Turisthytta i Raggsteindalen


av Pål Villand (2002)

Raggsteindalen ligg i eit knutepunkt for folk som ferdast i fjellet. Det er høvelige dagsmarsar frå Iungsdalen, Geiteryggen, Finse, Haugastøl og Geilo.

Ettersom folk frå byane begynte å gå i fjellet på sommarstid, kom det ofte folk til stølen her for å be om nattely. Det var lite om plass på stølen, men Sissel og Pål Villand som var på stølen då, var svært gjestfrie og lot folk få sengane sine, og ungar og andre låg i forlua.

Hytta på stølen

Dei skjønte at det kunne være pengar å tjene på å bygge ei hytte med plass for servering og overnatting. I 1922 begynte dei på bygginga, med utgraving av tomt og doble gråsteinmurar rundt det heile. I kjellarhøgda var det rom for stølsarbeide. Her var det plass til 2 matkjellarar, kokerom og opphaldsrom, der det og var 2 sengar.

I første høgda var det sett frå aust, kjøkkeninngang, kjøkken med spiskammers og soverom innafor. Det var hems over, der det var soveplass for tjenestefolk. Mot vest var det so spiserom for gjester med 2 soverom innafor, og lengst vest stugu med 1 soverom og inngang ved sida. Det var og plass for flatsenger på hemsen.

bilete

På Raggsteindalen turisthytte i 1924. Pål P. Villand med stav.

Turisthytta sto ferdig til bruk til påsken 1924. No overtok sonen Lars og kona Liv drifta av turisthytta, men Sissel og Pål held fram med stølsdrifta i kjellerhøgda. Pål døde somaren 1925, men Sissel held fram med stølsarbeide 3 - 4 år til.

Hytta vart snart for liten og i 1927 vart det bygd inntil mot vest ei peisestove med 2 soverom ved sida. Dei byrja og å byggja ein betre veg fra vatnet for å letta transporten.

bilete

Turisthytta ca. 1924.

Turisthytta var nok opprinneleg meint som overnattingsplass, men etter kvart vart det fleire som låg der fleire dagar. Mange av desse kom att år etter år, og vart etter kvart gode vener av familien.

Lars laga alle møbler og inventar i hytta og Liv vov og sydde alle gardiner, møbelstoff og det meste av sengetøyet.

bilete

Turisthytta i 1928.

Denne fyrste turisthytta brann ned til grunnen, under dramatiske tilhøve like før påske 1931.

Lars og tenestguten, Olav Østensen frå Nes var oppe med 2 hestar med proviant til påske og for å hente høy. Dei skulle ligge over i opphaldsrommet i kjellaren. Det var kaldt og dei sprengfyra i ovnen for å få varme i rommet. Dei hadde med seg gardshunden, ein skotsk fårehund. Utpå natta vakna dei ved at hunden gjøydde. Det var mykje røyk i rommet og det var så vidt dei fekk med seg kleda å berga seg ut. Då var huset i full fyr og dei fekk ikkje berga ut noko av innbuet. Det viste seg at det hadde brote ut sotbrann i pipa og at det var hol i pipa slik at det hadde teke fyr i taket over hemsen.

Dette var nok eit hardt slag for Liv og Lars, men dei byrja nok snart å planlegga bygging av ny turisthytte.

Hytta ved vatnet

Dei bestemte seg å byggja den nye hytta på ein ny plass nærare vatnet. Sjølv om det her ikkje var so fin tomt so var det lettare med all transport som sommarstid måtte takast med båt over vatnet.

Sommaren 1931 byrja arbeide med tomting og muring. Det vart brukt gråsteinsmur under heile hytta og uthuset og det vart laga kjellar med gråsteinmur under kjøkkenet.

Vinteren 31-32 vart det hogge tømmer til den nye hytta. Tømmeret vart køyrt fram til Ruesaga. Hytta skulle laftast av rundtømmer. Om våren vart det tømmeret som skulle nyttas til lafting sortert ut, og resten vart skore opp til anna byggemateriale.

So byrja arbeide med å tømre opp bygget. Det vart reist på sagtomta og det var mange mann i arbeide. I januar 1933 var råbygget ferdig.

