Buføringa


Tolleiv L. Villand skreiv «Buføringji» som ei dialektprøve kring 1852, og sende til Ivar Aasen. Magne Myhren har skrive om dette i «Dølaminne» for 1995. Under er stykket omsett til nynorsk.


No har me godt vêr. Der er likt til at me får ta tidleg til med å pløye. Åtte dagar uti mai, då er det tidleg. Eg plar pløye fjorten dagar, og då leiger eg med ein plogkar. Eg grev sjøl, men det er så steinete åker hjå meg; eg må ha med ein kar attpå i to dagar. Dersom eg har to hestar, så brukar eg ein om gongen.

Då eg ikkje vel har opp-pløygd, så kjem grova. Då må eg til å turke og mala det eg har av korn.

Når eg ikkje har gjort det vel av, så skal me på heimstølen med krøtera. Eg har då laga til ei kve i ein utkant på jordet. Så har eg ei jente som gjeter, eller det er ein gut. Har eg då vaksen tenestejente, så går ho bort kveld og morgon og tek ned og tvær kjørela, og mjølkar. Har eg då ikkje vaksen jente, så må kjerringa gjera det sjølv. Og medan ho gjer det, så passar eg borna sjølv. Eg gifta meg alt for seint. No er dei små, og me må leige for alt me skal ha gjort, det me ikkje er god for å gjera sjølve.

Der imellom passar ho seg heime, og snuggar seg reie til ho skal på langstølen. Ho tvær reint alt me har og bryggjar meg godt øl og har bakstedeier. Ho er ikkje noko roleg troll; ho vil at alt skal vera reint.

*

Men no er det jonsok. No må me til fjellet. Og så lagar me til bufarskløven; der i var det salt, mjøl, brød, smør, ost, suvl, prim, nokre lefser på kløvteina, og ein rummegraut. Og så legg me på kjørel der det går. Så la me kløven på Borken, og dei reiste, guten og jenta.

Då det leid nokre dagar, så reiste me etter. Då sat det ein i kvar teine av dei minste borna, og den største sat opp imellom. Men det er helst så leitt nord i gjennom liene; det er so mykje kvist på bjørkene, som slutar over vegen. Dei kan rive borna forderva. Eg må jamnt leie Borken, og stundom må eg bøye kvistane ifrå. Kjerringa, ho rir etter på Blakken. Når eg då kjem til åene, så var eg og held i kløven. Så har eg sett til å koma vel fram. Men den dagen blir eg så trøytt, fordi eg har dei små å køyre.

Så er eg i fjellet nokre dagar til me har hogd veden og køyrd den på stølen. Så reiser me heim att, guten og jenta og eg sjølv.

*

Så tek me til å laga oss til onna, brenne kol, ha smed til å gjera ljå, og somme dagar er me i skogen. Der så det, så kjem hundedagane inn. Så tek me til å slå. Eg slår ikkje sjølv, eg har arbeid nok. Eg steller reiskapen, og høyar og køyrer fôr. Husmennene mine slår nokre teigar, og nokre teigar har eg kjøpt bort. Og guten slår då noko, så får eg onna fram.

Når eg då har mykje såter, så reiser eg til fjellet og vil ha hesten heim til å køyre for meg. Når eg då kjem på stølen, så møter meg ute på vollen vesleguten og den største jenta. Så seier dei det: «Kjem du no far? No har søyene våre kome med så snille lam, og purka har kome med grisungar. Det er så moro med dei. Nei, uksen, det er ein artig kar som står i budøra medan ho mor mjølkar og seier «bøø»». Eg tenkjer då: «Ve min Gud er god som lèt alt trivast så vel». Og då er eg så vel fornøgd, så dei store er aldri nokosinne betre fornøgd.

Eg kjem då inn, så ser eg det at kjerringa er glad. Ho ser at eg er tyrst, og gjev meg søt mjølk å drikke. Så lagar ho til mat, fersk fisk og smør og brød; du veit eg har fiskevatn tett ved stølen. Så er eg ein dag over der, så reiser eg heim att med ei kløv. Så ser eg til med onna. Eg har sagt før kva eg gjer om sommaren.

*

Når det lir til åtte dagar før bufarshelga, då må eg til å køyre kløver. Då heldt eg på med det til eg har fått heim all maten. Åtte dagar før krossmess (14. september) kjem me bufarande frå fjellet. Då følgjer bu-krøtera kløven. Eg har sagt før korleis eg reiser til fjellet. På same måten reiser eg heim att, og på same måten er då stellet om hausten på stølen som om våren. Og heime er me reie for å få snugga til husa til mikkelsmess (29. september). Då plar me få sleppe heimpå.

«I år går det an. Me har hatt så godt vêr,» sa eg til kjerringa mi. «Ja, det har vore alt eitt,» sa ho; «eg har høyrt at presten vil koma hit». Eg stod på golvet og tenkte litt. Dermed song eg dette verset som eg med det same gjorde sjølv:

Eg er så glad og lett i sinn,
at eg er i den stand,
eg kan beda til meg inn,
om det så er ein snill prestemann,
lensmannen han kjem stundom her,
åleine for å høyre om me lever vel,
futen er stundom på eksekusjon,
kjem ikkje her om /takæn så er mykje tom;/(?)
skrivaren, han har sagt meg før:
«eg deg besøke vil,
du har det godt som få.»
Eg svarar:«Vær så god,
du skal åleine få av
bondekost og mat.»
Med alle desse ville eg ikkje
bytte bort vår stand.

Då lo ho og svara: «Eg skal stelle for dei som best eg kan. Dei er snille, dei tar til takke som dei får det. No må du gå, sjå borna stirrer så på deg.» Eg gjekk ut, og då hugsa eg at ho vart frigodsleg (?) av det eg hadde sagt.


Sist oppdatert: 2001-03-21
Per Villand