Stølsfjøs II


bilete

Det nye fjøset ca. 1928. Den gamle stølsbua til høgre

bilete

Fjøset ca. 1970. Den gamle stølsbua til høgre (sjå også bilete under Stølsbu)

Det var båser til 22 kyr i fjøset (etter påbygginga 33), og kalverom. Grisene hadde dei i eit lite hus rett nedafor fjøset, der vegen går no (det var laga til tak over nokre gamle murar der).PLV

Lars og Liv Villand brukte fjøset til rett etter krigen. Då leigde fyrst Kristi og Herman Tufte stølen eitt år eller to. Frå 1947 til 1951 leigde Nils Kleivstøl stølen. Han hadde geiter, og hadde også med Villand-kyrne. Pål Villand brukte stølen 1952-1956, og hadde då opp til 150 leigegeiter. Så leigde Margit Lerberg i 1957 og 1958, med eigne kyr og leigekyr, og til slutt Kari og Henrik Mørk i 1960 og 1961 (frå 1962 leigde dei vestre Raggsteindalen der dei bygde ny støl ved Nordrestølen). Etter 1961 har ikkje huset vore nytta som fjøs.PLV

Fjøset står enno (2000) som i 1970, men det har vorte brunbeisa.


Sist oppdatert: 2000-10-12
Per Villand