eller noko... ikkje sykkel. Han måtte bruke beina. Ja, den lorden den kom i frå England over til Aurland. Der tok dei inn med stort følgje. Særlig han gamlelorden dei kalla, han reiste med stort følgje. Men han hadde ein son som var meir ein fjellmann, og han bygde seg ei hytte oppå Hallingskarvet, i Folarskaret. Det var sikkert eit merkeleg tilfelle at ein mann verkeleg kunne finne på å byggje ei hytte oppå der, men han var så glad i fjellet og denne hytta. Det var ikkje mange åra han brukte ho, men han var svært glad i ho. Han var til og med der oppe på hytta i to julehelger. Reiste i frå England og kom her opp. Men så hadde han ein mann her oppe ved Strandavatnet som alltid var med han rundt på turane.

bilete bilete

Lord Garvagh d.e. (t.v.), Lord Garvagh d.y. (Bilete frå Hol II)

Han ville vera god jeger, han òg. Men Lars Lein... han var alltid med på jaktturane. Og dei skaut på rein samtidig begge to, men det var sjølvsagt lorden som råkte!

Den hytta står enno, og vart restaurert for ein 7-8 år sidan av Hol kommune. Hol kommune, dei heldt ein stor fest for soneson etter denne lorden då hytta var restaurert. Lorden med familie var gjester og budde her på Raggsteindalen under festlighetene som heldt på ei veke.

bilete

Lars Lein og lordehytta i Folarskaret (1908). (Fot: K.A. Børresen, frå Hol II)

Han var ein orginal. Han fekk sydd seg hallingbunad, og den gjekk han med i Oslo og elles.

Guri Fretheim og Guttorm Sletto

Aurland, det var nabokommune til Hol. Deira beiter og eigedomar, dei gjekk i saman bortafor Geiteryggen. Det var mykje samkvem i mellom desse to bygdene. Det var mykje handel. Aurlendingane kom med store drifter med kyr, hestar og sauer i frå Vestlandet over fjellet her og nedover til flatbygdene der dei selde dei om hausten. Elles kom vestlendingane mykje over og selde. Særleg var det ein ting som var ei nødvendighetsvare her: Det var salt. Så det gjekk mange saltkløvar over i frå Aurland og her til bygdene.

Det vart òg mykje samkvem, med ungdomen for eksempel. Det var mykje inngifte. Hallinggutane var over til Aurland, trefte seg kanskje ei jente der som dei fekk med seg — og omvendt.

Der, på den store Fretheim-garden, der var det slik ei gild jente. Ho heitte Guri Fretheim, var dotter til Torstein Fretheim som var lensmann i Aurland. Guri var einebarn — ja ho hadde hatt nokre søsken som døde tidleg — så ho vart rekna som eit godt gifte.

Ein av desse kjente Villandbrødrene — det var lensmann Torkjell Villand — han ville gjerne fått fatt i ei av desse bra jentene. Og Torkjell sendte ein mann over til Aurland, han heitte Guttorm Sletto, skulle fri for seg. Dei kalla belarmenn desse her karane som hadde det ærendet. Han kom til Aurland og vart godt mottatt der. Når han reiste att, så spurde han då om kva han skulle si til lensmannen. Då sa ho Guri det ho at du som er så flink til å prate, du kunne heller prate for deg sjølv, sa ho. Jaja, Guttorm måtte gå med det. Og reiste bort at om våren og prata for seg sjølv og vart gift med denne jenta. Og ho fekk ei stor slekt etter seg borti Hol. Slike tilfeller er det mange stader innan desse Villandkarane.

Mette Hjermann og Elling Villand

... han vart gift med ei jente i frå Lærdal. Også eit svært kjent og flinkt menneske. Og dei fekk òg ei stor slekt etter seg. Ho vart gift med Elling Olson Villand, son til Blank-Ola som er kjent over heile landet.

Blank-Ola

Blank-Ola var ein stor handelsmann. Han hadde store drifter med hestar, særleg, og vart ein rik mann. Han vart gift med dotter til Elling Villand, som var odelskar til Villand. Ho Ragnhild var også odelsjente. Han er født i 1628, trur eg det er. Og Ragnhild Villand, som han vart gift med — omtrent på same alder.

Det Villandstemnet som me hadde oppi Raggsteindalen i... det var vel i 63, trur eg. Der var det samla over 300... 340-50 på ein gong. Det var Villandslekta eller Blank-Olaslekta. Me reknar Villandslekta i frå Blank-Olas tid.

bilete

Frå Villandstemnet i 1963. Blank-Ola på tinget. Foto: Hallingdølen

Blank-Ola var ein spreking til kar. Det råkte nok at han var i fleire slagsmål, og var ikkje alltid god for futen å få fatt i. Men futen hadde då nådd i han til slutt. Og var på tinget. Og var ilagt ei bot på... ja, var det ikkje 40 daler då. Den betalte han «cash». Og så spurde han skrivaren: «Kor mykje kosta eit nevaslag?» «10 daler, min mann», sa skrivaren. Og dermed smelte Blank-Ola til skrivaren, så han låg under bordet. Tok opp og betalte 10 daler og la det på bordet og sa takk for seg.


Sist oppdatert: 2000-12-28
Per Villand