No skulle alle byggematriale og alt inventar fraktas til fjells. Alt måtte fraktas med hest frå bygda. Det vart gjort kjend at det skulle stellas til dugnad. Alle som ville væra med å kjøyra 1 lass skulle bli beden på ein skikkeleg fest.

Sist i februar foregikk dugnaden. Det møtte fram 20 - 30 hestar og det meste av materialane vart køyrt fram på den måten. Og det vart ein skikkeleg fest.

No byrja dei straks å setja opp bygget på den ferdig mura tomta. Arbeide foregikk no heilt til den nye hytta var ferdig til innviing tidleg i juli 1933.

bilete

Turisthytta slik ho fyrst vart bygd. 1933.

I den nye hytta var det 24 gjestesenger. I 1. høgda var det sett få nord, kjøkkeninngang, kjøkken med spisskammers og 1 soverom mot vest, så spisesal med 2 soverom mot vest og så peisestue med inngang og 1 soverom mot vest.

I 2. høgda var det soverom og eit rom med dusj. I uthuset var det vedskåle, bryggerhus og 2 soverom for tenestefolk.

bilete

Turisthytta slik ho fyrst vart bygd. Frå nord. 1933.

Det viste seg nok snart at hytta vart for liten, og etter kvart byrja dei med ombygging og påbygging. Fyrst vart det bygd på ei stor stove mot syd og med soverom i 2. høgda.

bilete

Med nytt påbygg sørover. 1937 eller tidlegarere.

Mot nord vart kjøkkengangen riven. og det vart bygd inntil ca. 5 m. i heile breidda. I 1. høgda vart det plass til 1 stort soverom som Liv og Lars brukte, vidare eit spiskammers, rom for vaskeutstyr, lintøyskåp og trapp opp til 2. høgda. Her vart det 2 soverom og eit rom med plass til vedfyra varmtvasstank, badekar og handvask.

I 1939 vart det sydaust for hytta bygd eit stort anneks. Her var det i kjellarhøgda plass til eit soverom, rom for potet og grønsaker, rom for øl og vin, badstugu og eit stort vaskerom. I fyrste høgda var det soverom og i to store loftsrom var det og soveplassar.

bilete

Med nytt påbygg mot nord. Slik var turisthytta frå 1939 til 1959. Til venstre annekset bygd 1939.

Spiserommet vart for lite og det vart sett opp eit tilbygg mot vest. Soveromma ved sida av spisesalen og ein del av nybygget vart teke med i spisesalen, og ein del av dette nybygget vart inngang og ein veranda med store glas. Soverommet ved sida av inngangen vart teke i bruk til kontor. Spisskammerset og soverommet innafor kjøkkenet vart gjort om til annretning.

Det vart bygd ny skåle, med eit soverom i eine enden. Den gamle skålen vart gjort om til 3 små soverom med gang mellom.

I jordbakken opp for bryggerhuset i uthuset vart det grave ut ein jordkjellar som vart murt med gråstein og fylt over med jord og med dør inn til bryggerhuset. Det vart saga ut isblokkar nede på fjorden og frakta opp, og inn i denne jordkjellaren. Isen vart pakka ned i sagmask, slik at den held seg utan å tine til langt ut på sommaren. Isen vart brukt ved oppbevaring av mat. Dei hadde og ei ismaskin der ein kunne laga iskrem med ei blanding av is og salt til kjøling.

Utover fyrst i 50-åra var det lite byggevirksomheit, men so i 1959 vart uthuset med skåle riven og på den tomta vart det sett opp eit tømra loft, og det vart påbegynt utgraving av tomt for et nybygg mot syd. I 1960 vart bygget fullført slik det står i dag med stove og sanitæranlegg i kjelleren, stor peisestove og bar 1. høgda og soverom i 2. høgda.

Under heile uppbygginga, laga Lars det meste av alle nye møbler som skulle til, og Liv vov og sydde alle møbelstoff og gardinar, og mykje av sengetøyet. Bygging som er utført etter 1960 er ikkje tatt med her.

