Frå Hallingdølen ?/? 1947.


Minneord om Sissel Villand

So er ogso du kjære Sissel flyttet for godt frå denne jord. Eg kan liksom inkje gjera meg fortruleg med tanken. Du var so umisteleg blant våre trauste bondekoner i Hovet, men det tynnest fort i rekkene no, og kven skal fylle plassane deira. Eit oppofrande liv hadde du Sissel levt i din velstelte heim, blant din store barneflokk, 12 i talet. Berre ei mor i same tidsalder kan tenkja seg inn i den strid du har hatt. Men du hadde i voggegåve frå Herren fått eit varmt moderhjarta, som gløymde deg sjølv for å ofra deg for dine.

Det blir tomt i heimen no etter mor. Og me andre utanom kjenner ogso sterkt saknet. Ditt namn hadde ein god klang blant folk i bygda og vil leva i minnet hjå oss alle.

Du elska det fagre og edle i livet, difor hadde du din dyd i gjestmild- og gavmildheit som få. Me minnest so godt kor du spelte på våre hjartestrenger når me sat ved ditt veldekka bord, og du song dette vakre bordverset: «Her vi sitter nu med gammen rundt om dette bord i ring. Gud velsigne alle sammen du som råder alle ting.» (Gamle Landstad 603.) Ja, der er kunsten å lære for oss andre og be ned Herrens signing. For det er den som gjer rik.

Me takkar deg for gode minne. Du er gøymt men ikkje gløymt.

Gud signe minnet ditt.

Sambygding.
Sist oppdatert: 2000-09-24
Per Villand