Stolphus


bilete

Stolphuset, Villandstugu og Hallingstugu rundt 1900 (Villandsstugu flytta 1909). (Foto: O.A. Strand — Ål Bygdearkiv)

Det kan vere at det var Ola Olsen nedre Høgnerud («Froken») som tømra opp dette stolphuset.

«Froken» var tømrar, og bygde oppatt husa på Hognerud etter ein brann der. Han bygde elles låven, fjøset og ei stugu på Grøt og «mange er dei hus kring på gardane i Hovet som han bygde.»Hol IV

«Froken» var født i 1832, og stolphuset må vel då vere bygd etter 1850. Kanskje Tolleiv og Kari sette det opp då dei selde garden til sonen Elling i 1956, for å leve av det store kåret dei tinga seg. Det er mindre truleg at Elling, som var ungkar og dessutan tynga av gjeld, sette det opp. Det er uvisst om det stod eit stolphus på staden før dette kom opp.


Sist oppdatert: 2000-10-14
Per Villand