Drifta av turisthytta fra 1933 til 1960

Vatn

Det var ingen vasskjelder nær hytta. Den næraste var oppe i Nordmanslein 6 - 700 meter unna. Det var ulent med mykje grovstein og fjell, slik at det var uråd å få grave ned vassledning frostfritt. Ledningen vart grav ned like under torva, men dei hadde då ikkje innlagd vatn på vetteren. Det måtte kjøyrast frå fjorden med hest. Etter kvart som det vart meir folk, vart dette mykje arbeid. Det vart laga ein stor vasstank uppe på loftet. Vatnet vart bore inn i kjøkkengangen og tømt i ein stor treholk som var plassert her, Her var det og montert ei handpumpe, slik at vatnet vart pumpa opp i tanken på loftet og teke ut i ledningane derifrå. På denne måten vart det gjort fram til 1949

Frå 1948 då det vart mogelegheit for elektrisk straum, vart det grave ut og støypt eit stort høgdebasseng ovafor turisthytta. Vassledningen vart nedgraven frostfritt frå hytta og upp til dette. Herfrå vart vassledningen noko umlagt, med tinekabel ved sida og mogelegheit for tapping om vinteren. Det vart lagd strømkabel upp til høgdebassenget og ned til fjorden på andre sida. No vart vatnet sett på om vinteren. Dersom det fraus kunne ein nytta tinekabel, eller det var og mogelegheit for å pumpe vatn frå fjorden og opp i høgdebassenget.

Straum

I 1948 vart det kjøpt inn eit elektrisk aggregat med dieselmotor, og det vart installert elektrisk lys over alt. Aggregatet var ikkje i bruk heile døgeret. For det meste vart det starta upp før matlaginga til middag og stoppa ut på kvelden, til vanleg i 12-tida. Det vart framleis brukt ved til fyring og til det meste av matlaginga. I bland vart aggregatet i ustand og då måtte ein nytte gamlemåten. Martin Sørlie som var litt tå ein tusenkunstnar var god å ha til å reparere både motor og det elektriske.

I 1957-58 vart det lagt straum fram til turisthytta og dei gamle vedovnane vart utskifta, og det kom elektrisk utstyr av ymse slag.

Ved

Etter kvart som det vart større trafikk gikk det mykje ved. Sist på 40-talet og utover på 50-talet gjekk det med om lag 30 favnar kvart år. Det var berre to ovnar i spisesal og stove at ein kunne bruke lang ved, ellers var det småkløyvd og kort ved som kunne brukas til alle ovnar på soverom, til oppvarming av vatn og til matlaging. Strandavatnet skulde demmas upp 28 m og det var store areal med mykje ved som skulde setjas under vatn. Det var difor lett om å få kjøpe ved på rot. Det var for det meste om hausten at vedhogsten vart utført. Det var berre handreidskap på den tida so det vart mange dagsverk før det vart nok. Det vart hogd både i Strykneslie, Faugelilie, og Oddelie. Ein del av hogsten vart sett burt til folk som hogg og la upp som favneved. Olav Lerberg hogg ialt 90 favnar i lia frå turisthytta mot Lein. Det var svært grov og lang bjørk på desse areala ned mot vatnet.

Då turisthytta var open um vinteren skulle veden kjøyrast fram. Fram til 1948 vart dette gjort med hest. 1 hest og mann gikk i arbeide med ved- og vasskjøring i ca. 2 månader. Frå 1948 vart dette arbeide gjort med veasel.

Etter påske skulde veden kappast og kløyvast. Like etter krigen vart det teke i bruk vedkapp med bensinmotor. Før den tid var det saging for hand, og veden måtte kløyvas med øks.

Transport av folk og varer

På sommarstid var det berre med båt ein kunne frakte folk og varer fram til hytta. Det meste av varene vart køyrd med hest upp til Leinoset. Eirik Villand og Halvor Håkonsæt hadde kjøpt bil og dei tok på seg kjøyring slik at dei fleste av turistane nok nytta dette.

I 1936 kjøpte Hol Bilselskap den fyrste bussen, og det vart no fast rute 2 gonger om dagen frå Hol stasjon til Leinoset.

Før denne tid var det nytta vanleg robåt med påhengsmotor til fraktinga over vatnet, men no vart det kjøpt ein større båt slik at ein kunne frakte inntil 20 personar. Dersom det i tillegg var mykje varer, vart det hengd ein robåt etter.

I den store båten vart det sett inn ein gamal bilmotor, og dersom ein nytta motoren for fullt fekk den upp stor fart. Motoren brukte svært mykje bensin og under krigen vart det svært vanskeleg å få bensin. Det var noko lettare om parafin og det vart anskaffa båtmotor som gjekk på det. Det vart for lite parafin og, so dersom det var lite lass og unnavind vart det brukt årer.

