Per Villand


Sjukdomen ALS er det som pregar livet mitt mest no. Eg fekk diagnosen i juli 1999, 35 år gammal. Då hadde eg hatt symtom i eitt år. Sidan har det vore ei normal utvikling av sjukdomen. I dag (mars 2003) er eg nok omlag 99% lam. Nedafor halsen er det ingenting eg kan røre på, og ovafor er det berre augo som ikkje er affektert. Eg kan td ikkje opne munnen meir ein cm eller så.

Utdanning og yrke

Eg er utdanna biolog. Cand scient vart eg ved Universitetet i Tromsø i 1990, og dr. scient på Norges landbrukshøgskole i 1995. Sidan var eg post doc på Umeå universitet i Sverige og på Carnegie Institution, Stanford, USA. Eg var også eit år (1991/1992) på Michigan State University, USA.

Etter at eg vart sjuk fekk eg jobb på Umeå universitet, men det var ikkje lenge før eg vart sjukemeldt. No får eg uføretrygd.

Eg arbeidde heile tida med molekylærbiologi.

Nettsider

Villand.net

DVD database

ALS-blogg

Eksterne sider

Filmprosjekt

Artikkel frå Hallingdølen


Sist oppdatert: 2005-04-03
Per Villand