Turisthytte I


bilete

Turisthytta ca. 1924.

bilete

Turisthytta ca. 1924. (Foto: Lars K. Bry)

bilete

Turisthytta i 1928.

I februar eller mars 1931 var Lars Villand og gardsguten (Olav Østensen frå Nes) til Raggsteindalen for å hente fôr. Dei hadde med seg hunden på Villand, ein skotsk fårehund som heitte Kant. Dei skulle overnatte i kjellaren på turisthytta. Denne vart nytta til stølsstyr om sommaren, men dei hadde også innreidd eit rom med omn der dei kunne overnatte ved slike høve. Utpå natta vakna dei av at Kant gøydde. Hytta var då i full brann, og det var berre såvidt karane fekk redda seg ut. Lars ringde frå Sudndalen dagen etter og fortalde at hytta hadde brunne ned.PLV

Anna Stølen har skrive om då ho arbeidde på denne turisthytta, truleg omlag 1925-1930. Her er eit utrag frå boka hennar.
Sist oppdatert: 2000-11-20
Per Villand