Denne båten var i bruk fram til 1947. Då vart det kjøpt ei stor snekke. Denne var i bruk til etter at det var komme veg fram til turisthytta i 1958.

Fyrst på 50-talet var vegen på andre sida av vatnet bygd burt til ferieheimen til OLV, og då gjekk ruta hit og det vart noko kortare båttur. OLV bygde trallebane ned til vatnet til frakte varer opp og ned til båtplassen.

Det var heile tida fast hotellgut på hytta. Han hadde det meste tå båttransporten. So lenge det var kyr på stølen hadde han og ansvaret for å frakte mjølk og fløyte frå stølen. Det vart bore på ryggen og i hendene og det vart ofte tunge bører. Og so var det kjøtbæring.

Kjøtet som vart brukt på turisthytta var frå dyr som vart slakta på stølen og so frakta upp til næraste snøfonn der det vart grave ned. So vart det henta ned derifrå etter behov. Det vart ofte lang bæring sist på sommaren etter som dei næraste breane tina burt.

Etter at det vart bygd fryseri på Sunhov slapp ein dette arbeide.

Til frakting av varer upp frå vatnet vart det nytta streng og vinsj.

Båtplassen som var i bruk til vanleg låg rett nedafor turisthytta der elvoset var, men her var det svært grundt langt utover. Når fjorden var liten vart det liggande turt land langt utover, der elva snodde seg fram mellom sanddynene. Her var det for grundt for store båtlaster, og båtplassen vart flutt mot Lein omtrent ned for der båthuset ligg i dag.

Strengen vart lagt dit og det vart arbeid ein betre veg ned dit. Då den fyrste uppdemminga kom i 1941 vart båtplassen flutt tilbake til den gamle plassen og strengen flutt hit. Det vart kortare veg ned til båten.

Heilt fram til 1945 vart vegen brøyta berre fram til Håkonset om vinteren. Frå 1945 til 1948 vart det brøyta til Halfardokken og frå 1949 til Myrland.

Fram til 1947 vart all transport utført med hest. Det vart brukt 2 dagar på turen til Hovet. Det var bestandig 2 hestar på turisthytta Dei byttes på slik at ein hest var på turisthytta med ved - og vasskjøyring og ein på transport frå bygda. Under forkjøyringa før dei opna hytta vart det meste tå tunge varer frakta upp. Det vart nok likevel ofte tunge lass. Mjølk og fløyte tok dei med seg frå garden.

Turistane reiste for det meste til Finse med toget og gikk derfrå. Bagasjen deiras vart sendt til Hovet og måtte fraktas med hest. Dersom det var ungar eller folk som var dårleg til beins, måtte dei ha hesteskyss. Det var for det meste Sudndøler som påtok seg den fraktinga. Nokon låg over i Nygard, og vart skyssa derfrå dagen etter.

Denne fjellkjøyringa kunne væra trivelige dagar dersom det var godt vær og føre, men dersom det sette inn med uvær og dårleg føre, kunne det nok gå på livet laus.

Eit par døme på det:

Rognald Nygard hadde vore uppe med eit lass med turistar. Det vart seine kvelden og uvær. Han fekk tebåd om å overnatte der, men han meinte at han nok skulle finne vegen. Neste morgon lysna været slik at kunne kjenne seg att. Då var han kome heilt til Sveingardsbotn. Han hadde kjøyrt i ring utpå Strandaisen heile natta.

Ola Øvrevollseie hadde henta ein famelie på Halfardokken. Det var svært mildt slik at då han kom innover begynte hesten å gå gjenom vegskorpa. Ola var flink hestekar og smått om send kom dei seg framover. Men so vart været svært dårleg. Det tok til å regne å blåse og blautare og blautare vart det. Han viste at dersom dei kom ut på isen so ville det gå bra.

Et par hundre meter før dei kom ut på isen gikk hesten ned i ein bekk under snøen. Han prøvde fleire gonger å koma seg opp men så gav han seg over. Ola skjønte at han ikkje fekk hesten derfrå om kvelden så der sto dei. Det var ei fiskehytte som tilhøyrde N. Sveingard ikkje so langt derfrå, så dei kom seg dit å fekk brote seg inn. Ola la seg ikkje før han hadde teke med seg noko tå sengeklæda og var burte hjå hesten og pakka rundt han.

