Stølsbu


bilete

Stølsbua ca. 1924 med den nye turisthytta til venstre. Det ser ut til at bua var bygd inntil eit eldre hus, kanskje ei steinbu (heilt til høgre).

bilete

Stølsbua ca. 1928. Fjøset bygd ca. 1925 til venstre

bilete

Den gamle stølsbua ca. 1970. Fjøset bygd ca. 1925 til høgre

Etter at turisthytta vart bygd i 1923, brukte dei kjellaren der som stølsbu. Denne gamle bua vart då mest brukt som eit lager. Då turisthytta brann i 1931 vart stølsbua restaurert. Eit tak i søre enden av bua vart teke ned, og det vart bygd mjølkebu langs bakveggen og kokerom i nordre enden av bua. Det vart då også sett på kledning utvendig og lagt nytt tak.PLV

Taket frå denne gamle stølsbua vart teke vare på og nytta innvendig i hytta bygd 1976.


Sist oppdatert: 2000-10-11
Per Villand