Det var eit ungt par og ein unge på 10-12 år han hadde med seg. Morgonen etter gikk mannen over skaret til Tronskar og vassa i issørpe over til Raggsteindalen. Der ga han beskjed, slik at eit par karar og den hesten som var på turisthytta reiste over og fekk dratt opp hesten til Ola.

I 1948 vart det kjøpt inn ein brukt veasel beltebil. No vart det mykje enklare med all transport. Det vart og kjopt inn ein varebil. Fyrste året var det brøyta veg berre til Halfardokken. Neste år var vegen i Sudndalen ferdig utbedra og vegen vart brøyta til Myrland. Transporten fram til turisthytta vart no mykje enklare, men det vart nok å gjera for beltebilen.

Dei aller fleste gjestene og bagasjen vart frakta heilt til døra. Om sundagane då det var mest omskifte av gjester kunne det bli opp til 5 turar til Myrland. Syknedagane var det oftast at det vart kjøyrt rute til bussen som korensponderte med dagtoget. Den som køyrde for turisthytta tok varebilen ned til bygda for å henta post og handla inn varer. So var det å møta upp på Myrland for å ta med folk og varer som kom med bussen. Den tida det vart brukt strømaggregat, gjekk det mykje diesel. Dette vart køyrd til Myrland og fyllt på fat, so dersom ein hadde lite lass vart det teke med 2-3 fat.

Nesten kvar morgo og kveld vart det henta 1-2 lass ved, som vart lagt upp i store lad ved skålen. So lenge det vart slege på stølen vart foret kjøyrd heim med beltebilen, og ein påtok seg kjøyring av for frå andre stølar, og det vart kjøyrd ved, folk og proviant fram til hytter langs vatnet.

Drifta

Som ein kan forstå var det mange vanskelegheiter, og det skulde ein stor arbeidsinnsats til for å få drifta av turisthytta til å fungere.

Liv og Lars Villand var svært dyktige til å drive turisthytta. Det var Lars som tok mot gjestene og snakka med dei og fortalte om stedet og og område rundt. Han stelte istand festlege samvær og fellesturar. Ein svært godt likt tur var då dei ein godværsdag tok motorbåten inn til Sveingardsbotn, og gjestene kunne gå opp gjennom Urevassbotn til Geiteryggen og attende til Raggsteindalen.

Lars hadde ein stor lidenskap og det var fisking. Han hadde ute net frå dei kom opp der om våren og til dei reiste heim om hausten. Då det var bra fiske kunne det bli både ein og to fiskemeddager på veka. Om hausten la han ned rakafisk, som han selde til faste avtakara inn mot jul. Ellers hadde han alt kontorarbeid og vedlikehaldsarbeid tå ymse slag.

Liv var usedvanleg dyktig til å laga mat. Dei fyrste åra var det ho som laga all maten og stedet vart vide kjend for sin gode mat. Etter kvart som stedet vart bygd ut for fleire gjester vart det leig inn ei kokke til hjelp.

Før det kom mogelegheit til å frysa ned matvarer, skulle det nok god planlegging til for at maten ikkje skulde ta skade og bli øydelagt. Det trongst og mange jenter til servering, istandsejing av rom og til vask av hus, sengeklede, dukar og andre ting. Det var vanlegvis 5 til 6 jenter til dette arbeide, og det var Liv som hadde oppsynet med at arbeide vart gjort på beste måte.

Sjølv om dette var eit tungt arbeide, var det tydeleg at dei fleste av jentene treivst, for mange av dei kom att år etter år.

Liv lika svært godt å plukka bær og molter. Utover på haustkanten tok ho med seg nokon av jentene og tok lange turar for å plukka molter, blåbær og tyttebær.

Lars og Liv hadde ei svært strevsamt liv, men dei hadde nok eit arbeid dei trivdest godt med, og dei fekk ha sitt arbeid i fjellet. Det var her dei trivdest og her fekk dei vera mykje av året i heile sitt arbeidliv.

Den beste anerkjennels for arbeide sitt var nok at so mange av gjestene kom att år etter år, og mange av dei vart svært gode vener tå famelien.


Sist oppdatert: 2003-03-30
Per Villand